organisk kjemi

Artikkelstart

Organisk kjemi er eit fagområde innan kjemi som omhandlar dei aller fleste kjemiske sambindingane der karbon inngår, dei såkalla organiske sambindingane.

Faktaboks

Uttale
orgˈanisk kjemˈi

Kjemi blir delt inn i to hovudgrupperingar, organisk kjemi og uorganisk kjemi. Stoff som inneheld karbon, blir kalla organiske stoff. Nokre enkle karbonsambinding, som karbonoksid, karbonat, karbidar og liknande, blir likevel rekna som uorganiske sambindingar.

Karbonsambindingar er viktige for alt som lever. Samstundes finst det karbonsambindingar i ikkje-levande stoff, og ein kan altså òg framstille slike sambindingar i eit laboratorium. Organiske sambindingar kan innehalde fleire atom, til dømes oksygen (O), nitrogen (N), svovel (S) eller fosfor (P). Men det finst òg karbonsambindingar som ikkje høyrer til gruppa organisk kjemi, til dømes karbondioksid (CO2), karbonsyre og stoff som berre består av karbon (diamant, grafitt og kol).

Organisk kjemi kan ein dele inn i fleire store hovudgrupper, til dømes hydrokarbon, alkoholar, karbohydrat og organiske syrer. Stoffgruppene blir delte inn ut frå fellestrekk i oppbygginga og måten dei reagerer på. Alle stoffa i ei stoffgruppe har den same særeigne gruppa av atom. Det er denne atomgruppa som avgjer dei kjemiske eigenskapane, og vi kallar dei ei funksjonell gruppe.

Organiske sambindingar som inneheld karbon og hydrogen, blir kalla hydrokarbon. Hydrokarbon finn vi i mellom anna i råolje og naturgass. Alkohol er ei anna gruppe av organiske sambindingar. Felles for alle alkoholar er at dei inneheld minst éi –OH- gruppe. Ei –OH-gruppe er eit oksygenatom som bind seg til eitt hydrogenatom, i den andre enden av oksygenet er det bunde til eit karbon. Organiske syrer (karboksylsyrer) er den tredje gruppa av organiske sambindingar. Felles for alle karboksylsyrer er at dei inneheld minst éi gruppe atomar som blir kalla karboksylgruppe (–COOH). Karbohydrat er den fjerde store stoffgruppa innanfor organiske sambindingar. Karbohydrata er bygde opp av atoma karbon, hydrogen og oksygen. Til saman dannar desse atoma sukkermolekylar med korte eller noko lengre kjeder.

Talet på kjende og veldefinerte organiske sambindingar er over ti millionar. Kvart år blir det framstilt og oppdaga 300 000 nye. Det store talet på organiske sambindingar som eksisterer, kjem av bindingseigenskapane til karbonatoma, som lett dannar kjeder og ringar.

Historikk

Fram til 1800-talet var det vanleg å tru at nokre stoff inneheld ei «livskraft» som berre levande organismar som plantar og dyr kunne produsere. Ein kalla desse stoffa organiske. Etter kvart greidde forskarar å framstille fleire organiske stoff i laboratorium. Det var då ein skjøna at det ikkje var noka spesiell kraft i desse stoffa. Det som var felles for alle stoffa, var at dei inneheldt grunnstoffet karbon. Etter dette vart det vanleg å oppfatte organisk kjemi som kjemien til karbonsambindingane, uavhengig av om sambindingane fanst i naturen eller ikkje.

Smelte– og kokepunkt til nokre organiske sambindingar i ° C

Sambindingar Smeltepunkt Kokepunkt
Acetylen –80,8 –84,0
Anilin –6,2 182
Anisol –37,3 155,5
Benzen 5,5 80,1
1-butanol –90,0 118
Butylamin –50,0 78
Dietyleter –116,3 34,5
Dimetylamin –96,0 7
Eddiksyre 16,7 118
Etan –171,4 –88,0
Etanol –117,3 78,5
Etylamin –80,0 19
Etylen –169,0 –105,0
Fenol 43 183
Isobuten –140,0 –6,9
Isosmørsyre –47,0 154
Kapronsyre –3,4 205
Karbontetraklorid –23,0 77
Kloroform –63,5 61
Maursyre 8,4 101
Metan –182,5 –164,0
Metanol –97,8 64,8
Metylamin –93,5 –6,3
n-butan –135,0 –0,5
n-heksan –95-100 69
n-heptan –91,0 98
Oktan –57,0 126
Pentan –129,7 36,1
Propan –189,7 –42,0
1–propanol –127,0 97,2
2–propanol –88,5 82,4
Propionsyre –21,5 141,1
Propylen –185,2 –48,0
Salicylsyre 159 211
Smørsyre –7,9 163
Sykloheksanol 23–25 161
Sykloheksylamin –17,7 134,5
Syklopentan –94,4 49
Trikloretylen –84,8 87
Trimetylamin –117,1 3
Urea 133 –2
Valeriansyre –34,5 185
Vinylklorid –153,8 13,9

1 Sublimerar

2 Dekomponerar

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg