Faktaboks

Eirik Magnusson

Eirik 2., Eirik II

Erik Prestehater, Eirik Prestehatar

Fødd
1268
Død
13. juli 1299, kongsgarden i Bergen, truleg gravlagd i Kristkyrkja
Levetidskommentar
fødd 1268 (truleg 4. oktober), fødestaden er ukjend
Verke
Konge
Familie

Foreldre: Kong Magnus 6. Håkonsson Lagabøte (1238–1280) og dronning Ingebjørg Eriksdotter (1244–1287).

Gift 1) i Bergen 1281 med Margrete Aleksandersdotter (1261–1283); 2) 1293 med Isabella Bruce (1280–1358).

Bror til Håkon 5. Magnusson (1270–1319); far til Margrete Eiriksdatter («the Maid of Norway», 1283–1290) og Ingebjørg (1297–1356/57; gift med den svenske hertugen Valdemar Magnusson, død 1318).

Eirik Magnusson. Skulptur i Stavanger domkirke.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Eirik Magnusson var norsk konge frå 1280 til 1299. Han var son av Magnus Lagabøte og den danske prinsessa Ingeborg.

Eirik vart konge knapt tolv år gamal. Medan han var mindreårig, styrte ei formyndarregjering av stormenn. Eirik Magnussons regime førte ein aktiv og tidvis aggressiv kyrkje- og utanrikspolitikk, forma og realisert av myndige rådgivarar («kongens råd»). Sjølv var Eirik svak og lite synleg i regjeringsarbeidet, noko som har prega hans historiske ettermæle.

Eirik var gift med Margrete Alexandersdotter, dotter av den skotske kongen Aleksander 3. Dottera deira, Margrete, vart i 1289 anerkjend som skotsk dronning («piken fra Norge»), men døydde under overfarten i 1290. Eirik krevde deretter Skottlands trone som dotteras arving, og seinare ei klekkelig erstatning, men utan resultat.

Under Eirik Magnusson fekk det norske riksvåpenet si utforming. Forgjengarane hans hadde brukt løvemotivet, men då Eirik tiltrådte i 1280 gav han løven krone på hovudet og øks i forlabbane, for å vise sambandet med Olav den hellige.

Kongsnamn og kroning

Eirik Magnussons segl
Baksida av Eirik Magnussons dobbeltsegl.
Eirik Magnussons segl
Av .

På eit stort riksmøte i Bergen sommaren 1273 gav kong Magnus Lagabøte høvdingnamn til dei to sønene sine, kongsnamn til Eirik og hertugnamn til Håkon. Eirik var då fem år gamal, Håkon to år yngre. Etter at faren døydde i mai 1280, vart kong Eirik krona 2. juli same år i Kristkyrkja i Bergen, med erkebiskop Jon Raude som koronator.

Igjen var eit talrikt riksmøte ramme kring seremonien. Det var no oppnemnt eit formyndarstyre av baronar og hirdembetsmenn kring barnekongen. Truleg deltok også enkedronninga Ingeborg i dette kollegiet, som for første gong i Noregs historie blir eksplisitt omtala som eit kongeleg råd. Også etter at kongen vart myndig hausten 1282, låg det politiske tyngdepunktet i denne rådskrinsen.

Kyrkjepolitikk

Det var særleg to saksområde som kom til å prege Eirik Magnussons regjeringstid: kyrkjepolitikken og utanrikspolitikken.

Spenningsforholdet til bispekyrkja kom til uttrykk alt ved kroningsforhandlingane sommaren 1280. Striden dreidde seg om kyrkjas økonomiske rettar, domsmyndighet og rett til lovgiving i kristenrettssaker, i samsvar med avtalar som var oppnådde under Magnus Lagabøte. Motsetninga førte dei næraste par åra til kvasse konfrontasjonar. Seinsommaren 1282 rømde erkebiskop Jon til Sverige, der han døydde same året. Eit førebels forlik i 1283 var diktert av rådsherrane, og først kring 1290 kom det til meir varig semje.

Den hardsette striden, som i ettertid nokså urettvist gav kong Eirik tilnamnet «prestehatar», var likevel ikkje til hinder for eit visst politisk samarbeid mellom partane også i 1280-åra. Såleis var det erkebiskopen som tidleg på hausten 1281 vigde kong Eirik og hans første dronning Margrete. Ved dette høvet vart dronninga også krona.

Utanrikspolitikk

Mynt frå Eirik Magnusson
Mynt (penning) frå Eirik Magnussons tid. Biletet viser forsida (adversen) med portrett av kongen. Innskriften er ERICV[S REX NORWEG] («Eirik, konge av Noreg»). På baksida (reversen) står det [CASTRV]M [TUNSBERGIS] («Tønsberg slott», det vil seie at mynten er produsert der).
Av /foto: Anne Skogsfjord.
Lisens: CC BY SA 4.0
Mynt frå Eirik Magnusson
Under Eirik Magnusson fekk det norske riksvåpenet (til venstre) si utforming.
Av /Foto: Lill-Ann Chepstow-Lusty.
Lisens: CC BY SA 4.0

Danmark

Formyndarstyret representerte eit linjeskifte også i utanrikspolitikken. Magnus Lagabøtes freds- og meklingspolitikk vart forlatt til fordel for dei offensive strategiane som hadde prega handlingsmønsteret dei siste 20 åra av bestefaren Håkon Håkonssons regjeringstid. Forsøket på å begrense den tyske (hanseatiske) lokalhandelen i bergensområdet førte til åpen konflikt, der den danske kongen slutta seg til ein storstilt matvareblokade mot Noreg. Einaste måten formyndarstyret kunne sprenge denne alliansen på, var å godta dei tyske krava i samsvar med ein valdgiftsdom i 1285.

Dermed var det skapt handlingsrom for å ta oppatt den antidanske politikken frå Håkon Håkonssons dagar, og kong Eirik gjennomførte i åra 1289–1295 i alt fire store leidangstog mot dansk område. Hovudmålet var å vinne militært fotfeste i Øresund og langs kysten av Halland, i nært samarbeid med innanlandske stormannsgrupperingar som stod i opposisjon til den danske kongemakta. Eit førebels forlik i 1295, fornya i 1298, skapte stort sett ro i det dansk-norske forholdet hundreåret ut.

Skottland og England

Denne avspenninga vart utnytta vestover, langs den andre hovudaksen for riksstyrets utanrikspolitikk. Etter at Magnus Lagabøte i 1266 hadde avstått Sudrøyane og Man til den skotske kongen mot økonomisk kompensasjon, skapte manglande skotsk betalingsvilje etter kvart eit spent forhold mellom Noreg og Skottland. Ekteskapet mellom kong Eirik og den skotske prinsesse Margrete Aleksandersdatter i 1281 var opplagt planlagt – frå begge sider – for å betre relasjonane over Nordsjøen. Dessutan brakte Margrete ei betydeleg medgift inn i ekteskapet. Enda viktigare vart ein paragraf i ekteskapskontrakten som slo fast at Margrete og hennar barn med kong Eirik skulle ha full arverett til den skotske trona dersom faren, kong Aleksander 3., døydde utan legitime arvingar.

Og det var nettopp det som skjedde i 1286. Kong Eiriks og den avlidne dronningas einaste barn, jomfru Margrete, var med eitt blitt arving til den skotske kongestolen. Den endelege godkjenninga frå det skotske regentskapet kom i november 1289. Men den engelske kongen Edvard 1. hadde større planar. Han arbeidde aktivt for eit ekteskap mellom jomfrua og sin eigen son, tronfølgjaren prins Edvard, eit ekteskap som kunne sikre engelsk dominans i Skottland. Utsiktene til eit anglo-norsk nordsjøvelde var heller ikkje utan realisme. I juli 1290 vart traktaten om ekteskap mellom Margrete og prins Edvard besegla, og utpå hausten vart den sju år gamle jomfrua – no med titulatur som Skottlands dronning – sendt vestover til sitt nye arverike. Ho kom aldri fram i live, og den store imperietanken fall dermed i grus. Det einaste som levde vidare, og som enno lever, er minnet om «the Maid of Norway» i skotsk folketradisjon.

Etter at den unge Margrete var gått bort, prøvde kong Eirik, gjennom skarpskodde juristar og diplomatar, å vinne Skottlands trone for seg sjølv. Det er ingen tvil om at han rettsleg vurdert hadde ei god sak. Men han nådde ikkje fram; trona vart i november 1292 tildømd John Balliol. Einedommar var den engelske kongen Edvard 1., og då han i tida som følgde heller ikkje la press på John Balliol for at denne skulle innfri rettmessige norske krav i Skottland, vart forholdet mellom Noreg og England gradvis forverra.

Like sidan den norsk-engelske fredstraktaten i 1269 hadde sjølve berebjelken i norsk utanrikspolitikk og utanriksøkonomi vore eit vennskapleg og alliert forhold til England. Derfor var det eit dramatisk brot då riksstyret hausten 1295 gjekk inn i ein vidløftig antiengelsk allianse med Englands erkefiende Frankrike. Ei vesentleg fransk motyting til Noreg var nettopp å presse den nye skotske kongen til å betale uteståande norske restansar. Den realpolitiske utviklinga i Europa sist i 1290-åra gjorde likevel at dette kursskiftet ikkje fekk avgjerande innverknad på det bilaterale forholdet mellom Noreg og England.

Eirik vart seinare gift med Isabella Bruce, søster av den skotske kongen Robert Bruce, og med henne fekk han dottera Ingebjørg, seinare gift med hertug Valdemar av Sverige.

Eirik som konge

Dei relativt mange brev og statsdokument som er utferda i kong Eiriks namn, er for ein vesentleg del skrivne i Bergen. Sterkare enn nokon annan norsk mellomalderkonge var han knytt til denne byen; her sat han i lange periodar og så godt som alltid om vintrane. Mange av kongebreva omhandlar også interne byforhold i Bergen.

Trass i eit nokså omfattande kjeldemateriale er det likevel berre sjeldan vi finn indikasjonar på ein personleg monarkisk handlingsvilje hos kong Eirik. Han var enno ikkje fylt tolv år då han vart regjerande konge. To år etter vart han far, og enkemann då han var 15. Same året (1283) fall han av hesteryggen, vart delvis ufør, og sjukelig i ein grad som synest å ha halde han borte frå politisk arbeid gjennom lengre periodar.

I det heile hadde Eirik ein oppvekst som nærast disponerte for avhengigheit av andre, og han hadde nok heller ikkje intellektuelle dimensjonar til å setje sitt preg på riksstyringa. Det verkar nesten patetisk når Chronicle of Lanercost skildrar korleis dronning Margrete prøvde å «kultivere» den sju år yngre ektemannen med sine leksjonar i engelsk og fransk. Og medan forgjengaren Magnus Lagabøte og etterfølgjaren Håkon Magnusson, begge høgt profilerte og handlingsdyktige, sjølv gav innhald og retning til rikspolitikken, var det stormenn som Audun Hugleiksson og Bjarne Erlingsson som regisserte scenen under kong Eirik. Regima til disse tre kongane, vurderte i samanheng, er dermed blitt sjølve kroneksempelet på at kongens personlege utrustning – innafor allmenne samfunnsmessige rammevilkår – var avgjerande for utforming og gjennomføring av riksstyrets politiske handlingsprogram.

Ein plass i norsk folketradisjon fekk kong Eirik gjennom den romantiske folkevisa Kong Eirik og Hugaljod. Den har 38 strofer, og dei fleste er truleg blitt til på 1300-talet. Visa synest å ha samanheng med Eiriks og Margretes giftarmål, og forskninga reknar i dag med at det har eksistert ei særskilt vise om dei to.

Avbildingar

  • Avtrykk av Eirik Magnussons majestetssegl (dobbeltsegl) mellom anna på brev frå mars 1296; Regesta Norvegica bind 2, nr. 817, i Archives Nationales, Paris, kopi i Riksarkivet. Reversen har skjold med riksvåpen, og det er i kong Eiriks regjeringstid det norske riksvåpenet får den form det seinare har hatt, første gong på ein sølvmynt frå rundt 1285 (katalognummer 234 hos Kolbjørn Skaare).
  • Myntkabinettet ved UiO har ein del myntar frå kong Eiriks tid; katalognummer 227–239 hos Skaare. Fleire av myntane har på adversen eit krona brystbilde sett forfra (en face).
  • Stavanger domkyrkje har i koret eit kongehovud med krone, hogge i kleberstein. I stilisert form forestiller det truleg kong Eirik.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Munch, Peter Andreas (1858–1859): Det norske folks historie, del 4, bind 1–2
  • Storm, Gustav (1898): «De ældre norske Kongers Kroningsstad», i Historisk tidsskrift (HT), rekke 3, bind 4
  • Bull, Edvard (1926): biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 3
  • Steinnes. Asgaut (1937–1940): «Datering etter styringsår under Eirik og Håkon Magnussøner», i HT, bind 31
  • Johnsen, Arne Odd (1954–1956): «Kong Eirik Magnussons krav på Skottland 1292», i HT, bind 37
  • Joys, Charles (1955): «Tidsrommet 1280–1450», i Nidaros erkebispestol og bispesete 1153–1953
  • Helle, Knut (1972): Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319
  • Helle, Knut (1974): «Norge blir en stat», i Handbok i Norges historie, bind 3
  • Helle, Knut (1982): «Kongssete og kjøpstad», i Bergen bys historie, bind 1, Bergen
  • Barrow, Geoffrey Wallis Steuart et al. (1990): «Studies Commemorative of the Anniversary of the Death of the Maid of Norway», i Scottish Historical Review, bind 69 (temanummer)
  • Bjørgo, Narve (1995): «Makt–og avmakt», i Norsk utenrikspolitikks historie, bind 1
  • Helle, Knut (1995): «Under kirke og kongemakt 1130–1350», i ANH, bind 3
  • Skaare, Kolbjørn (1995): Norges mynthistorie, bind 1–2
  • Bjørgo, Narve: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Islandske Annaler
  • Regesta Norvegica, bind 2
  • Magnus Lagabøtes saga, i Noregs kongesoger, bind 4, 1979
  • Biskupa sögur, bind 3, i Íslenzk Fornrit, bind 17, utgitt av G. Á. Grimsdottir, Reykjavík 1998
  • Chronicle of Lanercost 1272–1346, utgitt av H. Maxwell, Glasgow 1913

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg