Holssanden

Artikkelstart

Holssanden er ein tettstad i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,2 km², og har 328 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Også kjent som
Hoelsand, Holsanden
Innbyggertall
328 (SSB, 2021)
Landareal
0,2 km² (SSB, 2021) km²
Tettstedsnummer
6282 Hoelsand

Tettstaden ligg i Sunndalen, fem kilometer ovanfor Sunndalsøra. Mellom tettstadene Holssanden og Grøa, eit par km lenger oppe i dalen, ligg Leikvin med mellom anna Sunndal bygdemuseum og stort jernaldergravfelt.

Namnet kjem av norrønt hóll, 'rund høgd'.

Kart

Holssanden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg