Johannes Heggland

Faktaboks

Johannes Heggland
Johannes Andreas Martin Heggland
Født
29. juni 1919, Tysnes
Død
24. januar 2008, Tysnes
Johannes Heggland
Johannes Heggland
Av .

Artikkelstart

Johannes Heggland var ein norsk forfattar, historikar, kulturarbeidar, gardbrukar og ordførar som gav ut over 70 bøker.

Han var formann i Den norske Forfatterforening i 1982–1985. Heggland fekk Doblougprisen i 1990, fekk Statens kunstnarstipend i ein lengre periode og blei riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2005.

Bakgrunn

Johannes Heggland var yngst av elleve sysken. Han tok over farsgarden og budde heile livet på Tysnes. I tenåra bestemte han seg for å bli forfattar. Han skreiv i aviser og blad før han debuterte med Folk under fjell (1941) som tjueåring, ein roman som viste overraskande modenskap.

Forfattarskap

Heggland var uvanleg produktiv. Interessa for historie, forteljing og formidling er verdigrunnlaget og motoren i forfattarskapen. Han tileigna seg omfattande faghistoriske kunnskapar om Tysnes, Sunnhordland og Noreg som han greidde å smelta inn i bøkene slik at det blir gripande forteljingar.

Først og fremst var Heggland forfattar av romanar, barne- og ungdomsbøker og sogespel, mellom anna Mostraspelet. Kristkongane på Moster (1984), men òg noveller og lokalhistorisk sakprosa. Dei beste og mest ambisiøse bøkene skreiv han på sine eldre dagar. For bøkene og kulturarbeidet sitt fekk han ei rekkje prisar, mellom anna Doblougprisen i 1990.

Fasar

Forfattarskapen kan delast inn i tre periodar, der læretid, etablering og gjennombrot kan vere sentrale stikkord. Frå debuten Folk under fjell i 1941 og fram til 1962 skreiv han romanar for vaksne. Den dramatiske forteljinga frå debutboka om strid og motsetnader i ei avstengd fjordbygd blei ført vidare i Den vegville ætt (1943), Manns blod (1946) og Eit anna land (1948). Religiøst trongsyn er eit motiv i tobindsverket Guds åkerland (1943) og Ein mann åtte ein vingard (1945).

Det breie opplegget blei etter kvart strammare og forteljemåten meir dramatisk, fortetta og stundom filmatisk. I tida 1962–80 skreiv han mange barnebøker, dessutan fleire lokalhistoriske verk, mellom anna Tysnes si historie, alt bygd på grundige kjeldestudium.

Dette vekselbruket utvikla sansen for den kjappe, spennande og dramatiske, men òg poetisk varme forteljinga. Samstundes auka den historiske kompetansen og sjølvtilliten hos forfattaren. Gabriel (1969) og Rusdøler (1971) er dei mest kjende bøkene frå denne perioden.

Gjennombrot

Førti år etter debuten fekk han sitt definitive gjennombrot med romanseriar som tetralogien «Brødet frå havet»: Anna Gyria, Born av støv, Svartesjøen og Ljosken frå paradis (1981–1984) og trilogien «Seglet og vinden»: Syllfest, I syndefallets teikn og Gullkalven (1985–1987).

Med romanserien «Tusen vårar»Sigrid Jonsdotter (2001), Himmelstigen (2002), Gud skifter andlet (2003), Ingibjørg (2004), Oppkoma (2006) og Vårherres urtegard (2008)skreiv han eit omfattande historisk verk om det ytre og indre livet i Sunnhordland frå vikingtida og om lag 1000 år framover i tid. Heggland viste ein inngående kjennskap til norsk bygdeliv og viste stor psykologisk innleving.

Stil

Hegglands prosa for vaksne står i den breie episke og realistiske tradisjonen. Innanfor nynorsktradisjonen høyrer han saman med Olav Duun, Tarjei Vesaas, Knut Hauge og Alfred Hauge, som alle skreiv historiske romanar som var lokalt forankra og etisk orienterte. Desse fem representerer høgdepunktet i ein prosatradisjon som kanskje er i ferd med å døy ut.

Det særmerkte for forteljemåten til Heggland er ei brei, liksom «naturleg» forteljing som ligg kvardagsspråket nær, som flyt framover med eit vell av personar, handlingar og detaljar. Men bak det tilsynelatande uplanlagde ligg ein medviten dramaturgi.

Når ein les Heggland, får ein ofte ei kjensle av at sentrum i verda er i Sunnhordland, eller på Vestlandet ein stad. Det kjem av at han ikkje er oppteken av det som skil regionen frå andre stader, men det som er felles: mennesket i liv og død, medgang og motgang, krig og kjærleik, erotikk og politikk.

Språk

Heggland er ein språkleg meister, med ein svært nyansert, smidig og stilfull nynorsk. Heile tida var han lojal mot den nynorske skriftnorma. Men i 1980-åra sleppte han seg meir laus og tok i langt større grad enn tidlegare ei rekkje dialektord og uttrykk frå Sunnhordland opp i den klassiske nynorsken sin, samstundes som han laga nye ord. Dette skjedde samstundes med ei større forankring i det lokale og regionale og ein nasjonal og internasjonal suksess større enn før. Ei rekkje av romanane hans blei omsette til tysk og hausta suksess i Tyskland. Han er og omsett til islandsk.

Anna virke

Heggland var ordførar i Tysnes i to periodar, 1956–59 og 1968–71, styremedlem og formann i Den norske Forfatterforening 1982–85, medlem av priskomiteen til Nordisk Råds litteraturpris 1983–86, fagkonsulent ved Den Nationale Scene, medlem av Norsk språkråd og styremedlem i Riksteateret.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Birkeland, Tone m.fl.: Norsk barnelitteraturhistorie, 1997, isbn 82-521-4381-4, Finn boken
  • Glette, Kåre: «Det kristne, det sosiale og det konservative. Linjer i Johannes Hegglands dikting» i Nettum, Rolf Nyboe, red.: I diktningens brennpunkt, 1982, 68-87, isbn 82-03-10761-3
  • Hagemann, Sonja: Barnelitteratur i Norge 1914-1970, 1974, isbn 82-03-06186-9, Finn boken
  • Heldal, Mikal, red.: Johannes Heggland: Diktar og historikar. Ei artikkelsamling, Tysnes sogelag, 2009
  • Rage, Knut m.fl.: Johannes Heggland : diktar og historikar : ei artikkelsamling, 2009, isbn 978-82-92536-07-0, Finn boken
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 6: Fra Brekke til Mehren, 1995, isbn 82-02-15476-6, Finn boken

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg