Faktaboks

Administrasjonssenter
Mo
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
378 (2022)
Landareal
379 km²
Høgaste fjell
Runderabben (1292 moh.)
Innbyggjarnamn
modøl, modaling
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4629 (frå 01.01.2020, tidlegare 1252)

Kommunevåpen

Kart: Modalen kommune i Vestland
Modalen kommune i Vestland fylke.
Kart: Modalen kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Modalen

Modalen. Parti frå administrasjonssenteret Mo. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Modalen er ein kommune i Nordhordland i Vestland fylke. Kommunen ligg omkring Romarheimsfjorden og den indre delen Mofjorden, som igjen utgjer den inste armen av Osterfjorden. Kommunen er nest minst i landet etter folketal.

Innanfor fjordbotnen omfattar kommunen den eigentlege Modalen, som strekkjer seg 16 kilometer i nordaustleg, seinare nordleg retning, og dessutan fjellområda på begge sider.

Modalen blei oppretta som kommune i 1909 ved utskiljing frå dåverande Hosanger og fekk dei noverande grensene sine i 1964, då Eksingedalen sokn blei gitt til Vaksdal kommune og Romarheimsdalen i vest til tidlegare Lindås kommune.

Modalen grensar til Alver i sørvest, Masfjorden i nordvest, Høyanger og Vik i nord og Vaksdal i søraust.

Natur

Berggrunnen i Modalen består hovudsakleg av gneis av grunnfjellsalder, men med strukturar (strokretning med meir) hovudsakleg frå kaledonsk tid (kaledonske orogenese). Under issmeltinga etter siste istid blei det avsett store sandavsetningar nedst i Modalen, der dalbotnen er relativt flat.

Landskapet er vilt og stig bratt opp på begge sider av Mofjorden og dalen innanfor, til cirka 1000 meter over havet ved fjordbotnen, 1200–1300 meter over havet i indre strok. Høgast når Runderabben på grensa til Høyanger kommune i Sogn (1292 meter over havet). Fjella innanfor fjordbotnen tilhøyrer Stølsheimen. Store høgtliggjande område og rikeleg med nedbør er grunnlaget for dei store kraftressursane til kommunen.

Busetjing

Busetjinga er i vesentleg grad konsentrert til hovuddalføret, særleg den nedre delen. Her ligg dei største tettgrendene i kommunen, mellom anna administrasjonssenteret Mo og Øvre Helland. Kommunen har ingen tettstader.

Folketalet viste tilbakegang til rundt 1970, då Modalen i nokre år var den minste kommunen i landet (290 innbyggjarar i 1971). Sidan har folketalet stort sett vore i vekst. Veksten i folketalet i tiårsperioden 2004–2014 låg på gjennomsnittleg 0,7 prosent årleg, noko som er klart lågare enn både i Nordhordland samla sett (1,4 prosent) og tidlegare Hordaland fylke samla sett (1,3 prosent) i denne perioden.

Kart over Modalen kommune
Kart over Modalen kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er forretningsmessig tenesteyting (mellom anna mindre gründerbedrifter innan IKT-sektoren) og byggje- og anleggsverksemd med kraft- og vassforsyning dei viktigaste næringane med høvesvis 25 og 20 prosent av arbeidsplassane til kommunen (2015). Kommunen satsa tidleg på IKT-teknologi, og kunne som første kommune i landet tilby alle husstandar og bedrifter tilgang til breibandsnett allereie i 2000.

Industrien er svært beskjeden og avgrensar seg til sand- og grusdrift med lange tradisjonar og maskinindustri (2015). Jordbruket, som tidlegare var ryggrada i næringsverksemda i Modalen, har i dag mindre enn ein prosent av arbeidsplassane i kommunen. Det er basert på husdyrhald (storfe, sau).

Modalen er ein stor kraftkommune med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1087 gigawattimar (GWh) fordelt på sju kraftverk (2016). Størst er Steinsland kraftverk, som har vore i drift frå 1981 med 160 MW i maksimal yting, 743 GWh i gjennomsnittleg årsproduksjon og ei fallhøgd på 466 m. Elles har Hellandsfoss kraftverk vore i drift frå 1992 med 31,5 MW i maksimal yting og 169 GWh i gjennomsnittleg årsproduksjon. Kommunen har hatt store kraftinntekter sidan kraftutbyggingane starta i 1970-åra.

Samferdsle

I 1976 fekk Modalen veg gjennom Modalstunnelen til Eksingedalen og dermed ferjefritt samband med riks- og fylkesvegnettet. Nytt vegsamband til Romarheim i dåverande Lindås kommune opna i 1996. Begge dei to sambanda følgjer fylkesveg 569 og knyter kommunen til E39 ved Romarheim.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Modalen høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett, og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i Regionrådet Nordhordland saman med Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden og Osterøy. Modalen er del av Osterfjorden næringsregion saman med Osterøy og Vaksdal.

Modalen kommune svarer til soknet Mo i Nordhordland prosti (Bjørgvin bispedøme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Modalen til Nordhordland fogderi (futedøme) i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Modalen

For statistiske føremål er Modalen kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman to grunnkrinsar: Mo og Helland.

Historikk og kultur

Gardane i Modalen ligg på gammal, fruktbar hav- og elvebotn, mellom Mofjorden og Steinslandsvatnet. Heilt frå mellomalderen har Mo vore kyrkjestad for dalen og gardane ovanfor. Ved den særprega Mostraumen ved ei innsnevring i fjorden finst der helleristningar frå bronsealderen.

Lyrikaren Olav Nygard er fødd på fjellgarden Krossen øvst i Modalen. Ein minnebauta over han er reist i tettgrenda Mo. Mo kyrkje i Modalen er ei langkyrkje i tre frå 1883. Steinsland er ein naturleg innfallsport til Stølsheimen.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1984) har tre spadar i sølv, to over ein, mot ein grøn bakgrunn. Motivet speglar jordbruk og sanduttak, som er det tradisjonelle næringsgrunnlaget for kommunen.

Namnet har førsteleddet etter garden og kyrkjestaden Mo ved fjordbotnen, av norrønt mór, ‘tørr sandslette’.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Bygdebok for Modalen herad, 1976–90, 2 b., isbn 82-7128-149-6
  • Rødland, Kjartan: Modalen – mennesket i naturen, 2001, isbn 82-995277-2-4

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg