Ivar er eit mannsnamn som kjem av det norrøne Ívarr. Namnet er omdiskutert. Det kan vere ein variant av Ingvar, men det kan også tolkast som Iv-ar der forleddet tyder ‘barlind’ (jamfør norrønt ýr) og etterleddet ‘krigar; spyd’.

Namnet har fleire variantar: Ivar, Iver.

Namnedag er 31. januar. Idun har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Ivar

Eit utval personar med namnet Ivar, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 068 menn i Noreg som hadde Ivar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Ivar var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 40 gutar som fekk namnet Ivar.

Utvikling i bruk av namnet

Ivar og Iver er interessante variantar fordi dei representerer to ulike popularitetskurver for nordiske namn. Forma Ivar har godt samsvar med den norrøne forma, og som mange andre nordiske namn med godt norrønt samsvar hadde Ivar toppfasen sin i 1920-åra. Forma Iver, som har vore brukt på Austlandet, vart utvikla etter norrøn tid, og denne forma var mest brukt tidleg på 1800-talet. Deretter gjekk Iver nedover til eit botnnivå frå tidleg på 1900-talet til slutten av det hundreåret inntil namnet fekk eit oppsving på 2000-talet.

Utvikling i bruk av namnet Ivar frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Ivar frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ivar på 1800-talet.

Ivar var mest brukt i Hordaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ivar på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ivar var mest brukt i Hordaland.

Historisk bruk av namnet Ivar
Historisk bruk av namnet Ivar
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 2019: Når namn byggjer nasjon. [Norsk Tidend 3].[/li][li]
  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg