Calvin heldt fast ved Bibelens autoritet som Guds ord, og dette gjeld også i kyrkjesamfunn innan den kalvinske retninga. Dette har ført til at Det gamle testamentet har ei anna og sterkare stilling blant kalvinistane enn blant lutheranarane. Mellom anna held kalvinistane fast på biletforbodet som det andre av dei ti boda (Andre Mosebok kapittel 20, vers 4–6). Eit reformert eller kalvinistisk kyrkjerom inneheld difor heller ikkje biletlege framstillingar av Gud. Ein lærer også at den gammaltestamentlege morallova framleis gjeld for dei kristne. Også samfunnslivet skal innrettast etter bibelske retningslinjer. Bibelen blir rekna som forpliktande norm for korleis kyrkja er organisert (kyrkjeforfatning). Måten Calvin organiserte den reformerte kyrkja i Genève på, blir også brukt som mønster.
I synet på nattverden var det usemje mellom Luther og Calvin om korleis ein skulle forstå Kristi nærvær. Luther hevda at Kristus reelt er til stades i og med brødet og vinen (realpresens), medan Calvin peika på at sidan Kristus etter oppstoda (oppstandelsen) er i himmelen, kan han berre vere åndeleg til stades i nattverden. Dette blei vidareført innanfor kalvinismen, som har hevda at Kristus er åndeleg nærverande i nattverdselementa. Dette betyr at nattverden for kalvinistane blir ei meir symbolsk handling enn i lutherdommen.
Calvin understreka Guds ære og at den kristne gjennom gode gjerningar skulle bidra til å auke Guds ære. Det å vere lydig mot Guds vilje og lov representerer eit viktig grunnlag for kalvinismen.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.