Rundt år 1800 finst det sporadiske døme på bruk av namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, til dømes Sverre og Odin, men sjølve gjennombrotet for desse namna kom i 1860–åra. Mange av dei fekk ein sterk auke frå 1870-åra, og i namnekurver kan vi observere overgangen frå ei forholdsvis flat namnekurve i fyrste halvdel av 1800-talet til ei bratt kurve frå 1870-åra.
Diagrammet for Gudrun og Sverre viser ei typisk popularitetsutvikling for namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen. Mange av desse namna nådde – som Gudrun og Sverre – toppen tidleg på 1900-talet, og i åra 1908–1910 låg Gudrun som nr. 2 på ranglista for jentenamna. Deretter fekk både Sverre og Gudrun ein nedtur inntil kurva byrja å flate ut frå midten av 1900-talet. Nokre namn, som Gudrun, vart nesten utraderte, mens andre, som Sverre, fekk fornya popularitet frå slutten av 1900-talet.
Namna som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, kan kallast nordiske renessansenamn – og med ein kortare term renessansenamn. Døme på slike renessansenamn er kvinnenamna Alfhild, Alvilde, Astrid, Bergljot, Borghild, Brynhild, Dagny, Ellida, Gerda, Gudrun, Gyda, Hildur, Hjørdis, Inga, Nanna, Ragnhild, Signe, Svanhild, Åsta og mannsnamna Aksel, Erling, Fridtjof, Halfdan, Harald, Helge, Hjalmar, Håkon, Kyrre, Odin, Olaf, Ottar, Ragnar, Ragnvald, Reidar, Sigurd, Snorre, Sverre, Trygve, Øystein, Øyvind.
Kongenamn frå sagatida var naturleg nok populære i Noreg under den nordiske namnerenessansen, og i «Ja, vi elsker» (trykt i 1859) nemner Bjørnson desse kongenamna i det andre verset: Harald, Håkon, Øyvind, Olav og Sverre.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.