Alltingsbygningen i Reykjavík, bygd i svart basaltstein, innvia i 1881. Kong Christian 9s våpenskjold over inngangen.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Alltinget er nasjonalforsamlinga på Island. Alltinget har 63 representantar.

Faktaboks

Også kjend som

isl. Alþingið.

Alltingsval blir halde kvart fjerde år. Siste ordinære val til Alltinget var 27. april 2013. På grunn av den politiske og parlamentariske krisa i landet etter offentleggjeringa av Panamadokumentene våren 2016, vart Alltingsvalet 2017 påskunda til 29. oktober 2016.

Det konservative Selvstendighetspartiet har vore største parti ved dei siste vala og styrka sin posisjon i 2016. Fremskrittspartiet, som på Island er eit sentrumsparti, gjekk kraftig tilbake som følgje av krisa. Piratpartiet, som vart stifta i 2012, overtok mange av proteststemmene og fekk det definitive gjennombrotet sitt i islandsk politikk. Etter valet 2016 er 30 av dei 63 representantane kvinner. Dette er den høgaste delen i verda.

Frå 1991 har Alltinget eitt kammer, med 63 utsendingar, valde frå seks valkrinsar for fire år, som utgjer forsamlinga. Sperregrensa er på fem prosent. Statsministeren leier regjeringa og er utpeika av presidenten for fire år, på vegner av eit fleirtal av Alltinget. Tingarbeidet blir leidd av ein formann.

Historikk

Alltinget vart truleg oppretta i år 930 på Tingvollen (islandsk Þingvellir), 40 kilometer nordaust for Reykjavík. Tinget er difor kalla den eldste rikssamlinga i verda. Alltinget var lagting for heile øya, og tingsamlingane vart haldne to veker om gongen, kvar sommar. Alltinget var frå byrjinga øvste mynde i riksstyret. Her kom dei tolv islandske tingkrinsane saman, ved godane, høvdingane for dei tre godedøma i kvar tingkrins, og to meddommarar utnemnde av desse. Tinget utgjorde den gongen 108 utsendingar, men vart seinare utvida til 144, då talet på godar auka. Alltinget tapte til dels den lovgivande betydninga si ved foreininga med Noreg, men bestod som overrett til 1800.

Lovseiemannen leidde samlinga på Alltinget, og godane oppnemnde 36 tingmenn til ein regulær domstol. I tillegg avgjorde ein eigen lagrett lovforhold. Alltinget dømde etter dei såkalla «ulvljotslovene», oppkalla etter den første lovseiemannen, som skal ha vorte send frå Noreg for å utforme eit samla lovverk. Ein uavhengig høgsterett vart oppretta kring år 1004.

Etter ei tid med innbyrdes strid lova dei islandske høvdingane i 1262–1264 truskap til den norske kongen og la landet statsrettsleg under norsk lov. Den lovgivande autoriteten vart då langt på veg flytta over til den norske krona. Ei ny lovbok som bygde på Frostatingslova og Gulatingslova, Járnsíða, vart dermed lagd fram for Alltinget av Magnus Lagabøte og godkjend der i 1271–1273. Berre ti år seinare vart denne lovboka, etter hard motstand, erstatta av Jónsbók, ei meir samlande lovbok som braut med den eldre islandske lovtradisjonen som var skriven ned i Grágás. Jónsbók vart omarbeidd i 1662. Denne forma vart grunnlaget for den islandske rettsordninga fram til nyare tid og er framleis delvis i bruk.

Maktbalansen mellom godane vart endra på 1200-talet, då ein gode fekk hand om fleire godedøme. Under Magnus Lagabøte vart det difor gjort endringar i samansetninga, med 140 nemndemenn, som ikkje var knytte til godane, men oppnemnde av kongen. Lovseiemannen vart skifta ut med to lagmenn. Samtidig vart Alltinget gjort til islandsk høgsterett, og slik heldt det fram som domstol under norsk overstyre. Domsmakta vart lagd til ein lagrett av 36 tingmenn, utnemnde av sysselmannen.

Etter reformasjonen låg Island formelt under Danmark, og sentralstyret vart gradvis sterkare. Makta til lagmennene vart svekt då ein ny overrett vart oppretta i 1593, og Alltinget si rolle vart ytterlegare utfordra med innføringa av eineveldet i 1662. I år 1800 vart Alltinget til slutt avskaffa og bytt ut med ein ny landsoverrett i Reykjavík.

I 1814 var Island formelt overført til Danmark, men i dei komande tiåra vaks den islandske sjølvstyrerørsla. Ein eigen ombodsråd vart oppretta for Reykjavík i 1838, og i 1843 vart Alltinget gjeninnført, no som ei politisk rådgivande forsamling, med sete i Reykjavík. Tinget kom saman nokre veker annakvart år.

Ei eiga islandsk statsforfatning vart så godkjend av det danske Folketinget i 1874. Vedtaket gav Alltinget ei viss lovgivande makt og rett til å forvalte eit nasjonalt budsjett. Island vart framleis styrt av den danske justisministeren, men frå 1904 fekk landet ei ordning med heimestyre, leidd av ein islandsk minister.

Frå 1918 var Island formelt ein sjølvstendig stat, i personalunion med Danmark. I 1944 heldt landet ei folkeavstemming som hevda fullt sjølvstende og utropte landet til republikk. Alltinget vart lovgivande forsamling for det sjølvstendige Island og deler den lovgivande makta med presidenten. Alltingbygget er teikna av Ferdinand Meldahl, bygd i basalt og oppført i 1880‒1881.

Samansetjinga av Alltinget frå 2013

Parti Stemmer 2013 (%) Plassar 2013 Stemmer 2016 (%) Plassar 2016 Stemmer 2017 (%) Plassar 2017 Stemmer 2021 (%) Plassar 2021
Selvstendighetspartiet 26,7 19 29,0 21 25,2 16 24,4 16
Fremskrittspartiet 24,4 19 11,5 8 10,7 8 17,3 13
Samfylkingin1 12,9 9 5,7 3 12,1 7 9,9 6
Grønn-Venstrealliansen 10,9 7 15,9 10 16,9 11 12,6 8
Lys Framtid 8,2 6 7,2 4 1,2 0 - -
Piratpartiet 5,2 3 14,5 10 9,2 6 8,6 6
Reformpartiet - - 10,5 7 6,7 4 8,3 5
Folkets parti - - 3,5 0 6,9 4 8,8 6
Senterpartiet - - - - 10,9 7 5,4 3

1 Dei tidlegare partia Sosialdemokratene og Folkealliansen

Samansetjinga av Alltinget 1945 til 2009

1946 1949 1953 1956 1959 1963 1967 1971 1974
Selvstendighetspartiet 19 19 21 19 24 24 23 22 25
Fremskrittspartiet 14 17 16 17 17 19 18 17 17
Sosialdemokratene 10 9 7 8 9 8 9 6 5
Folkealliansen1 9 7 6 8 10 9 9 10 11
Liberale venstre 1 5 2
Andre 22
I alt 52 52 52 52 60 60 60 60 60
1978 1979 1983 1987 1991 1995 1999 2003 2007 2009
Selvstendighetspartiet 20 21 23 18 26 25 26 22 25
Fremskrittspartiet 12 17 14 13 13 15 12 12 7
Sosialdemokratene 14 10 6 10 10 7 177 207 18
Folkealliansen 14 11 10 8 9 9 7 7 -
Grønn-Venstrealliansen 6 5 9
Kvinnelisten 3 6 5 3 7 7
Borgerpartiet 7
Liberale parti 2 4 4
Andre 13 44 15 46 48
I alt 60 60 60 63 63 63 63 63 63

Noter:

1 Før 1956 Kommunistene

2 Det nasjonale parti

3 Utbrytar frå sjølvstendepartiet

4 Sosialdemokratiske forbund

5 Uavhengig kandidat

6 Folkebevegelsen, utbrytargruppe frå sosialdemokratene

7 Sosialdemokratene har 1999 og 2003 stilt felles liste med Folkealliansen og Kvinnelisten under namnet Forente Venstre

8 Borgerbevegelsen

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jón Viðar Sigurðsson: Det norrøne samfunnet: vikingen, kongen, erkebiskopen og bonden. Oslo 2008

Kommentarar (2)

skreiv Knut Are Tvedt

valget 2013: Selvstendighetespartiet 19, Fremskrittspartiet 19, sosialdemokratene 9, grønn-venstealliansen 7, andre 9 (lysende framtid 6 og piratpartiet 3).

svarte Marte Ericsson Ryste

Hei Knut Are,Takk for oppdatering.Jeg har endret artikkelen slik at informasjonen om Alltinget er samlet på et sted, og oppdatert med siste valg. I tillegg har jeg flyttet artikkelen til deg siden det er du som følger løpende politikk.Bildet forstyrrer første tabell når man er logget inn i leksikonet, men det skal fikses.Mvh Marte

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg