Vik

Faktaboks

Landareal
795 km²
Innbyggertall
2560 (2022)
Administrasjonssenter
Vikøyri
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggernavn
vikja (kvinne), vikje (mann)
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4639 (frå 01.01.2020, tidlegare 1417)
Høyeste fjell
Fresvikbreen (1642 moh.)

Kommunevåpen

Kart
Av /Store norske leksikon ※.
Vik

Vik. I utkanten av tettstaden Viksøyri ligg Hopperstad, med Hopperstad stavkyrkje frå 1100-talet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Vik
Av /KF-arkiv ※.
Fridtjovstatuen

Fridtjovstatuen på Vangsnes i Vik. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Plassering

.
Lisens: Begrenset gjenbruk
Hove kyrkje

Hove kyrkje

Hove kyrkje
Av /Arfo forlag.
Hopperstad stavkyrkje

Hopperstad stavkyrkje

Hopperstad stavkyrkje
Av /Arfo forlag.

Vik er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen ligg i Sogn og grensar i vest til Høyanger og Modalen, i sør til Voss og Vaksdal, i sør og søraust til Aurland, i aust til Lærdal og i nord til Sogndal.

I 1964 fekk kommunen overført Vangsnes sokn frå Balestrand og gav samstundes frå seg Kvamsøy sokn på nordsida av Sognefjorden. Dermed fekk kommunen nordgrense i Sognefjorden. I 1992 blei Feios og Fresvik overført til Vik frå Leikanger. Dette gav kommunen austgrense i Aurlandsfjorden.

Natur

Vik har høge fjell og djupe fjordar. Sognefjorden er 1200 meter djup ved Vik, og fjella ragar godt over 1000 meter over havet. Mot sør går to korte og tronge fjordar, Finnafjorden og Arnafjorden.

Berggrunnen består av gneis vest for Arnafjorden og austover langs Sognefjorden som tilhøyrer Gneisregionen. Aust for Arnafjorden er gneisen dekt av kambrosilurisk glimmerskifer, og lenger søraust ligg det over glimmerskiferen ulike overskyvde, harde bergartar. Desse skyvedekka er dei høgastliggjande i kommunen, med Fresvikbreen som høgaste punkt 1648 meter over havet.

Lengst vest i kommunen ligg delar av Stølsheimen landskapsvernområde. I søraust ligg delar av Nærøyfjorden landskapsvernområde, som i 2005 blei oppført på UNESCOs verdsarvliste.

Busetjing

Busetjinga er tettast rundt Vikøyri, som er det administrative senteret og den einaste tettstaden i kommunen, med 1245 innbyggjarar (2019). Elles er det spreidd busetjing der det ikkje er for bratt langs fjorden, og i dalane sørover frå Vikøyri. Sidan 1970-åra har folketalet vist tilbakegang, i tiårsperioden 1996–2006 med 7,3 prosent, mot 4,6 prosent i Sogn samla sett. Det er forventa nedgang i folketalet også framover mot 2050.

Næringsliv

Vik har ein variert industri der jern- og metallvareindustri er ein dominerande bransje, og med Vik Ørsta AS som hjørnesteinsbedrift. Andre viktige bransjar er produksjon av maskiner og utstyr med mellom anna Fresvik Produkt AS og møbel- og trevareindustri med mellom anna Linn Bad AS. Næringsmiddelindustrien er representert ved Tine Meieriet Vik, som er det einaste meieriet i landet som produserer gamalost.

Jordbruket er prega av storfe- og sauehald. Det meste av jordbruksareala finst nedst i dalføra som fører ned til Vikøyri, og dessutan på Vangsnes og stadvis elles langs fjordane. Gardane driv mjølkeproduksjon eller har sauer, nokre få gardar har geiter. Det blir dyrka mykje frukt på Vangsnes og i Fresvik. Heile kommunen har svært mykje bringebær.

Vik er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 922 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er fem kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 66 meter. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Refsdal kraftverk og Hove kraftverk. Det meste av den krafta som kan utnyttast, som først og fremst finst i Viksvassdraget, er utbygd.

Samferdsel

Den indre stamvegen på Vestlandet, riksveg 13, går frå Voss over fjellet til Vik og Vangsnes. Herfrå er det ferjesamband til Hella og Dragsvik på nordsida av Sognefjorden. Fylkesveg 5602 går vidare frå Vangsnes austover til Fresvik via Feios. Vestover langs fjorden frå Vikøyri til Arnafjord går fylkesveg 5600. I fjellet er det bygd ein del anleggsvegar i samband med kraftutbygging. Om sommaren er det snøggbåtsamband til Bergen.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Det einaste fengselet i tidlegare Sogn og Fjordane ligg i Vik. Fengselet har nybygg frå 2008 og 2009, medan den eldste bygningen er frå 1865 og er freda.

Vik høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sogn regionråd saman med Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Årdal.

Vik kommune svarer til dei fem sokna Arnafjord, Feios, Fresvik, Vangsnes og Vik i Sogn prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Vik til Sogn fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Vik

For statistiske føremål er Vik kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 15 grunnkrinsar: Vangsnes, Seim, Viksøyri, Strendene, Hove, Seljedalen, Ovrisdalen, Bødalen, Framfjord, Arnafjord, Finden, Feidje, Tjønn, Fresvik øvre og Fresvik nedre.

Historikk og kultur

Vik er rikt på gravhaugar frå førkristen tid. I utkanten av tettstaden ligg kyrkjene Hove og Hopperstad. Hove er ei steinkyrkje i romansk stil frå 1150-talet, og Hopperstad er ei stavkyrkje frå 1130. Fridtjovstatuen på Vangsnes blei reist av keisar Vilhelm 2 i 1913 til minne om sagahelten Fridtjov Torsteinsson. Kristianhus båtmotormuseum ligg på Vikøyri. Vik har ein del turisttrafikk.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet blei godkjent i 1991 og har tre skråstilte gullfarga lauvknivar på grøn bakgrunn. Dette symboliserer ressursutnytting.

Namn

Namnet kjem av norrønt *vík, ‘vik eller fjordbukt', som også er brukt om innbuktningar i terrenget på land.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Balvoll, Gudmund: Gards- og ættesoge for Vik i Sogn, 2002-, 4 bind.
  • Hoprekstad, Olav: Bygdabok for Vik i Sogn, 1951–58, 3 bind i 4.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg