Valborg

Valborg er eit kvinnenamn som kjem av gammalhøgtysk Wal-burg der forleddet tyder ‘velde, makt’ og etterleddet ‘berging’.

Namnet kom med innvandrarar frå Tyskland på 1300-talet. Forleddet Val- i norrøne namn har ei anna tyding: ‘falne i slag’.

Namnet har fleire variantar: Valborg, Walborg.

Namnedag er 1. mai. Filip har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Valborg

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Valborg

Eit utval personar med namnet Valborg, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 3100 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Valborg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alver, Brynjulf 1981: [Dag og merke. Folkeleg tidsrekning og merkedagstradisjon]. 2. utg. Oslo–Bergen–Tromsø.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg