Sverre er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Sverrir. Det var opphavleg eit tilnamn med tydinga ‘villstyring; urokråke’. Namnet er laga til eit verb som svarer til det nynorske verbet sverre som tyder ‘svinge (rundt)’.

Sverre kom i bruk att i 1817.

Namnedag er 9. mars. Sindre har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Sverre

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Sverre

Eit utval personar med namnet Sverre, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 582 menn i Noreg som hadde Sverre som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Sverre var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 132 gutar som fekk namnet Sverre, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Sverre høyrer til dei namna som inngår i den nordiske namnerenessansen. Før namnet vart tatt i bruk att i 1817, hadde det legi i dvale sidan mellomalderen. Kong Sverre Sigurdsson (omtrent 1150–1202) har inspirert til fleire litterære verk på 1800-talet, til dømes «Kong Sverres Ungdom» (1837) av Andreas Munch og «Kong Sverre» (1856) av Bjørnstjerne Bjørnson. Namnet har ein kurveprofil som er vanleg for renessansenamna – med eit oppsving i 1870-åra og topp 1910–14. I motsetning til dei fleste renessansenamna fekk Sverre eit nytt oppsving frå slutten av 1900-talet.

Utvikling i bruk av namnet Sverre frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Sverre frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sverre på 1800-talet.

Sverre var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Sverre fyrst innpass i byen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sverre på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Sverre var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Sværre.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Sverre fyrst innpass i byen.

Historisk bruk av namnet Sverre
Historisk bruk av namnet Sverre
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg