Fragment av Frostatingslova
Frostatingslova er i dag berre bevart gjennom avskrifter og fragment. Her er to fragment av Frostatingslova som stammar frå andre halvdel av 1200-tallet. Dei inneheld delar av mannhelgebolkens kapittel 1–5, om drap, nidingsdrap og mord. Det vert slått fast at ein landsmann skal vere fredheilag innanlands og utanlands. Så følgjer reglane om at den som drep ein fredlaus person skal lyse drapet på seg same dag, og at det er nidingsdrap å drepe ein person som har rettsvern eller som har fått grid. På 1500- og 1600- tallet kutta ein gamle manuskript i mindre bitar og nytta dei til innbinding av andre dokument. Desse to fragmenta har vorte nytta til innbinding av rekneskapar for Tromsø len i 1612. Teksten i fragmenta er skreve i såkalt textualis-skrift, ein vanleg skrifttype på 1200-tallet. Det er ukjent kor manuskriptet som fragmenta stammar frå er skreve.
Arkivreferanse: Riksarkivet, EA-4020 Norrøne membranfragmenter, 1C II a.
Av /foto: Odd Amundsen, Riksarkivet.

Frostatingslova er ei samling rettsreglar som gjaldt for Frostating. Frostating var saman med Gulating, Borgarting og Eidsivating eitt av fire lagdøme på det norske fastlandet i vikingtid og middelalder. Frostatingslova gjaldt ikkje for byen Nidaros og for andre kjøpstadar og fiskevêr i Frostating, som vart regulert av bjarkøyretten for Nidaros.

I 1274 vart Frostatingslova avløyst av Landslova.

Manuskript

Opphaveleg har Frostatingslova vorte framført og overført munnleg. Snorre Sturlason skriv i Heimskringla at det var Magnus den gode som nær på midten av 1000-talet let skriva ned lova. Men når det gjeld slike dateringar er ikkje Snorre til å stola på. Det sikraste ein kan seia er at ein gong mellom siste halvdel av 1000-talet og midten av 1100-talet vart retten i Frostating nedskriven.

Frostatingslova slik ein kjenner den i dag, er kjent frå eit komplett manuskript kalla Codex Resenianus, datert til ein gong mellom 1260 og 1269. Manuskriptet forsvann i den store bybrannen i København i 1728, men er bevart gjennom fleire avskrifter.

Frostatingslova vart forsøkt revidert av Magnus Lagabøter i 1269, men erkebiskop Jon Raude fekk tingallmugen på Frostating til å avvisa den nye lovboka fordi den i for stor grad regulerte kristenrettssaker.

Frostatingslova vart avløyst av Landslova i 1274.

Innhald

Frostatingslova er samansett av ei innleiing følgt av 16 bolkar med rettsreglar. Innleiinga er gjeven av Håkon IV rundt 1260 og vert gjerne kalla Håkon Håkonssons nye lov. Truleg var dette ei landsdekkande lov som ein bare har bevart som denne innleiinga til Frostating. Den består av 25 korte kapittel. Den tyske rettshistorikaren Konrad von Maurer meiner at dei er ei samling av reglar frå ulike reformlover gjevne av Håkon IV i perioden 1240–1260. Tema i Håkon Håkonssons nye lov er korleis sikra fredeleg sameksistens, og lova står tydeleg i fredslovstradisjonen med røter tilbake til Sør-Frankrike på siste halvdel av 900-talet. Det er dette reformarbeider og denne lova det vert vist til i Håkon Håkonssons saga når det på slutten heiter at han gjorde lov og landrett betre gjennom lovgjeving, og let skriva den lova som vert kalla Nyelova.

Etter innleiinga er Frostatingslova delt i 16 bolkar. Kvar bolk består av fleire kapittel, og det er vanleg å dela heile rettsboka opp i 450 kapittel. Kvart kapittel er delt i fleire reglar. Bolkeinndelinga i Frostatingslova har tent som inspirasjon for Landslova av 1274.

Etter den alt omtalte innleiinga, finn ein i Frostatingslova ein tingfarebolk (I) som inneheld reglar om organiseringa av tinget. Deretter kjem to kristendomsbolkar (II og III) med reglar for kristen livsførsel og vilkår for å føra kristenrettssaker på tinget og for biskopen. Fjerde bolk er Mannhelgbolken (IV) med reglar om det ein i dag vil kalla straffe- og erstatningsrett. Bolken er den mest omfattande i Frostatingslova, men må likevel lesast i samband med den femte bolken (V) om ymse emne, som inneheld tilsvarande reglar. Delar av denne femte bolken har gått tapt.

Sjette bolken (VI) gjeld sakøyre, som vil seia reglane for betaling av bøter. Det heiter i innleiinga til bolken at det ikkje lenger er vanleg med kunnskap om dei detaljerte og omfattande reglane på dette feltet. Dette skuldast nok at ættesamfunnet gjekk i oppløysing i løpet av 1100-tallet, og kunnskap om slektskapsrelasjonar vart gløymt. Deretter kjem Leidangsbolken som sjuande bolk (VII), som gjeld det militære sjøforsvaret (leidang) av det norske riket. Den vert etterfølgd av Fyrste og Andre arvebolk (VIII og IX).

Tiande bolken er Rettergangsbolken (X). Hovuddelen av bolken er ei ordna framstilling av reglar om rettargang, og ber preg av sein redigering. Men siste del av bolken er ei ganske uordna samling reglar som heller kunne ha stått i Mannhelgbolken. Ellevte bolken er Kvinnebolken (XI), med reglar om kvinner si rettslege stilling. Men igjen glir ein ganske streng orden i bolken over til ei samling reglar som heller burde ha stått ein annan stad, som til dømes regelen i XI-26 om hund som bit sau.

Så kjem ein kort Jordkaupbolk (XII), før Fyrste landsleigebolk (XIII), og så Andre landsleigebolk og tjuvbolk (XIV). Desse bolkane gjeld kjøp av jord, utnytting av og skade på naturressursar, og småtjuveri av mat. Den femtande bolken er kalla Brotsverksbolken (XV), men med unnatak av to reglar knytt til sildefiske, gjeld denne bolken det å sverja eid når ein er skulda for brotsverk.

Siste og sekstande bolken (XVI) er den kortaste av alle, og inneheld fire rettarbøter, som i denne samanhengen vil seia klargjering av rettstilhøve og kollektive rettar gjevne av avdøde kongar.

Innhaldsdatering

I motsetnad til Den eldre Gulatingslova, finst det ikkje reglar i Frostatingslova som ein nokså sikkert kan føra tilbake til tidleg 1000-talet. Dei eldste reglane som let seg datera er rettarbøtene på slutten av Frostatingslova, der dei tre eldste skal skriva seg frå om lag 1105 og den yngste frå om lag 1130. Deretter er det reglar henta frå Magnus Erlingsson si lovgjeving i 1163/1164, som IV-31 og V-44, som er eldst. Men det er bare tale om få og spreidde reglar ein kan datera sikker så langt tilbake i tid. Mykje mogeleg har Frostatingslova vorte sterkt revidert under erkebiskop Øystein Erlendsson mellom 1157 og 1188. I så fall forsvann truleg mange eldre reglar på det tidspunktet, eller dei vart sterkt omskrivne.

Den norske erkebispen hadde sete i Nidaros frå 1152, og dermed i det området som vart dekka av Frostating. Erkebispen sjølv, kannikane og andre ved erkebispesetet var del av den europeiske lærdomskulturen som var på sterk frammarsj frå midten av 1100-talet. Det gjorde at det i Frostatingslova sitt nærområde fanst personar med stor lærdom, òg innan juss. Dette må ha vore ein avgjerande grunn for at Frostatingslova generelt ber preg av mange og omfattande revisjonar, og av å vera meir oppdatert enn Den eldre Gulatingslova.

Dette gjeld sjølvsagt kristenretten, som var kyrkja, og dermed erkebispen, sitt domene. Den er noko meir omfattande og langt meir oppdatert enn den ein finn i Den eldre Gulatingslova. I Frostatingslova har ein til dømes tatt inn regelen i II-26 om at det var tillatt å fiska sild på vanlege heilagdagar, eit løyve som pave Alexander III gav i eit brev til erkebispen i Nidaros ein gong mellom 1159 og 1181. Denne regelen manglar i Den eldre Gulatingslova og i Kristenretten for Borgarting. Kristenretten i Frostatingslova ber generelt preg av tett kommunikasjon mellom erkebispesetet og pavestolen.

Samstundes skal ein vera merksam på at det heilt til Landslova av 1274 var tingallmugen som hadde siste ordet på tinget. Eit døme på dette har ein når det gjeld justeringa av slektskapsgrensa frå sjette til fjerde ledd. Slektskapsgrensa vart justert av Det fjerde laterankonsilet i 1215 etter at erkebispen i Nidaros hadde spurt pave Alexander III om å få ei slik endring for dei perifere delane av erkebispesetet, der det elles ville vera vanskeleg å finna nokon å gifta seg med. Slektskap vart likevel rekna ut til sjette ledd i Frostatingslova, til dømes i sjette bolk om sakøyre. At slektskapsgrensa etter kyrkjeretten vart justert på eit europeisk nivå som eit indirekte resultat av eit initiativ tatt av erkebispen i Nidaros, men at den likevel ikkje vart justert i Frostatingslova, seier noko både om erkebispesetet si rolle som politisk og juridisk drivkraft, men òg om avgrensa makt i høve til tingallmugen.

Ein kan vidare merka seg at i Frostating var spørsmålet om veg ei kristenrettssak etter III-19, og dermed kyrkja og erkebispen sitt domene, medan det i Den eldre Gulatingslova var kongen sitt domene. Det seier noko om erkebispen si sterke stilling i Frostating i høve til kongsmakta.

Med lov skal landet vårt byggjast

I kapittel 6 i Tingfarebolken (I-6) heiter det i Jan Ragnar Hagland og Jørn Sandnes si omsetjing av Frostatingslova: «Med lov skal landet vårt byggjast og ikkje med ulov øydast.» Utsegna er ikkje unik for Frostatingslova, men er òg å finna i Njålssaga, Jyske lov, Jarnsiða, Opplandslova og Helsingelova. Den danske rettshistorikaren Ludvig Schall Holberg hevda i Dansk og fremmed ret frå 1891 at utsegna stamma frå kanonisk rett, som vil seia kyrkjeretten. Knut Robberstad i artikkelen «To gamle retts-ordtak» frå 1949 kom derimot til at utsegna var henta frå romersk rett, der det heiter «civitatis fundaretur legibus». Dette er nok rett.

Ein skal merka seg at lærd rett dermed vart tatt inn i Frostatingslova, men omskriven og tilpassa gjennom tillegget «og ikkje med ulov øydast». Dette er på mange måtar ganske symptomatisk for heile Frostatingslova, som frå siste halvdel av 1100-talet fekk si form i skjeringspunktet mellom lærd rett og lokal tradisjon, mellom generell europeisk rettsutvikling og eigne lovvedtak.

Utgåver og litteratur

Frostatingslova er i dag tilgjengeleg i original språkdrakt i fyrste bind av Norges gamle love, utgjeve av Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch i 1846.

Frostatingslova er omsett til nynorsk av Jan Ragnar Hagland og Jørn Sandnes i 1994. Den vart omsett til engelsk av Laurence Marcellus Larson og utgjeven i The Earliest Norwegian Laws: Being the Gulathing Law and the Frostathing Law frå 1935. Den vart omsett til tysk av Rudolf Meissner og utgjeve i serien Norwegisches Recht i 1937 med tittelen Das Rechtsbuch des Frostothings. Jan Ragnar Hagland arbeider med ei ny omsetjing av Frostatingslova til engelsk.

Standardverket om Frostatingslova er «Om lova og lagdømet», av Jan Ragnar Hagland og Jørn Sandnes, som innleiar omsetjinga i Frostatingslova, og Frostatinget i et historisk lys, redigert av Ole Risbøl i 2017. Sjå òg artikkelen «To gamle retts-ordtak», publisert i Tidsskrift for Rettsvitenskap i 1949 av Knut Robberstad, og Archbishop Eystein as Legislator – The European Connection, redigert av Tore Iversen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg