Dei vitskaplege arbeida til Indrebø blir framleis lesne. Det er nok likevel mest som språkpolitikar ettertida kjenner han. Frå 1920-åra engasjerte han seg sterkt målpolitisk, som skribent og folketalar. Han hadde ingen sans for å utvide normgrunnlaget for nynorsken og tillate former som veik av frå tradisjonsnynorsken, det vil seie former som var i bruk i austnorske, trøndske og nordnorske dialekter. Han argumenterte difor kraftig mot rettskrivingsreform i 1938 som han meinte ville vere heilt øydeleggjande for det nynorske skriftspråket.
Indrebø var også eit aktivt organisasjonsmenneske. Han var formann (som det da heitte) i Noregs Mållag frå 1929 til 1931 og nestformann til 1942, og formann i Det Norske Samlaget frå 1923 til 1929. Mellom mykje anna var han sterkt engasjert i arbeidet med nynorsk bibelomsetjing og utgjevinga av Nynorsk salmebok som kom i 1925. Han stod fast på at idégrunnlaget for målreisinga ikkje var sosialt eller pedagogisk, men nasjonalt; nynorsk var det einast tenkelege nasjonale riksmålet.
Trass i denne sterke identifiseringa med Aasen-nynorsken var han ikkje fødd inn i målrørsla. Dei første barneåra hadde han i Jølster, der foreldra kom frå. Men familien flytta til Oslo i 1901, så han lærte riksmål/bokmål på skolen. Det var først på Oslo lærarskole der han hadde målmannen Olav Midttun som norsklærar, at han møtte nynorsk i skolesamanheng. Enda seinare, mens han var student, i 1915/16, gjekk han over til å skrive og tale nynorsk.
Mindre skrifter og ein del artiklar av Indrebø er samla i Nynorsk og bokmål (1932), God norsk (1937) og Kva er målreising? (1976). I all ettertid har Indrebø verka som eit samlingsmerke for dei som framleis argumenterer for det tradisjonelle nynorske skriftmålet, i-målet. Til det kanskje meir kuriøse høyrer at han hadde ein sterk renessanse på 1980-og 90-talet blant ungdommen, da dei som såg på seg sjølve som dei mest radikale i ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, Norsk Målungdom, hadde Indrebø som språkpolitisk forbilde og guru (ved sida av Aasen, sjølvsagt). Somme øvde seg også i å skrive i-mål så godt dei kunne. Dette språkpolitiske linjeskiftet dominerte ikkje berre blant målungdommen, men kom til å påverke den språkpolitiske debatten i heile målrørsla i eit par tiår.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.