Signe

Artikkelstart

Signe er eit kvinnenamn som kjem av norrønt Sig-ný. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘siger’ og etterleddet ‘ny’.

Namnet har fleire variantar: Signe, Signi, Signy, Sygni.

Namnedag er 23. august. Signy har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Signe

Kulturell bruk

  • Signe er ei heltinne i Saxos tragiske kjærleikshistorie om Hagbard og Signe. Dette stoffet ligg også til grunn for tragedien «Hagbard og Signe» (1815) av Adam Oehlenschläger. Også den norske folkevisa «Bendik og Årolilja» tek opp dette emnet.
  • Signe i «Det store spelet» (1934) og i «Kvinnor ropar heim» (1935) av Tarjei Vesaas.

Kjende personar med namnet Signe

Eit utval personar med namnet Signe, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 14900 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Signe som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg