Aksel er eit mannsnamn som er ei dansk omforming av det bibelske Absalon som tyder ‘fredens far’. I norsk og dansk er både Aksel og Axel brukt, mens Axel er så å seie einerådande i svensk. Dei få som har stavemåten Aksel i Sverige, har norsk eller dansk bakgrunn.Namnet har fleire variantar: Aksel, Axel.Namnedag er 30. oktober. Ove har også namnedag denne dagen.Kjende personar med namnet AkselEit utval personar med namnet Aksel, og som er omtalt i Store norske leksikon:Aksel Johan Andersen Gresvig (1876–1958)Aksel Johannessen (1880–1922)Aksel Agerby (1889–1942)Aksel Larsen (1897–1972)Aksel Zachariassen (1898–1987)Aksel Sandemose (1899–1965)Aksel Schiøtz (1906–1975)Tor-Aksel Busch (1950)Aksel Hagen (1953)Aksel-Otto Bull (1963)Aksel Hennie (1975)Aksel Lund Svindal (1982)Namnestatistikk I 2022 var det 5 929 menn i Noreg som hadde Aksel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 264 gutar som fekk namnet Aksel, og det var blant dei 20 mest populære gutenamna dette året.Utvikling i bruk av namnetNamnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Aksel og Axel slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Aksel og Axel er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen. Det var nordisk nasjonalromantisk dikting som gjorde namnet kjent, til dømes gjennom verk av Adam Oehlenschläger. Aksel og Axel fekk eit tidlegare oppsving (1840-åra) enn dei fleste andre namna som høyrer til namnerenessansen.Geografisk variasjon på 1800-taletAksel var mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Axel.)Les meir i Store norske leksikonmannsnamnførenamn, mellomnamn, etternamnpersonnamnOm namneartiklane på snl.noLitteraturAlhaug, Gulbrand 2018: [Axel] i Sverige – [Axel/Aksel] i Noreg. Om bruken av [x] og [ks] i svensk og norsk. I: Leila Mattfolk & Kristina Neumüller (red.): [Katharina och namnen: Vänskrift till Katharina Leibring på 60-årsdagen den 20 januari 2018]. Uppsala.