Bent Røiseland

Faktaboks

Bent Røiseland
Født
11. oktober 1902, Holum, Mandal
Død
31. oktober 1981, Mandal
Av /Stortingsarkivet.

Artikkelstart

Bent Røiseland var bonde, stortingsrepresentant for Venstre frå Vest-Agder i nesten 30 år, mangeårig partileiar og parlamentarisk leiar.

Bakgrunn

Bent Røiseland var fødd i Holum (no Lindesnes) i Vest-Agder (no Agder) og døydde i Mandal (no Lindesnes) i Vest-Agder. Han tok examen artium ved Kristiansand katedralskole i 1923 og dreiv heimgarden i Holum frå 1925 til 1960. Han arbeidde som likningssekretær i 1936–1940.

Politisk karriere

Røiseland var leiar i Holum Venstre i 1930–1940, kommunestyrerepresentant i Holum i 1931–1940, dei to siste åra i formannskapet. Han var leiar i Vest-Agder Venstre i 1936–1940 og 1945–1946 og partileiar i Venstre i 1952–1964. Han var då den første bonden som var leiar for partiet.

Røiseland blei vald inn på Stortinget frå Venstre for Vest-Agder i 1945, og vart attvald fram til 1973. Røiseland var parlamentarisk leiar i Venstre frå 1954 til 1971 og lagtingspresident frå 1954 til 1969. Størsteparten av tida på Stortinget sat han i utanriks- og konstitusjonskomiteen.

Røiseland var ein folkeleg og respektert politikar. Han var for norsk medlemskap i EU (den gongen EF) og NATO, tok tydeleg standpunkt for Israel i Midtausten og meinte at skulen skulle vere offentleg og ha eit kristent verdigrunnlag. Røiseland var for norsk bistand og mot dødsstraff allereie under rettsoppgjeret etter andre verdskrigen.

Då Venstre blei splitta etter EF-striden i 1972 melde Røiseland seg ut av Venstre. Han var med då og stifta Det Liberale Folkepartiet (seinare Det Nye Folkepartiet).

Andre verv

Røiseland hadde ei rekkje tillitsverv, spesielt innanfor det kristne organisasjonslivet. Han var leiar i Det Norske Misjonsselskap i Mandal i 1937–1949, sat i representantskapet for Vårt Land og Andvake og hadde fleire verv i Agder indremisjon. Han var òg leiar av Holum skogeigarlag og dessutan målmann.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Garvik, Olav, Marianne Røiseland og Jens Vetland. Røiseland. Statsministeren vi ikke fikk. 2003.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg