ablativ (grammatikk)

Artikkelstart

Ablativ er i grammatikken ein kasus som tyder 'frå', som når vi på norsk seier «Ho reiste frå Tromsø til Harstad».

Faktaboks

Uttale
ˈablativ
Etymologi
av latin ‘føre bort’

Ablativ fungerer som fråstadskasus mellom anna i baskisk, der det har suffikset -tik:

  • Bilbotik Donostiara doa 'Ho/han skal reise (doa) frå Bilbo (Bilbo-tik) til Donostia (Donostia-ra)'

Latin har ein kasus med namnet ablativ, som uttrykkjer 'frå' i uttrykk som dette:

  • domō 'frå heimen, heimanfrå'
  • Carthagine 'frå Kartago (Carthago)'

Men 'frå (ein stad)' er berre éi av mange tydingar denne latinske kasusen har. Andre tydingar er 'med' (instrument), 'på (ein stad)' og 'enn' (ved samanlikning).

Ablativ finst i fleire uralske språk, mellom anna i dei austersjøfinske språka (mellom anna finsk, kvensk, estisk) og ungarsk, med tydinga 'frå overflata av'.

Ablativ i finsk

I finsk er ablativ – 'frå overflata av' – eit ytre fråstadskasus, som blir uttrykt med suffikset -lta / -ltä, og står i motsetnad til to andre ytre kasus allativ (ytre tilstadskasus, 'til overflata av') og adessiv (ytre påstadskasus, 'på overflatsa av') – her illustrerte med substantivet lattia 'golv':

  • Allativ: Kirja putosi lattialle 'Boka (kirja) datt (putosi) på golvet (lattialle)'
  • Adessiv:Matto on lattialla 'Matta (matto) er (on) på golvet (lattialla)'
  • Ablativ: Otatko maton lattialta?'Tek du (otatko) matta (maton) frå golvet (lattialta)?'

Dei tre ytre kasusa står i motsetnad til tre indre kasus, illativ (indre tilstadskasus), inessiv (indre påstadskasus) og elativ (indre fråstadskasus), som i desse eksempla, der talo tyder 'hus':

  • Illativ: taloon 'inn i huset'
  • Inessiv: talossa 'i huset'
  • Elativ: talosta 'ut av huset'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg