Fresvik
Fresvik
Av /NTB.

Fresvik er eit sokn i Vik kommune i Vestland fylke. Soknet ligg på sørsida av Sognefjorden, på båe sider av Aurlandsfjordens munning og òg ved innløpet til Nærøyfjorden. Høge fjell reiser seg bratt opp frå fjorden. Soknet har 204 innbyggjarar (2017).

Faktaboks

Etymologi
trolig av gudenavnet ‘Frøy’ og ‘vik’

Kultur

Fresvik kyrkje er ei langkyrkje i tømmer frå 1881; arkitekt var Henrik Nissen. Kyrkja står på ein gammal kyrkjestad, der det stod ei stavkyrkje frå 1100-talet.

Frå den gamle kyrkja er Olavsstatuen, som er eit av hovudverka i norsk gotisk skulptur. Han står no i Nordiska museet i Stockholm. Musikkfestivalen Fres Festival har med unntak av 2011 og 2020 vorte arrangert årleg sidan 2005 på garden Skau.

Næringsliv

Jordbruksbygda Fresvik har frukt- og bærdyrking (jordbær) og rike fjellbeite. I perioden 1400–1800 låg gardane under Fresvik gods. Her er òg produksjon av kjøleromelement.

Natur

Fresvik ligg på ei strandflate mellom Sognefjorden og høge fjell. Det veks stor furuskog på Fresvikåsen aust for kyrkjestaden. Sørvest for kyrkjestaden, på fjellet ovanfor Storedalen og Tundalen ligg Fresvikbreen.

Området har kystklima med mykje nedbør, sjå artikkel Sogn_og_Fjordane – klima. I desember 2015 fall 287,5 millimeter nedbør i Fresvik, som er rekord for desember.

Namnet

Namnet Fresvik kjem truleg av gudenavnet Frøy og vik.

Kart

Fresvik
/Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (3)

skreiv Bjørg Fritsvold

Hei! Bildet som er lagt inn er frå Undredal og ikkje i frå Fresvik.

svarte Erik Bolstad

Tusen takk! Skifta bilete no.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg