Mostraspelet

Mostraspelet er eit sogespel med tittelen «Kristkongane på Moster» skrive av Johannes Heggland med musikk av Kjell Habbestad.

Spelet var sett opp første gong i 1984 i Moster Amfi på Bømlo. Amfiet er teikna av Snorre Tindberg, far til Svein Tindberg som hadde regien på spelet 2005–2010. Regissør sidan 2011 har vore Karina Opdal. Sogespelet har med unntak av 2014 vorte sett opp kvar sommar sidan. Det er eit samarbeid mellom profesjonelle og amatørar. Bømloteateret har ansvaret for produksjonen saman med Bømlo kommune.

Mostraspelet skildrar den dramatiske brytningstida mellom den norrøne trua og kristendommen i tidsrommet mellom 995, då Olav Tryggvason kjem heim for å krevja kongsarven sin og innføra kristendomen, og 1024 då Olav Haraldson fekk kristenretten vedteken på Mostratinget.

Sogespelet blir sett opp att i 2015. I 2016 er det urpremiere på Svein Tindbergs nye Mostraspelmanus, regissert av Ivar Tindberg.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg