John Lyng

Faktaboks

John Lyng
Johan Daniel Fürstenberg Lyng
Født
22. august 1905, Trondheim
Død
18. januar 1978, Bærum
John Lyng var Noregs statsminister frå 28. august til 25. september 1963, og utanriksminister i perioden 1965–1970.
Av /Stortingsarkivet.

John Lyng. Foto fra 1967.

Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

John Lyng var ein norsk jurist og politikar frå Høgre. Han var Noregs statsminister frå 28. august til 25. september 1963, og utanriksminister i perioden 1965–1970.

Bakgrunn

Det eigentlege namnet til John Lyng var Johan Daniel Fürstenberg Lyng, det same namnet som den mektige oldefaren hans, grunnleggaren av Lyng-dynastiet i Trondheim og den store handelsbedrifta som familien hadde. Alt som barn vart John Lyng ein kraftig motstandar av det lange namnet sitt, han vart erta for det, og han valde seg sitt eige korte namn, John Lyng. Ikkje vart han forretningsmann heller, slik tradisjonen i familien skulle tilseie.

I 1923 reiste han til Oslo for å studere jus, og i 1932 opna han eiga sakførarforretning i Trondheim. Der kom han inn i lokalpolitikken, men ikkje for Høgre. Hausten 1934 vart han nominert på lista til Frisinna Venstre. Då andre verdskrigen kom, sat han i bystyret i Trondheim for Frisinna Venstre, eit parti som sto på gravens rand og som døydde med krigen. I studietida i Oslo hadde han eitt år vore innom det ultraradikale miljøet i Mot Dag, men det ville han ikkje høyre så mykje snakk om seinare. Den politiske ungdomstida hans vitnar om ei søkjande sjel, og det var han også resten av livet.

Under den tyske okkupasjonen av Noreg under andre verdskrigen dreiv han med illegalt arbeid i Trondheim, og måtte flykte til Sverige i 1943. I åra 1943–1944 ved den norske legasjonens rettskontor i Stockholm, og frå mai 1944 ved Justisdepartementet i London. Der vart han også kjent med C. J. Hambro, og vart raskt oppteken i den indre krisen av høgrefolk som skulle kome til å dominere partiet etter krigen.

Lyng var ein av dei i den norske statsadministrasjonen i eksil i London som hadde planlagt det første etterkrigsvalet, og i 1945 vart han innvald på Stortinget.

Lyng som jurist

Lyng var utdanna cand.jur. og vart høgsterettsadvokat i 1947.

I perioden 1945–1947 var han statsadvokat i landssviksaker, og gjorde seg mellom anna notert som aktor i den store Rinnan-saka under landssvikoppgjøret.

Som aktor i Rinnan-saka i Trondheim i 1946 vart John Lyng ein av dei første store «kjendisane» i etterkrigstida. Heile landet følgde med i denne største og mest kompliserte straffesaka vi har hatt i Noreg. Lyng reiste sak mot 30 personar, hovudpersonen sjølv, Henry Oliver Rinnan og dei sentrale medhjelparane hans. Berre tiltalen mot Rinnan var delt opp i 50 hovudavsnitt. Lyng hadde full oversikt over dette veldige materialet, og sluttinnlegget hans i saka gjekk over fire dagar. Då hadde han berre stikkord og nokre få notat å halde seg til. I fem månader varte denne rettssaka. Rinnan sjølv og 11 medhjelparar vart dømde til døden, to vart seinare gitt nåde.

John Lyng har på ein meisterleg måte samanfatta denne saka i boka si, «Forræderiets epoke».

Han var dommar i Trondheim byrett i 1945, lagmann i Agder i 1951, og fylkesmann i Oslo og Akershus i perioden 1964–1970.

Politisk virke

Lyng var medlem av Trondheim bystyre, formannskap og finansutval i perioden 1935–1945, stortingsrepresentant for Trøndelagsbyene i perioden 1945–1953, og han prøvde å vinne eit mandat for Høgre i Telemark ved valet i 1953, men nådde ikkje opp. I åra 1955–1959 var han medlem av Skien, og i 1958–1965 stortingsrepresentant for Akershus.

I Høgre verka han snart som C. J. Hambros arvtager og var parlamentarisk leiar i åra 1958–1965. Han markerte seg som ein svært dyktig parlamentarikar med realpolitisk legning. På fleire område kom Lyng til å stå for ei omforming av sitt partis politiske retningslinjer, og han utbygde gradvis tillitsforholdet mellom dei borgarlege partia.

Arbeid for borgarleg koalisjonsregjering

I heile mellomkrigstida prøvde Hambro å få til eit samarbeid med Johan Ludwig Mowinckel om ei breiare koalisjonsregjering på høgreside, men utan å lykkast. Hambro hadde derfor gitt opp, men Lyng ville prøve, og den nye generasjonen høgrepolitikarar som kom på Stortinget etter krigen, med Sjur Lindebrække i spissen, innsåg etter kvart at skulle ein bryte Arbeidarpartiets maktmonopol, så måtte det etablerast eit realistisk alternativ. Tidleg i 1950-åra tok John Lyng til å arbeide for det.

Eit heilt avgjerande middel var å endre valordninga. Ved valet i 1949 hadde Arbeidarpartiet fått 85 av dei 150 mandata, mens dei borgarlege partia hadde fått berre 65, og det endå dei borgarlege partia samla hadde nesten 40 000 fleire stemmer. Det var den såkalla «bondeparagrafen» som måtte opphevast. Byane og landdistrikta var kvar sine valdistrikt, og det var grunnlovsfesta at landdistrikta skulle ha to tredjedelar av mandata på Stortinget. I si tid vart ordninga innført for å sikre at dei relativt små byane skulle få fleire mandat enn dei etter folketalet skulle ha hatt, men no hadde byane blitt store og skilnaden i folketal mellom by og land var om lag 2:1 (sjå valordning i Noreg). Dermed vart paragrafen grovt diskriminerande for byane.

John Lyng inngjekk eit kompromiss med Arbeidarpartiet om å avskaffe bondeparagrafen mot at Ap gjekk med på å endre det første delingstalet ved mandatfordelinga frå 1,5 til 1,4. Det siste ville vere til fordel for dei mindre partia. Avstemminga var ein thriller, men Lyng fekk med seg 13 frå Høgre, fire frå Venstre og ein frå KrF, og saman med heile Ap-gruppa vart det grunnlovsmessig fleirtal. Henry Valen har rekna ut at med bondeparagrafen intakt ville Arbeidarpartiet ha fått reint fleirtal ved alle val fram til 1969.

Dei første to periodane sine på Stortinget engasjerte John Lyng seg særleg i saker som handla om statens aukande makt over borgarane. Han hadde særleg kompetanse i debatten om rettsoppgjeret etter krigen, og meinte det var altfor stort lagt opp. Det var feil å nytte omgrepet «landssvikar» på ein som berre var NS-medlem under krigen, meinte han. Alt i 1948 gjekk han mot bruken av dødsstraff. Også under drøftinga av beredskapslovene i 1950, sto Lyng i spissen for å få fjerna dei mest ekstreme og udemokratiske paragrafane. Det same var tilfelle med dei omstridde prislovene.

I 1953 gjekk han ut av Stortinget for å bli lagmann i Agder. Alt i 1951 hadde han blitt utnemnd i dette embetet og familien hadde flytta inn i embetsbustaden i Skien. Han var lei av å vere i stendig opposisjon, og med små utsikter til eit maktskifte. Han sa nokså klart og tydeleg at han aldri meir ville bli stortingsrepresentant, men godtok å stille ved valet i 1957. Denne gang på sikker plass frå Akershus. Han blir vald til parlamentarisk leiar for Høgre i mai 1958, og no gjekk han for alvor i gang med det store prosjektet sitt: å skape eit realistisk borgarleg regjeringsalternativ.

Ein ny kurs

John Lyng da han i 1973 lanserte boka Vaktskifte. Erindringer 1953 - 1965. På bokomslaget på plakaten bak går statsminister Gerhardsen ned fra Stortingets talerstol under debatten om Kings Bay-ulykken, mens John Lyng er på vei opp.

John Lyng
Av /Aftenposten.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Det første som skjedde var at dei tre sentrumspartia, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Bondepartiet, prøvde å skape samarbeid i sentrum. Ikkje minst Bondepartiet som i 1959 skifte namn til Senterpartiet, ivra for det. Venstre på si side var i ferd med å omvurdere Gunnar Knudsen sin gamle strategi og at Venstre berre skulle samarbeide med parti til venstre. No måtte partiet støtte eit sentrumssamarbeid, varsla Venstre-høvdingen Bent Røiseland på landsmøtet i 1960, eller så ville han gå av. Han fekk så vidt fleirtal for samarbeid.

John Lyng valde som parlamentarisk leiar å legge om Høgre sin politiske kurs inn mot sentrum for på den måten å gjere det lettare for sentrumspartia å velje ei brei løysing. Eit særleg godt forhold fekk han til Røiseland. Også mellom Arbeidarpartiet og dei borgarlege partia var avstanden blitt mindre.

Ei sentrumsløysing viste seg raskt urealistisk. Dei tre partia ville dessutan ikkje ha realistisk håp om fleirtal åleine. John Lyng greidde til slutt å overtale både Senterparti-leiaren Per Borten, Venstre-leiaren Bent Røiseland og KrF-leiaren Einar Hareide om at eit breiare samarbeid ville vere det beste, men så kom første runde i EEC-striden i 1961 og 1962, og det gjorde eit breitt borgarleg samarbeid urealistisk.

I 1963 la den franske presidenten Charles de Gaulle ned veto mot britisk medlemskap i EEC, og dermed var saka ute av også den norske debatten nokre år framover. I 1961 hadde Arbeidarpartiet mist det reine fleirtalet sitt, og sjansen for å felle Einar Gerhardsens regjering vart noko meir realistisk.

Våren 1963 dukka den såkalla Bakkane-saka opp. Justisminister Jens Haugland hadde utnemnd ein Ap-mann som ny sjef på Politihøgskolen endå det var andre søkjarar som var betre kvalifisert. Det vart framsett mistillitsforslag. Dei to representantane frå Sosialistisk Folkeparti (SF) stemte imot og berga regjeringa, men alle dei borgarlege partia stemte samla for.

Kings Bay-saka

John Lyng under Kings Bay-debatten i Stortinget i august 1963.
Av /Dagbladet/Norsk Folkemuseum.
Lisens: CC BY NC ND 3.0

Så melde dei første store industrisakene seg etter tur. Partileiarane på borgarleg side drøfta spørsmålet om å ha ein regjeringsberedskap i tilfelle det skulle bli krise. Røiseland meinte ei Høgre-regjering med støtte frå dei andre var det mest naturlege, men andre i Venstre var på glid i retning av å støtte ei fireparti-regjering. Då Kings Bay-saka dukka opp sommaren 1963, var alle fire partia samde om at dersom det no vart krise, så burde dei skipe ei brei borgarleg regjering. Ikkje minst tilliten til Lyng gjorde dette mogeleg.

Den fire dagar lange Kings Bay-debatten i Stortinget enda med at også Finn Gustavsen og Asbjørn Holm frå SF støtta eit mistillitsframlegg mot regjeringa, og regjeringa Gerhardsen måtte gå. Gustavsen og Holm vart utsette for eit enormt press i retning av at dei ikkje måtte felle ei Ap-regjering, men dei ga seg ikkje.

Statsminister

Debatten etter Kings Bay er ein av dei mest dramatiske i nyare norsk historie. Etter 28 år med Ap-styre skulle det no skje eit maktskifte. Lyng hadde budd seg på det som kunne kome, og det gjekk overraskande greitt å bli samde med dei andre partia om talet på og fordelinga av statsrådpostar.

Mykje var avklart på førehand. Lyng prøvde å få både Borten og Røiseland med i regjeringa, men ingen av dei ville. Alle visste at denne regjeringa ikkje ville bli sitjande lenge. SF varsla vilje til å felle den nye regjeringa ved første høve. Levetida var difor avhengig av Arbeidarpartiet. Landsstyret i partiet vart innkalla og gjekk inn for felling snarast råd. Berre nokre få av medlemene ønskte å gi regjeringa meir tid.

Lyngs regjeringserklæring i 1963 vart det politiske grunnlaget for den fellesborgarlege framferda som leidde fram til valsigeren i 1965.

Lyng-regjeringa var med sin knappe månad ved makta for ein fotnote å rekne om ein tenkjer på det regjeringa rakk å utføre. Symbolverdien var derimot enorm. På same måten som den endå kortare Hornsrud-regjeringa i 1928 viste at Arbeidarpartiet kunne nå fram gjennom den parlamentariske vegen, så viste Lyng-regjeringa at den ikkje-sosialistiske sida kunne få makt om partia sto saman. Sjølv ikkje Gerhardsen var uslåeleg. I ein slik samanheng vart Lyng-regjeringa eit politisk tidsskilje.

Einar Gerhardsen skipa på nytt regjering hausten 1963, som sat til 1965.

Utanriksminister i regjeringa Borten

Per Borten med regjeringa på slottsplassen, 21. oktober 1965. Utanriksminister John Lyng er nummer tre frå høgre.
Av /Riksarkivet.
Lisens: CC BY SA 4.0

Resultatet etter valet i 1965 vart borgarleg fleirtal på Stortinget for første gang etter krigen, og det var klart for ei ny firepartiregjering. Mens det i 1963 gjekk greitt å få sett saman ei firepartiregjering, skulle det bli vesentleg vanskelegare i 1965. Både Venstre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti hadde sterke krav om å få statsministeren. Høgre ville ha Lyng på nytt. Lyng sjølv var i tvil om han ville. I 1964 hadde han blitt fylkesmann i Oslo og Akershus, han var ute av Stortinget. I 1965 ville han helst bli utanriksminister.

Lyngs eigen kandidat til statsministerposten var Venstres Bent Røiseland. Senterpartiet ville ha Per Borten og Kristeleg Folkepartis primære krav var at Kjell Bondevik skulle bli kyrkje- og undervisningsminister. Det kunne ikkje Venstre godta, men Senterpartiet sa ja mot at KrF støtta Borten. Til sjuande og sist vart det Høgre-gruppa som avgjorde, og i den gruppa var det ein aksjon på gang til støtte for Borten og bak John Lyngs rygg. Dei mørkeblå røysta for Borten og dei lyseblå for Røiseland. Borten vann med 20 stemmer. Røiseland fekk 10.

Regjeringa Borten gjekk svært bra dei første fire åra, men så tok det til å knake. I mai 1970 trakk Lyng seg ut av regjeringa, som satt eit snaut år til. Statsminister Borten kalte seinare samarbeidet mellom dei fire partia for å «bære staur».

Nyorientering

Den første store utanrikspolitiske talen til Lyng i Stortinget var imøtesett med forventning, og det vakte oppsikt blant pressefolka at han gjekk på talarstolen utan manuskript og heldt ein times langt foredrag som stemte på ein prikk med det manuset som journalistane hadde fått utlevert på førehand. Lyng hadde attpåtil skrive manuset sjølv på si eiga skrivemaskin. Det hadde ikkje skjedd sidan Halvdan Kohts dagar i departementet. Halvard Lange (utanriksminister 1946–1963 og 1963–1965) fekk som regel andre til å skrive talane sine.

Som utenriksminister la Lyng vekt på å utbedre forholdene til Øst-Europa, og han prøvde seg med ei varsam nyorientering i norsk politikk overfor Sovjetunionen. Han var kritisk til amerikanarane si framferd i Vietnam under Vietnamkrigen, og dreiv ei tid med god hjelp av ambassadør Ole Aalgård ei slags meklarverksemd i den konflikten. Han vart også kjent for motstanden mot juntaen i Hellas.

Mest kritikk for si utanrikspolitiske line fekk Lyng i eige parti. Det hadde han nok rekna med. Han var mykje ute og reiste og fekk difor i for liten grad høve til å delta i den politiske prosessen utanfor det som no var hans eige fagfelt. Det tapte regjeringa på, men Lyng ville det nok slik sjølv. Innanrikspolitikken var han ferdig med. Våren 1970 trådte han etter eiget ønske ut av regjeringa.

Utgivingar

Lyng gav ut Den tørre juss (1928, saman med Arnljot Engh), Norsk idrett (1937), Forræderiets epoke (1948), Veksten i makta til staten (1958) og memoarbøkene Brytningsår (1972), Vaktskifte (1973), Mellom øst og vest (1976) og Fra borgfred til politisk blåmandag (1978).

John Lyng er faren til Jon Lyng.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Langslet, Lars Roar: John Lyng : samarbeidets arkitekt, 1989, isbn 82-02-11184-6, Finn boka

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg