Iver er eit mannsnamn. Det er ein variant av Ivar som har er omdiskutert opphav. Det kan vere ein variant av Ingvar, men det kan også tolkast som Iv-ar der forleddet tyder ‘barlind’ (jamfør norrønt ýr) og etterleddet ‘krigar; spyd’.

Iver var vanleg form i folketeljinga av 1801. Ivar Aasen var døypt Iver, men endra det i 1846 til Ivar. Det kunne vere nærliggande å sjå på Iver som ei typisk dansk form, men utviklinga -ar til -er i trykksvak stilling har vi også i austlandsk talemål, til dømes Ivar til Iver. I Danmark er Iver og Ivar brukt omtrent like mykje.

Namnet har fleire variantar: Ivar, Iver.

Kjende personar med namnet Iver

Eit utval personar med namnet Iver, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 704 menn i Noreg som hadde Iver som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 155 gutar som fekk namnet Iver, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Ivar og Iver er interessante variantar fordi dei representerer to ulike popularitetskurver for nordiske namn. Forma Ivar har godt samsvar med den norrøne forma, og som mange andre nordiske namn med godt norrønt samsvar hadde Ivar toppfasen sin i 1920-åra. Forma Iver, som har vore brukt på Austlandet, vart utvikla etter norrøn tid, og denne forma var mest brukt tidleg på 1800-talet. Deretter gjekk Iver nedover til eit botnnivå frå tidleg på 1900-talet til slutten av det hundreåret inntil namnet fekk eit oppsving på 2000-talet.

Utvikling i bruk av namnet Iver frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Iver frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Iver på 1800-talet.

Iver var mest brukt i Oppland og Møre og Romsdal.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Iver på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Iver var mest brukt i Oppland og Møre og Romsdal. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Iwer.)

Historisk bruk av namnet Iver
Historisk bruk av namnet Iver
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 2019: Når namn byggjer nasjon. [Norsk Tidend 3].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg