Vikøyri

Hove kirke.
Hove kirke

Hopperstad (Hoprekstad) stavkirke.

Hopperstad stavkirke
Av /Arfo forlag.

Artikkelstart

Vikøyri er ein tettstad i Vik kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,4 km², og har 1217 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Også kjent som

Øyri, Viksøyri

Innbyggertall
1217 (SSB, 2021)
Landareal
1,4 km² (SSB, 2021) km²
Tettstedsnummer
5531 Viksøyri

Vikøyri er administrasjonssenter i Vik kommune, og ligg ved utløpet av Viksvassdraget på sørsida av Sognefjorden. Vikøyri er ein gammalt strandsitjarstad.

Riksveg 13 VossVangsnes går gjennom tettstaden.

Vikøyri.

Næringsliv og offentleg verksemd

Vik Ørsta AS produserer vegsikringsutstyr, næringsmiddelindustri (meieri, trevareindustri og annan småindustri). Tine Vik Meieri er det einaste meieriet som produserer gammalost i Noreg og heile verda. Vik fengsel er det einaste fengselet i gamle Sogn og Fjordane, og har nybygg frå 2008 og 2009. Vikøyri har òg ein del turisttrafikk. Ved tettstaden ligg Hove kraftverk i Viksvassdraget (60 MW).

Kultur og historie

Vik kyrkje er ei langkyrkje i tømmer frå 1877 med Hakon Thorsen som arkitekt. I utkanten av tettstaden i sør ligg to mellomalderkyrkjer: Hove kyrkje er ei steinkyrkje i romansk stil frå omtrent 1150. Kyrkja er i kleberstein frå Arnafjorden. Hoprekstad kyrkje er ei stavkyrkje frå rundt 1130.

Brannen på Vikøyri i 1838, då 294 hus brente ned, er blant dei største brannane i Noreg i nyare tid. Bygda vart ramma av ny storbrann i 1922, då 39 hus brente ned.

Kart

Vikøyri
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg