algonkinske språk

Dei brune områda viser utbreiinga til dei algonkinske språka, med unnatak av wiyot og yurok i California, som i lag med dei algonkinske språka utgjer den algiske språkfamilien.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Algonkinske språk er ei språkgruppe som er utbreidd over store delar av Canada og USA, frå Atlanterhavet til Rocky Mountains og mot sør til Ohio. Dei algonkinske språka har den største utbreiinga av alle urfolk-språkfamiliar i Nord-Amerika.

Faktaboks

Uttale

algon'kinsk

Etymologi

av algonkin, også stava algonquin, ein dialekt av ojibwe

Dei algonkinske språka utgjer den algiske språkfamilien i lag med to språk i California, wiyot og yurok.

Undergrupper av algonkinsk

Den algonkinske språgruppa har ti hovudgreiner, som vist i denne lista, der det i hakeparentesar, det vil seie […], er opplyst kva kanadiske provins eller amerikanske eller meksikanske delstat talarane bur i, der alternative namn er oppgjevne i vanlege parentesar, det vil seie (…), og der utdøydde språk er merkte med ein kross () og døyande språk med ein hake ():

  1. blackfoot (siksiká) [Alberta, Montana]
  2. cheyenne [Wyoming]
  3. arapaho-gruppa
    • arapaho [Wyoming, Oklahoma]
    • atsina [Montana]
  4. menomini (omǣqnomenēweqnæsewen) [Wisconsin]
  5. ojibwe-potawatomi(-ottawa) [Michigan, Ontario, Quebec]
  6. fox, eit språk med desse dialektane:
    • fox [Iowa, Oklahoma, Kansas]
    • sauk [Iowa, Oklahoma, Kansas]
    • kikapú [Kansas, Oklahoma, Texas, Coahuila]
    • mascouten†
  7. shawnee [Oklahoma]
  8. miami-illinois [Oklahoma]
  9. cree-montagnais(-naskapi) [frå Alberta til Labrador]
  10. austalgonkinsk [langs atlanterhavskysten frå den kanadiske provinsen Nova Scotia i nord til den amerikanske delstaten Sør-Carolinai sør], med desse 14 språka:
    • mi'kmaq [Nova Scotia, New Brunswick, Quebec, Newfoundland]
    • abenaki-(penobscot) [Quebec, Maine], med dei døyande aust-abenaki [Quebec] og vest-abenaki [New England]
    • narragansett
    • powhatan (kikitowämak)
    • delaware (lenape (lënapei èlixsuwakàn), munsee (monsii èlixsuwakàn) [Oklahoma]
    • massachusett (muhsachuweesee, natick, wôpanâak)
    • malicite(-passamaquoddy) (wǝlastǝkwewiyik) [Maine, New Brunswick]
    • nanticoke-conoy
    • etchemin [Maine]
    • loup B[New England]
    • mohegan-pequot
    • quiripi
    • mahican (mã’eekaneeweexthowãakan)
    • Carolina-algonkinsk (pamlico)

Språk 1–9 utgjer inga gruppe – jamfør artikkelen «The west-to-east cline in Algonquian dialectology» av Ives Goddard (sjå litteraturlista).

Klassifikasjonen byggjer primært på American Indian Languages av Lyle Campbell, med litt ekstra informasjon frå The Languages of Native North America av Marianne Mithun (sjå litteturlista).

Mohikanarane

Mohikanarane, som den amerikanske forfattaren James Fenimore Cooper (1789–1851) skreiv om i boka The last of the Mohicans: A narrative of 1757 (1826, norsk bokmål Den siste mohikaner), blir rekna som ei samanblanding av dei to austalgonkinske folkegruppene mohegan og mahican. Hovudpersonen i boka, høvdingen Chingachgook, var dessutan verken den siste mohegan eller den siste mahican. Folkegruppene finst framleis, og sidan 2010-talet har begge gruppene sett i gang ei revitalisering av språket sitt.

Grammatikk

Sjølv om det er store skilnader på dei algonkinske språka, er det ein del særeigne grammatiske forhold som går igjen i alle saman. Dette er nærmare beskrive nedanfor, med eksempel frå cree (nēhiyawēwin).

Substantiv

Substantivet har to genus: animat og inanimat. Det typiske animate substantivet viser til noko levande, medan det typiske inanimate substantivet viser til noko som ikkje er levande. Skiljet mellom dei to genusa har først og fremst følgjer for verbet.

Tabellen under viser nokre eksempel på substantiv i kvart genus. Det finst nokre substantiv som viser til ikkje-levande ting i det animate genuset og levande ting i det inanimate genuset – jamfør dei to siste eksempla i kvar kolonne.

Animat Tyding Inanimat Tyding
mōswa 'elg' mohkomān 'kniv'
sikāk 'skunk' masinahikan 'bok'
sisip 'and' sīpiy 'elv'
nāpēw 'mann' maskisin 'sko'
iskwēw 'kvinne' mīnis 'bær'
ospwākan 'pipe' miskisik 'auge'
asiniy 'stein' wāpakwaniy 'blome'

Animate og inanimate substantiv har forskjellig bøying. Dei animate blir bøygde i kategoriane obviasjon og tal (numerus), mens dei inanimate berre blir bøygde i tal, her illustrert med det animate substantivet nāpēw 'mann' og det inanimate mīnis 'bær':

Obviasjon Tal nāpēw Tal mīnis
proksimat eintal nāpēw eintal mīnis
proksimat fleirtal nāpēwak fleirtal mīnisa
obviativ nāpēwa

Proksimate former er i framgrunnen i forteljinga, medan dei obviative er i bakgrunnen. Samanlikne desse to setningane, med verbet pakamahw- 'slå' og dei animate substantiva nāpēw 'mann' og iskwēw 'kvinne':

  1. ni-pakamahw-āw nāpēw 'eg slår mannen'
  2. pakamahw-ēw iskwēw nāpēw-a 'kvinna slår mannen'

I setning 1 er det berre eitt setningsledd i 3. person, nemleg nāpēw 'mann', som då har proksimat form. Når det er to setningsledd i 3. person, som i setning 2, må eitt av dei ha obviativ form.

Substantiv kan ha ei diminutivform og ei augmentativform:

Diminutiv Tyding Augmentativ Tyding
sīpīsis 'lita elv, bekk' misisīpiy 'stor elv'
sisipisis 'lita and' misimōswa 'stor elg'
nāpēsis 'gut (liten mann)' misōspwākan 'stor pipe'
ascocinis 'liten hatt' misisikāk 'stor skunk'

Augmentativforma misisīpiy 'stor elv' er opphavet til elvenamnet Mississippi.

Til eit substantiv kan ein leggje possessivaffiks som uttrykk for eigaren eller eigarane. Her er eit eksempel med det inanimate substantivet maskisin 'sko'; bindestrekar som ikkje er ein del av rettskrivinga, er sette inn for å lette analysen:

Person Eintal Tyding Fleirtal Tyding
1 ni-maskisin 'skoen min' ni-maskisin-inān 'skoen vår'
1+2 ki-maskisin-inaw 'skoen vår'
2 ki-maskisin 'skoen din' ki-maskisin-iwāw 'skoen dykkar'
3 proksimat o-maskisin 'skoen hennar/hans' o-maskisin-iwāw 'skoen deira'
3 obviativ o-maskisin-iyiw 'skoen hennar/hans' o-maskisin-iyiw 'skoen deira'

Skiljet mellom ni-maskisin-inān og ki-maskisin-inaw, som begge er omsette til norsk med 'skoen vår', er at den første er 1. person fleirtal eksklusiv og den andre 1. person fleirtal inklusiv. Den eksklusive forma ekskluderer 2. person (1. person + 3. person), medan den inklusive forma inkluderer 2. person (1. person + 2. person + eventuelt 3. person).

Substantiv som viser til mellom anna kroppsdelar og slektningar, må alltid ha possessivaffiks. Slike substantiv blir kalla avhengige, i motsetnad til uavhengige, som ikkje treng ha possessivaffiks. Døme på eit avhengig substantiv er ordet for 'tann', som har formene nipit 'tanna mi', kipit 'tanna di', wīpit 'tanna hennar / hans / dess' (proksimat) og wīpitiyiw 'tanna hennar / hans / dess' (obviativ)

Substantiv har òg ei lokativ-form. Lokativ av sākahikan 'innsjø' er sākahikanihk, som tyder 'i/på/ved/til innsjøen'.

Verb

To svært viktige skilje ved det algonkinsk verbet er det mellom intransitiv og transitiv og mellom animat og inanimat, og på det grunnlaget blir verba delte i fire hovudgrupper med sine eigne særdrag:

  1. animat, intransitiv: subjektet er animat
  2. inanimat, intransitiv: subjektet er inanimat
  3. animat, transitiv: objektet er animat
  4. inanimat, transitiv: objektet er inanimat

Det som på norsk heiter Eg et, kan heite tre forskjellige ting på cree: nimīcison, nimīcin og nimōwāw:

  1. animat, intransitiv: nimīcison 'eg et'
  2. animat, transitiv: nimīcin kinosēw 'eg et fisk'
  3. inanimat, transitiv: nimōwāw wiyās 'eg et kjøt'

Skilnaden på setning 2 og 3 er at kinosēw 'fisk' er animat, medan wiyās 'kjøt' er inanimat. Inanimate intransitive verb uttrykkjer mellom anna vêr, vekedag og årstid:

  1. wāsēskwan 'det er solskin'
  2. kisināw 'det er kaldt'
  3. kimiwan 'det regner
  4. pipon 'det er vinter'
  5. sīkwan 'det er vår'
  6. nisto-kīsikāw 'det er onsdag'

Alle verb bortsett frå dei inanimate, intransitive har person/tal-suffiks som liknar possessiv-affiksa på substantiva. Her er eit døme på eit animat, intransitivt verb, nēhiyawē- 'snakke cree'; av plassomsyn er snakkar forkorta til s.:

Person Eintal Tyding Fleirtal Tyding
1 ni-nēhiyawā-n 'eg s. cree' ni-nēhiyawā-nān 'vi s. cree'
1+2 ki-nēhiyawā-naw 'vi s. cree'
2 ki-nēhiyawā-n 'du s. cree' ki-nēhiyawā-nāwāw 'de s. cree'
3 proksimat nēhiyawē-w 'ho/han s. cree' nēhiyawē-wak 'dei s. cree'
3 obviativ nēhiyawē-yiwa 'ho/han s. cree' nēhiyawē-yiwa 'dei s. cree'

Transitive verb har affiks for både subjekt og objekt. I motsetnad til mange andre språk, til dømes bantuspråka, har ikkje posisjonen eller rekkjefølgja på affiksa noko å seie for kva som er subjekt, eller kva som er objekt. Her er to døme:

  1. ki-wāpam-in 'du ser meg'
  2. ki-wāpam-it-in 'eg ser deg'

Prefikset ki- fortel at subjektet eller objektet er 2. person eintal, medan suffikset -in fortel at subjektet eller objektet er 1. person eintal. Det som skil dei to verbformene frå kvarandre, er suffikset -it, som blir kalla eit invers-suffiks. Ei verbform utan invers-suffiks blir kalla direkte, og ei verbform med invers-suffiks blir kalla invers. Invers og direkte er bøyingstrekka i kategorien retning. I direkte verbformer må tolkinga av kva som er subjekt og objekt, avgjerast ut ifrå dette skjemaet, ved at det som ligg lengst til venstre, er subjekt:

  • Direkte: 2. person ⇨ 1. person ⇨ 3. person proksimativ ⇨ 3. person obviativ

Når verbet har eit invers-suffiks, blir rekkjefølgja snudd om, slik at det som ligg lengst til høgre, er subjekt:

  • Invers: 2. person ⇦ 1. person ⇦ 3. person proksimativ ⇦ 3. person obviativ

Proksimat viser til nokon eller noko som står meir sentralt i forteljinga enn obviativ. Sjå først på denne norske setninga. I avsnittet substantiv blei desse to setningane brukte for å forklare bruken av proksimat og obviativ:

  1. ni-pakamahw-āw nāpēw 'eg slår mannen'
  2. pakamahw-ēw iskwēw nāpēw-a 'kvinna slår mannen'

Begge setningane har eit direkte verb, med direkte-suffiksa -āw og -ēw, som då fortel at 1. person er subjekt og 3. person proksimat er objekt i setning 1, og at 3. person proksimat er subjekt og 3. person obviativ er objekt i setning 2. Dersom direkte-suffiksa -āw og -ēw blir bytte ut med invers-suffikset -ik, får vi desse setningane:

  1. ni-pakamahw-ik nāpēw 'mannen slår meg'
  2. pakamahw-ik iskwēw nāpēw-a 'mannen slår kvinna'

Lånord frå algonkinske språk

Engelsk har lånt mange ord frå nordamerikanske urfolkspråk, ikkje minst frå dei algonkinske, som tradisjonelt har blitt snakka langs ein stor del av den nordamerikanske atlanterhavskysten. Sentralt står powhatan, språket til dei som opphavleg budde i det området der Jamestown, den første permanente engelske kolonien i Amerika, blei oppretta i 1607. Powhatan var eigentleg namnet på kongen til dette folket, det vil seie far til Pocahontas.

Nokre algonkinske ord har òg blitt lånte i norsk, som desse:

  • hickory 'nordamerikansk tre av slekta Carya i valnøttfamilien', frå engelsk hickory, som er ei forkorting av pokahickory, som er lånt frå powhatan pawcohiccora
  • karibu 'stor nordamerikansk skogsrein, Rangifer tarandus caribou', gjennom engelsk og kanadisk fransk caribou frå mi'kmaq qalipu
  • mokasin 'tradisjonell nordamerikansk urfolksko av mjukt skinn utan hæl', gjennom engelsk moccasin frå powhatan makasin, av uralgonkinsk *maxkeseni – jamfør mellom anna cree maskisin og ojibwe makizin
  • opossum 'virginiapungrotte, Didelphis virginiana', gjennom engelsk opossum frå powhatan aposoum 'kvitt dyr', av uralgonkinsk *wa:p-aʔθemwa 'kvit hund'
  • pemmikan 'hermetisk næringsmiddel av feitt og hakka kjøt', gjennom engelsk pemmican frå cree pimīhkān 'pemmikan'
  • skunk 'nordamerikansk stinkdyr', gjennom engelsk skunk frå eit sørleg austalgonkinsk språk, etymologisk i slekt med vest-abenaki segôgw 'skunk', bokstavleg 'han som pissar', av uralgonkinsk *šeka:kwa. Same ordet som miami eller potawatomi shikaakwa 'skunk; vill lauk', som blei lånt til fransk som bynamnet Chécagou, betre kjend i den engelske forma Chicago
  • skvåsj, squash 'samnemning på ymse slag (små) graskar', frå engelsk squash, ei forkorting av narragansett askutasquash 'eten rå'
  • tomahawk 'stridsøks brukt av nordamerikanske urfolk', gjennom engelsk tomahawk, truleg frå powhatan tumahák / tamahaac
  • wigwam 'kuppelforma (sjeldnare konisk) urfolkhytte i den nordaustlege delen av USA og rundt dei store sjøane', gjennom engelsk wigwam frå aust-abenaki wigwôm 'hus', av uralgonkinsk *wi:kiwa:hmi 'hus' – jamfør ojibwe wiigiwaam 'wigwam, hytte'

Ord frå powhatan er inkonsekvent skrivne. Språket døydde ut på 1780–1790-talet og er mellom anna kjent frå A dictionary of Powhatan, ei ordbok med rundt 1000 powhatan-ord som den engelske forfattaren William Stratchey (1572–1621) tok med i The Historie of Travaile Into Virginia Britannia (1624).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bloomfield, Leonard. Algonquian. S. 85–129 i Harry Hoijer (red.). Linguistic structures of Native America. New York: Viking Fund Publications 1946.
  • Campbell, Lyle. American Indian Languages. Oxford: Oxford University Press 1997.
  • Ellis, C. Douglas. Spoken Cree I–III. Edmonton: The University of Alberta Press 2000–2016.
  • Goddard, Ives. The west-to-east cline in Algonquian dialectology. S. 187–211 i Actes du vingt-cinquième congrès des algonquinistes. Édité par William Cowan. Ottawa: Carleton University 1994.
  • Mithun, Marianne. The languages of Native North America. Cambridge: Cambridge University Press 1999.
  • Okimāsis, Jean. Cree: Language of the Plains. nēhiyawēwin: paskwāwi-pīkiskwēwin. Regina: University of Regina 2004.
  • Picard, Marc. Principles and methods in historical phonology. From Proto-Algonkian to Arapaho. Montreal & Kingston / London / Buffalo: McGill-Queen's University Press 1994.
  • Wolfart, H. Christoph. Plains Cree: A grammatical study. Philadelphia: The American Philological Society 1973.
  • Wolfart, H. Christoph, and Janet F. Carroll. Meet Cree. A guide to the language. 2nd ed. Lincoln and London: University of Nebraska Press.

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg