Etter utvidingane var Gulating eit representasjonsting. Fylka var inndelte i fjerdingar, kvar med sitt ting, og fjerdingane var igjen inndelte i skipreider. Etter Gulatingslova sin «Olavstekst» (etter Olav den heilage, eldre enn 1163) møtte cirka 400 bonderepresentantar (nemndemenn) kvart år på Gulating, i tillegg til kongelege ombodsmenn og sokneprestane. Etter Gulatingslova sin «Magnus-tekst» (etter Magnus Erlingsson, yngre enn 1163) var talet på nemndemenn 248, og i Magnus Lagabøtes landslov (som blei vedteken i åra 1274–1276) er talet 148. Nemndemennene skulle ha godtgjersle frå distrikta sine i form av naturalia og pengar.
Lagmannen hadde ei framståande stilling på tinget og i den eldste tida var han visstnok ein lovkunnig bonderepresentant. Frå 1100-talet var lagmannen ein kongeleg ombodsmann, som etter kvart fekk den faktiske domsmakta, dels åleine og dels saman med eit mindre tal lagrettemenn. Dette gjorde i stigande grad den breie bonderepresentasjonen overflødig.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.