Faktaboks

Marit Vogt-Svendsen
Fødd
11. mars 1949
Marit Vogt-Svendsen, 2022
Marit Vogt-Svendsen, 2022
Av /OsloMet.

Marit Vogt-Svendsen er ein pioner i norsk teiknspråksforsking. Ho er sjølv tospråklig og har vakse opp med både norsk teiknspråk og norsk talespråk. Vogt-Svendsen var den første i Noreg som argumenterte for at norsk teiknspråk er eit sjølvstendig språksystem på linje med andre språksystem og at alle teiknspråk er eigne språk som skil seg sterkt frå det språk som blir brukt når døve kommuniserer med høyrande.

Ho har òg vore ein sterk pådrivar for å få norsk teiknspråk offisielt akseptert som eit fullverdig språk.

Bakgrunn

Vogt-Svendsen er sjølv høyrande, men voks opp på det som da heitte «Hjemmet for Døve» på Nordstrand i Oslo (seinare Signo Conrad Svendsen senter), der både faren og farfaren arbeidde som døveprestar. Conrad Svendsen, som etablerte «Hjemmet for døve», var oldefaren hennar.

I heimen sin fekk ho såleis tidleg kjennskap til norsk teiknspråk, som på den tida gjerne blei kalla døvespråk. Ho blei ven med dei døve elevane og lærte tidleg å kommunisere med dei på teiknspråk. Slik har ho utvikla ein naturleg tospråkskompetanse.

Utdanning og arbeid

Vogt-Svendsen tok først lærerutdanning og blei uteksaminert i 1972. Hennar første lærarjobb var på Skådalen døveskole. Seinare studerte ho spesialpedagogikk og tok embetseksamen i 1982. Hovudoppgåva hennar handla om teiknspråk og blei utgitt som bok i revidert form i 1983, Norske døves tegnspråk – noen pedagogiske og språkvitenskapelige aspekter. Forsking i det eigentlege teiknspråket som døve bruker seg imellom, var nytt i Noreg da Vogt-Svendsen begynte forskinga si. Rett nok hadde slik forsking tatt til eit par tiår tidlegare utanfor Noreg, mellom anna i USA. Mellom folk flest verserte det ulike mistydingar om kva «døvespråk» eigentleg er, eit slags hjelpespråk eller tilleggsspråk til verbalspråk, eller kva? Svært få høyrande hadde innsikt i at det var eit sjølvstendig språk på linje med andre sjølvstendige språk.

Etter hovudfaget heldt Vogt-Svendsen fram med å arbeide vitskapleg med norsk teiknspråk, og i 1990 leverte ho doktoravhandlinga si ved Universitetet i Oslo der ho var tilsett. Avhandlinga blei godkjend og disputas planlagd til januar 1991. Men i desember 1990 blei ho utsett for ei bilulykke og påført ein hovudskade som sette henne ut av mest all fagleg verksemd for lang tid framover. Likevel klarte ho å disputere i september 1991.

Norsk teiknspråk

I februar 1981 blei det arrangert ein nasjonal konferanse om «Barnespråksforsking», der mange norske språkforskarar var til stades. På konferansen heldt Vogt-Svendsen eit foredrag om «Døve barns to språk»: norsk teiknspråk som førstespråk, og kombinasjonsspråket av teiknspråk og talespråk («teikn og tale»/teiknspråknorsk) som døve bruker i kommunikasjon med ikkje-døve. For dei aller fleste høyrande er teiknspråk å sjå på som framandspråk.

Vogt-Svendsen viste i foredraget sitt at teiknspråk er fullverdige språk, altså teiknsystem på linje med andre naturlege språk. Norsk teiknspråk er altså ikke ei «omsetjing» av norsk tale til teikn med hendene, som mange trudde på den tida, men eit sjølvstendig språk. Teiknspråka har like stort ordtilfang og like kompliserte grammatiske system som verbalspråk. Grammatikken i norsk teiknspråk er heilt ulik grammatikken i talespråket, og skal faktisk likne meir på vietnamesisk grammatikk.

Dette var ukjent her til lands i 1981, også for norske språkforskarar. På den tida var det få om nokon andre enn Vogt-Svendsen som forska på det ein framleis kalla «døvespråk». Da bladet Språklig samling same året trykte ein større artikkel basert på hovudoppgåva hennar, var det truleg første gongen ein artikkel om norsk teiknspråk kom på trykk i Noreg.

Hovudskaden i 1990 og tida etterpå

For Vogt-Svendssen representerte bilulykka i 1990 eit tidsskilje. Ho klarte med mykje strev og slit å gjennomføre ein doktordisputas. Men arbeidskapasiteten var ikke som før.

Før bilulykka fekk ho publisert nokre artiklar om norsk teiknspråk; mellom anna var ho tidleg ute med å argumentere for at samtidig bruk av teikn og tale, som var vanleg i undervisninga av døve barn, var problematisk av mange grunnar. Målet bør vere at døve barn skal undervisast på teiknspråk, og ikke på det Vogt-Svendssen kallar teiknspråknorsk og som har norsk talespråk som premiss. Det er teiknspråknorsk, altså dette «blandingspråket», som tradisjonelt har vore det vanlege undervisningsspråket for døve barn.

Etter bilulykka har Vogt-Svendssen skrive og publisert nokre artiklar med analyse av ulike lingvistiske trekk ved norsk teiknspråk. Ho har i tillegg publisert ei stor og omfattande bok om å leve med hovudskade, bygd på eigne røynsler og retta mot behandlarar, andre med alvorlege hovudskadar, pårørande og eit allment publikum som ønskjer å forstå. Boka, som blei publisert i 1998, har ho kalla Fremover etter hodeskade — med hodet til hjelp.

Betydning for ettertida

Da Marit Vogt-Svendsen var hovudfagsstudent og seinare doktorgradskandidat, var den internasjonale teiknspråksforskinga kommen lenger enn den norske. Det er Vogt-Svensen som har æra for at denne forskinga blei kjend i Noreg. Ho var den første her til lands som argumenterte for det vi veit i dag, at norsk teiknspråk er eit sjølvstendig språksystem på linje med andre språksystem. Ho har òg vist at alle teiknspråk er eigne språk som skil seg sterkt frå språket som blir brukt når døve kommuniserer med høyrande, som Vogt-Svendsen i norsk samanheng kallar teiknspråknorsk. Ho har vidare vore ein sterk pådrivar for å få norsk teiknspråk offisielt akseptert som eit fullverdig språk. Arbeidet hennar har dessutan vore med på å bidra til at det har vakse fram sterke fagmiljø og teiknspråk- og tolkeutdanningar ved fleire høgare utdannings- og forskingsinstitsjonar her til lands.

I mars I 2022 blei Vogt-Svendsen utnemnd til æresdoktor ved OsloMet for sin innsats for norsk teiknspråk. Utnemninga seier mykje om kva ho har hatt å seie for utviklinga av norsk teiknspråkforsking.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg