Martin Luther
Evangelisk-lutherske kyrkjer byggjer på kristendomssynet til Martin Luther.
Martin Luther
Av .

Evangelisk-luthersk er eit namn på kyrkjesamfunn som hevdar same kristendomssyn som Martin Luther. Blant desse er Den norske kyrkja.

Martin Luther og reformasjonen

Martin Luther spelte ei avgjerande rolle i den religiøse omveltinga på 1500-talet som blir kalla reformasjonen. Som resultat av reformasjonen oppstod det fleire nye kyrkjesamfunn, der dei evangelisk-lutherske kyrkjene utgjorde ei grein.

Evangelisk-luthersk viser til Luthers tolking av evangeliet, der Gud bøyer seg ned til mennesket og gir det frelsegåva, som mennesket tek imot med tillit og tru. Nemninga kom i stand som ei avgrensing overfor katolsk teologi, men også overfor den radikale greina av reformasjonen som etter kvart avgrensa seg frå Luther.

Den norske kyrkja

Den norske kyrkja forstår seg sjølv som ei evangelisk-luthersk kyrkje. I norsk samanheng går nemninga tilbake til Grunnlova av 1814, der § 2 slo fast at «Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion». Etter grunnlovsendringane i 2012 står dette i § 16 i Grunnlova: «Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten.»

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg