Faktaboks

Jean Calvin
opphavleg Jean Cauvin Ioannes Calvinus (latin), Johannes Calvin (tysk), John Calvin (engelsk)
Uttale
kalvˈin
Fødd
10. juli 1509, Noyon, Picardie, Frankrike
Død
27. mai 1564, Genève, Sveits
Jean Calvin. Portrett frå 1500-talet (måleri)
Jean Calvin. Portrett frå 1500-talet (måleri)
Av .
Lisens: CC BY 2.0
Jean Calvin

Jean Calvin, moglegvis måla av Hans Holbein den yngre, cirka 1550.

Av .

Jean Calvin var ein fransk teolog og reformator. Han var saman med den sveitsiske teologen Ulrich Zwingli grunnleggjaren av den reformerte kyrkja, ei av dei tre store kyrkjene som vaks fram som eit resultat av reformasjonen på 1500-talet (sjå også kalvinisme). Calvin blir rekna som ein av dei tre store reformatorane, ved sida av Martin Luther og Zwingli. Calvin levde og verka mange år i Genève i Sveits og var påverka av Luther og den tyske reformasjonen.

Calvin var fødd i Noyon. Han studerte litteratur og jus i Paris, Orléans og Bourges, og han var sterkt påverka av humanismen. I det humanistiske miljøet blei han kjend med tankane til Martin Luther og gjekk over til reformasjonen i 1534. På grunn av dei religiøse meiningane sine måtte han rømme frå Frankrike, og han slo seg først ned i Basel i Sveits, der han skreiv det dogmatiske hovudverket sitt, Institutio religionis christianae (Undervisning i den kristne religionen), i 1536. Seinare omarbeidde og utvida han verket fleire gonger.

Calvin som reformator

I Genève var reformasjonen nyleg innført, og på ei gjennomreise blei Calvin overtalt av leiaren for reformasjonen i byen, Guillaume Farel, til å busetje seg der. Då Calvin og Farel gjorde framlegg om at alle innbyggjarane skulle slutte seg til reformasjonen og ville innføre kyrkjetukt, møtte dei så stor motstand at Calvin måtte forlate byen i 1538. Han slo seg ned i Strasbourg som prest for franske flyktningar. Etter ei tid blei han beden om å kome tilbake til Genève, og han blei buande der frå 1541.

Under Calvins leiing blei Genève eit sentrum for den sveitsiske reformasjonen. Etter forhandlingar med byrådet blei det innført ei kyrkjeordning som bygde på Det nye testamentet og med streng kyrkjetukt og overvaking av kyrkjemedlemmane. Etter kvart fekk tilhengjarane til Calvin fleirtal i byrådet. Saman med prestane og dei «eldste» såg byrådet til at innbyggjarane heldt dei ti boda. Det strenge religiøse regimet førte til at somme som ikkje ville innordne seg, måtte reise frå byen. Avrettingar skjedde òg. Calvin utarbeidde ei gudstenesteordning og gav ut ei katekisme som skulle nyttast i undervisninga. Han forbetra gymnaset og skipa eit universitet i byen i 1559.

Calvins teologi

Det strenge moralske synet til Calvin og kalvinismen hadde samanheng med sentrale drag i Calvins teologi. Han la sterk vekt på Gud som majestet, ein Gud som kravde absolutt lydnad frå menneska. Bibelen var ei lov gitt av Gud, og oppgåva for menneska var å lære denne lova å kjenne og rette seg etter henne. Eit særmerke ved Calvins teologiske tenking var også predestinasjonslæra, det vil seie at Gud frå æva har bestemt menneska til anten frelse eller fortaping (dobbel predestinasjon). I nattverdsynet avviste Calvin tanken om at Kristus var fysisk til stades i brød og vin. Nattverdelementa var i staden symbol på Kristi lekam og blod. Nattverden blei primært oppfatta som eit minnemåltid.

Calvins teologi fekk innverknad over heile Europa. Dei fleste av dei reformerte kyrkjeordningane er prega av læra hans. Calvin hadde eit omfattande forfattarskap, både på fransk og på latin. Han skreiv kommentarar til og preiker over store delar av Bibelen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Cottret, B. (2000): Calvin : a biography
  • McGrath, A. E. (1990): A life of John Calvin : a study in the shaping of Western culture
  • McNeill, J. T. (1954): The history and character of Calvinism
  • Parker, T.H.L. (1995): Calvin : an introduction to his thought
  • McKim, D. (2001): Introducing the Reformed Faith. Biblical Revelation, Christian Tradition, Contemporary Significance
  • McKim, D., red. (2004): The Cambridge companion to John Calvin

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg