Feios.

Feios.

Feios er ei bygd og eit sokn i Indre Sogn, Vik kommune i Vestland fylke, på sørsida av Sognefjorden.

Faktaboks

Etymologi
‘fiskegjerde’ og óss, ‘elveos’
Også kjend som
Rinde

Soknet, som òg blir kalla Rinde, hadde 240 innbyggjarar i 2001. Feios kyrkje er ei langkyrkje i tømmer, som vart bygd i 1866 etter at ei stavkyrkje frå mellomalderen vart riven. Soknet har store skogareal.

Riksveg 602 går frå Feios til ferjestaden Vangsnes på riksveg 13. Feiostunnelen er 772 meter lang. Feios kraftverk har årsproduksjon på 100 gigawattimar (GWh).

Namn

Namnet kjem av norrønt Feðjóss, Feð, eit utdøydd elvenamn, og siktar truleg til 'fiskegjerde', og óss, 'elveos'.

Kart

Feios
Feios
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg