Driva kom ut med sitt første nummer på Sunndalsøra 5. oktober 1971. Denne nye avisa blei til etter at redaktøren og utgjevaren, Einar Sæter, sa opp redaktørjobben i Aura Avis som han hadde hatt sidan 1954. Dette skjedde etter fleire konfliktar mellom Sæter og leiinga i lokallaget til Arbeidarpartiet. Sæter fekk med seg nokre av dei tidlegare medarbeidarane sine frå Aura Avis og klarte å reise nok startkapital til å starte den nye avisa Driva, kalla opp etter elva som gjev straum til lokalsamfunnet og til aluminiumsverket som staden er så kjend for. Det spesielle her er ikkje berre utbrotet, men at Aura Avis også blei til ved at redaktøren i ei tidlegare avis på staden, Erling Innvik, braut ut og starta opp si eiga avis. Den nye avisa Driva blei møtt med stor velvilje frå både lesarane og frå det lokale næringslivet, som rykte inn store gratulasjonsannonsar i det første nummeret. Den første tida blei avisa trykt på Orkanger, men fekk etter kort tid sitt eige offsettrykkeri.
Driva har heile tida kome ut tre gonger i veka. Aura Avis svarte på den nye konkurransesituasjonen med å gå over til offset og tabloidformat. Driva på si side satsa på å bli ei distriktsavis for fleire kommunar på Nordmøre. I tillegg til «heimkommunen» Sunndal fekk ho raskt fotfeste i dei andre Nordmørs-kommunane Surnadal, Rindal, Nesset, Halsa og Tingvoll. I ein første fase blei ho også selt på Oppdal i nabofylket, men der overtok etter kvart ei lokalavis. Driva fikk raskt det høgaste opplagstalet av dei to avisene på Sunndalsøra. Aura Avis satsa på å vere lokalavisa for Sunndal og er den største av dei to avisene på utgjevarstaden.
På slutten av 1980-tallet blei avisa kjøpt opp av Romsdals Budstikke A/S, der Dagbladet sat med aksjemajoriteten. Men allereie i 1991 trekte Dagbladet seg ut frå regionen, og Orkla Media (seinare Edda Media) overtok selskapet, med dei tre avisene Romsdals Budstikke, Driva og Åndalsnes Avis. I 2009 blei desse avisene selde til Polaris Media.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.