kreolspråk

Teksten tyder ‘Køyr sakte. Det er ungar som leikar her.’ Direkte omsetjing: “Lyft foten din [frå gasspedalen]. Finst små menneske som leikar her.”
Skilt på guadeloupisk kreol av . CC BY SA 3.0

Kreolspråk, kreolsk, språk som har ei forhistorie som pidginspråk. Det finst særskilt mange kreolspråk i Karibia med tilgrensande område, Vest-Afrika og Melanesia. Kreolspråka blir ofte klassifiserte etter kva anna språk ordtilfanget kjem frå, slik at vi mellom anna skil mellom engelsk-baserte, fransk-baserte og portugisisk-baserte kreolspråk. Omgrepet kreolspråk kjem frå kreol.

Faktaboks

Uttale
kreˈolspråk

Dei fleste kreolspråka har ei regelrett og enkel formlære og uttrykkjer grammatiske relasjonar meir ved eigne ord enn ved bøyingsformer. Lydsystemet er òg oftast relativt enkelt. Men di lenger eit kreolspråk har eksistert, di større sjanse er det for at det ikkje har slike drag, og eit språk kan ikkje utan vidare identifiserast som eit kreolspråk om vi ikkje kjenner den historiske bakgrunnen til språket. Mange kreolspråk har utvikla seg frå pidginspråk med eit ordtilfang av germansk eller romansk opphav, fordi desse pidginspråka har oppstått i område som har vore koloniserte av europeiske statar.

Teiknspråkskreol

Mellom kreolspråka i verda finn vi ikkje berre talespråk. Truleg er dei fleste teiknspråka som døve nyttar kreolspråk. Nicaraguansk teiknspråk er eit velkjent døme. Etter den sandinistiske revolusjonen i 1979 blei det for første gong oppretta eigne skular for døve. Då døve først møttest i desse skulane, hadde dei ikkje noko felles språk, men dei utvikla eit teiknspråkspidgin, som gjennom fleire generasjonar med elevar stadig blei meir utbygt. Etter nokre generasjonar med elevar hadde det blitt eit fullt utvikla språk som blei førstespråket til elevane.

Døme på kreolspråkstruktur

Haitisk kreol

Her er ei setning på haitisk (ayisyen), det franskbaserte kreolspråket som er offisielt språk i Haiti attåt fransk:

M’a vini si m’ gen tan. ‘Eg kjem dersom eg har tid.’

M’ a vini si m’ gen tan
eg FRAMTID kome dersom eg ha tid

Verba, her vini ‘kome’ og gen ‘ha’, er ubøyelege. Framtid (futurum) blir uttrykt med partikkelen a, som står mellom subjektet (m’ ‘eg’) og verbet. Orda kjem i hovudsak frå fransk, og ein kjenner att fransk venir ‘kome’, si ‘dersom’ og temps ‘tid’ i høvesvis vini, si og tan. Framtidsmarkøren a kjem av fransk va ‘går’, ei verbform som uttrykkjer framtid. Språket har ei lydrett rettskriving, og tan blir uttala [tã], akkurat som fransk temps.

Tok pisin

Eit skilt på tok pisin. Det var i vanleg bruk på 1980-talet i Papua Ny-Guinea. Teksten tyder: ‘Arbeid på vegen. Bilar må stoppe dersom du ser eit raudt merke.’ av . Wikipedia

Tok pisin er eit engelskbasert kreolspråk i Papua Ny-Guinea. Her er ei setning på dette språket:

Sapós mi péim, yu gívim kópi long mi. ‘Dersom eg betalar, gjev du meg kaffi.’

Sapós mi péim yu gívim kópi long mi
dersom eg betale du gje kaffi til eg

Alle orda i denne setninga kjem frå engelsk, og ein kan gje att setninga med dei engelske orda slik: “Suppose me pay-him, you give-him coffee along me.” Heller ikkje i dette språket blir verbet bøygt, men det har ei ending -im dersom det tek eit objekt. Jamfør rait og ráitim i dei to setningane nedanfor. Begge tyder ‘skrive’, men det eine står utan objekt og det andre står med:

Mi sáve rait. ‘Eg kan skrive.’

Mi sáve ráitim pas. ‘Eg kan skrive brev.’

Rettskrivinga er lydrett, slik at rait blir uttala [rait], om lag som det tilsvarande engelske write. Akutt-aksenten (´) viser kva staving som er trykktung i eit fleirstavingsord.

Kreolspråk og pidginspråk

Det er som nemnt historia til eit språk som er grunnlaget for å karakterisere det som eit kreolspråk, ved at det har utvikla seg frå eit pidginspråk. Eit kreolspråk er førstespråket (morsmålet) til ei gruppe menneske, medan eit pidginspråk typisk blir tala av menneske med andre førstespråk.

Utan å vere førstespråket til nokon kan eit pidginspråk gradvis – gjennom nokre generasjonar – bli til eit velutvikla språk med ein stabil struktur. Overgangen frå pidginspråk til kreolspråk kan òg skje i fleire steg ved at talet på førstespråkstalarar aukar gradvis, slik tilfellet til dømes er med tok pisin i Papua Ny-Guinea.

Overgangen frå pidgin- til kreolspråk

Den amerikanske språkforskaren Derek Bickerton (fødd 1926) har presentert sin eigen hypotese om overgangen frå pidgin- til kreolspråk: bioprogram-hypotesen (the language bioprogram hypothesis). Hypotesen går ut på at denne overgangen – kalla kreolisering – skjer når born veks opp i eit samfunn der eit rudimentært pidginspråk er hovudspråket. Borna byggjer ut pidginspråket til eit fullstendig språk ved å leggje til materiale frå ei postulert medfødd språkevne, også kalla universalgrammatikk. Bickerton meiner kreolspråk over heile verda har mange felles strukturelle drag, og desse draga meiner han stør bioprogram-hypotesen: desse draga kjem frå den medfødde språkevna.

Bickerton byggjer i stor grad framstillinga si på eit nærmare studium av hawaiisk kreol. Han meiner dette kreolspråket oppstod på éin generasjon, i det born av importerte plantasjearbeidarar lærde seg det variable og rudimentære engelskbaserte pidginspråket som ein foreldregenerasjon med varierande språkbakgrunn nytta seg imellom.

Bioprogramhypotesen har blitt kritisert, mellom anna av ein annan amerikansk pidgin- og kreolforskar, Jeff Siegel. Ifølgje Siegel blei ikkje hawaiisk kreol skapt på éin generasjon. Borna som voks opp med pidginspråket til foreldra, lærde seg òg førstespråket til foreldra, mellom anna japansk, koreansk og spansk, slik at dei blei tospråklege. Utbygginga av pidginspråket skjedde med materiale frå desse andre språka. Dei skapte eit utbygt pidginspråk medan det ikkje var førstespråket deira. Dette utbygde pidginspråket blei så førstespråket til neste generasjon. Siegel argumenterer for at ein ikkje treng å postulere noka medfødd språkevne for å forklare korleis dette og andre kreolspråk har oppstått. Når Bickerton påstår at kreolspråk over heile verda har mange sams strukturelle drag som han forklarar med den medfødde språkevna, peikar Siegel på at kreolspråk varierer ein god del strukturelt, og at jamvel hawaiisk kreol avvik på fleire punkt frå dei strukturane ein skulle vente på grunnlag av bioprogramhypotesen.

Døme på kreolspråk

Her følgjer ei liste over nokre kreolspråk. Mange kreolspråk har namn som skulle tilseie at dei er pidginspråk – eit klart teikn på historia deira.

Karibia

  • haitisk (ayisyen). Fransk-basert. Det er offisielt språk i Haiti ved sida av fransk.
  • saramakkansk. Eit engelsk- og portugisisk-basert kreolspråk i Surinam.
  • sranan tongo. Eit engelskbasert kreolspråk i Surinam.
  • papiamento. Eit portugisisk-basert kreolspråk på ABC-øyane (Aruba, Bonaire og Curaçao) i Dei små Antillane. Det er offisielt språk på Aruba og Curaçao.
  • guadeloupisk kreol (kréyòl Gwadloupéyen). Eit fransk-basert kreolspråk som er offisielt språk i Guadeloupe.
  • Sainte Lucia-kreol. Eit fransk-basert kreolspråk på øya Sainte Lucia i den sørlege delen av Windward Islands.

Australia og Oseania

  • tok pisin. Eit engelskbasert kreolspråk som er offisielt språk i Papua Ny-Guinea.
  • Torressund-kreol. Eit engelsk-basert kreolspråk på øyar i Torressundet (Torres Strait), det nordaustlege Australia og det sørvestlege Papua Ny-Guinea.
  • hawaiisk kreol. Eit engelsk-basert kreolspråk på Hawaii.

Afrika

  • kamerunsk kreol (kamerunsk pidgin-engelsk, kamtok). Eit engelskbasert kreolspråk i det sørlege Kamerun.
  • nigeriansk pidgin-engelsk. Eit engelskbasert kreolspråk over store delar av Nigeria.
  • krio (Sierra Leone-kreol). Eit engelskbasert kreolspråk i Sierra Leone.
  • sango. Eit ngbandi-basert kreolspråk i Den sentralafrikanske republikken.
  • afrikaans. Eit nederlandsk-basert kreolspråk som er offisielt språk i Sør-Afrika og regionalspråk i Namibia.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg