Frostating var i mellomalderen eit av dei fire store lagtinga i Noreg. Dei andre lagtinga var Borgarting, Eidsivating og Gulating.
Namnet Frostating blir i dag brukt om Frostating lagmannsrett, som er lagdømmet for Trøndelag og Møre og Romsdal.
Plassen der Frostatinget truleg blei halde, er i dag markert med 13 steinar – éin stor stein i midten og tolv mindre steinar i ring rundt. Dei tolv symboliserer fylka som møtte på det gamle Frostatinget. Bautasteinen i midten ble reist av bygdefolk i 1914, og ber inskripsjonen Àt lögum skal land vårt byggja, en eigi àt ulögum øyda («med lov skal landet vårt byggast, og ikkje med ulov øydast») på den eine sida, og Til minne om gamle Frostatinget på den andre.
Frosta. Tinghaugen ved Logtun, med bautastein til minne om Frostatinget. Rundt bautaen står tolv minnesteinar, éin for kvart av dei elleve fylka som heldt til her, og éin for Oppdal som eige valdistrikt.
Frostating var i mellomalderen eit av dei fire store lagtinga i Noreg. Dei andre lagtinga var Borgarting, Eidsivating og Gulating.
Namnet Frostating blir i dag brukt om Frostating lagmannsrett, som er lagdømmet for Trøndelag og Møre og Romsdal.
Ifølgje Snorre og andre sagaskrivarar var det Håkon den gode som «sette» Frostatingslova rundt 950–960, noko som truleg betyr at Frostating blei nærare ordna under regjeringstida hans.
Frostating omfatta dei åtte fylka i Trøndelag (som betyr «lovområdet til trønderane») og dessutan Norðmærafylki (Nordmøre), Naumdælafylki (Namdalen) og i ei seinare tid også Hålogaland. Det hadde tingstad på halvøya Frosta (garden Lagatún, no Logtun), men blei seinare flytta til Trondheim og blir deretter kalla for «Trondheims lagting». Frostating blei halde om sommaren.
Rettsnormene til Frostatinget dannar Frostatingslova (norrønt Frostuþingslǫg), som inneheld eldgamle norske rettsreglar, samla og nedskrivne på 1000–1200-talet. Denne landskapslova, der dei viktigaste delane er bevarte til våre dagar, fall bort ved innføringa av Magnus Lagabøtes landslov i 1274.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.