vestfrisisk

Frisiske språkområder vist i blått. Det tradisjonelle Frisland i grønt.
Frisiske språk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Artikkelstart

Nordfrisisk er eit av dei tre frisiske språka, som høyrer til i den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Vestfrisisk blir truleg talt som førstespråk av om lag 700 000 menneske.

Faktaboks

ISO-639:3
fri

Vestfrisisk blir truleg talt som førstespråk av om lag 400 000 i det nederlandske fylket Fryslân (Friesland), resten andre stader i Nederland og elles i verda. Fryslân hadde 643 000 innbyggjarar i 2005, og av desse forstod 94 prosent talt vestfrisisk, 74 prosent kunne snakke det, 65 prosent kunne lese det, og 17 prosent kunne skrive det. Det er andrespråket til om lag 120 000 menneske i Fryslân.

Vestfrisisk er offisielt språk i Nederland i tillegg til nederlandsk. I 1937 blei frisisk innført som valfritt fag i dei to øvste klassane i grunnskulen. Det blei eit obligatorisk fag i grunnskulen i 1980 og i ungdomsskulen og vidaregåande skule i 1993.

Frisarane sjølve kallar språket sitt frysk 'frisisk', og «vestfrisisk» er eit uttrykk språkforskarane bruker for å skilje dette frisiske språket frå dei andre frisiske språka (sjå under «Språkfamilie»). Friesland heiter Fryslân på vestfrisisk. Ein person som høyrer til den etniske gruppa, er ein Fries.

Språkfamilie

Vestfrisisk er eit av dei tre frisiske språka. Dei andre to er austfrisisk (som berre har overlevd i varianten saterfrisisk) og nordfrisisk.

Dei frisiske språka er ei undergruppe av vestgermansk, som saman med nordgermansk (nordisk) og austgermansk (utdøydd) utgjer den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.

Språkhistorie

Året 1550 blir tradisjonelt sett opp som det språkhistoriske skiljet mellom gamalfrisisk og nyfrisisk. Dei eldste frisiske tekstane skriv seg frå 1000-talet. I mellomalderen blei frisisk talt langs heile nordsjøkysten frå byen Brugge i det noverande Belgia til Nord-Friesland (vestfrisisk Noard-Fryslân) i Schleswig-Holstein (vestfrisisk Sleeswyk-Holstein), og det var mykje nytta som skriftspråk.

Nyfrisisk er delt i tre innbyrdes uforståelege språk (vestfrisisk, austfrisisk og nordfrisisk), som blir talte over eit mykje mindre område: Fryslân i Nederland, Saterland og Nord-Friesland i Tyskland.

Vestfrisisk fekk si noverande skriftlege form, standertfrysk 'standardfrisisk', i 1879, med nokre forenklingar i 1945. Det er relativt små dialektskilnader i vestfrisisk.

Språksystem

Her er to setningar som viser korleis vestfrisisk ser ut, jamførte med nederlandsk og norsk:

Vestfrisisk
Nederlandsk
Norsk
Ik haw in nij boek.
Ik heb een nieuw boek.
Eg har ei ny bok.
De boat leit yn it skiphûs.
De boot ligt in het schiphuis.
Båten ligg i naustet.

De og it er bundne artiklar. It blir brukt i inkjekjønn, medan de blir brukt i hankjønn og hokjønn eintal og ved alle substantiv i fleirtal – jamfør it bern 'barnet', de bern 'borna'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg