Bahuvrihi er i grammatikken ein type samansetning som viser til nokon eller noko ved å nemne ein typisk eigenskap, som når vi kallar ein person for eit bustehovud fordi vedkomande har eit hovud med bustete hår.

Faktaboks

Uttale
bahuvrˈihi
Etymologi
sanskrit बहुव्रीहि bahuvrīhi ‘(som har) mykje ris’

Fleire døme:

  1. gråbein – ulv, som har grå bein.
  2. bleikansikt – person med bleikt ansikt og lys hud.
  3. gullstrupe – person med «gullstrupe» eller vakker songstemme.
  4. raudstrupe – fugl med raud strupe, Erithacus rubecula
  5. raudveng – fugl med raud veng, Turdus iliacus, ein liten trostefugl
  6. klåfinger – person som er klåfingra.
  7. Langbein – namn på person med lange bein eller føter.
  8. bustehovud – person med bustete hår.
  9. fehovud – person med hovud som eit fe, det vil seie ein tåpeleg person.
  10. løgnhals – person med ein hals full av løgn, det vil seie person som er fæl til å ljuge.
  11. krokrygg – person med krokete rygg.
  12. raudstrømpe – kvinnesakskvinne. Eigentleg person med raude strømper.
  13. skitstøvel – dårleg, ekkel person. Eigentleg person med støvlar fulle av skit.

Semantisk analyse

Etterleddet bahuvrihisamansetningar er oftast eit substantiv som viser til ein del av noko, medan forleddet oftast er eit adjektiv eller eit substantiv som fortel om ein typisk eigenskap ved denne delen. Delen er som regel ein kroppsdel – bein, ansikt, strupe, finger og så bortetter. Det finst også eksempel der ein viser til eit klesplagg – strømpe, støvel.

Eit språkleg uttrykk som viser til noko ved å nemne ein typisk del av det eller noko som er nært knytt til det, blir kalla eit metonym.

Det er ikkje berre samansetningar som blir nytta metonymisk. Også usamansette ord og lengre uttrykk blir nytta på denne måten, som når ein seier grått hår og spaserstokkar og meiner eldre folk.

Opphavet til uttrykket

Uttrykket bahuvrihi kjem frå sanskrit, der det heiter बहुव्रीहि bahuvrīhi. Bokstavleg tyder det 'mykje ris', men det blir nytta om ein rik person, det vil seie ein person som har det særkjennet at ho/han har mykje ris – i det gamle India.

I tradisjonell sanskritgrammatikk, med røter tilbake til det 5. hundreåret fvt., finst det ein detaljert terminologi for ulike typar samansetningar; jamfør mellom anna dvandva og tatpurusja.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg