Faktaboks

Immanuel Kant
Fødd
22. april 1724, Königsberg, Prøyssen (nå Kaliningrad, Russland)
Død
12. februar 1804, Königsberg, Prøyssen
Immanuel Kant
Av .
Immanuel Kant, ca. 1790 («Dresden-portrettet»)

Immanuel Kant, måla ca. 1790, antakeleg av ein av studentane til portrettmålaren Anton Graff (kanskje Elisabeth von Stägemann). Måleriet blei øydelagt under andre verdskrigen.

Immanuel Kant var ein tysk filosof, grunnleggjar av pliktetikken og talsmann for den menneskelege fornufta, eit grunnsyn som gav menneska vørdnad og sjølvtillit, og som bana veg for demokratiet.

Han studerte teologi, naturfag og filosofi, og i 1746 skreiv han ei avhandling om naturvitskap. Fram til 1754 praktiserte han som huslærar. I 1755 publiserte han Allgemeine Naturgeschichte und Theorie des Himmels (Allmenn naturhistorie og teori om himmelen) og skreiv same året ei avhandling om metafysikk. Han fekk stilling ved universitetet og vart utnemnd til professor i 1770.

Kant stilte dei klassiske spørsmåla om kva ein kan vite, og korleis ein skal handle, og han gav nye svar. Han delte rasjonalismen sitt vitskapssyn, som hevda at vi ved hjelp av fornufta kan tenkje oss fram til sann kunnskap. Men han var òg einig med empiristane, som hevda at all kunnskap stammar frå sanseerfaring. I Kritik der reinen Vernunft (1781, norsk utgåve Kritikk av den rene fornuft) utforskar han grensene for fornufta med omgrepa «das Ding für mich» (verda slik eg opplever henne) og «das Ding an sich» (verda slik ho eigentleg er).

I Kritik der praktischen Vernunft (1788, norsk utgåve Kritikk av den praktiske fornuft) utviklar han den filosofiske morallæra si. Han hevdar at sidan mennesket er eit fornuftsvesen, er det òg i stand til å skape sine eigne moralnormer. Vi treng ikkje ytre autoritetar til å fortelje oss kva som er rett og gale. Den innsikta får vi gjennom vår indre morallov, som vert styrt av «det kategoriske imperativ». Morallova er universell, og kjernen i Kant sin pliktetikk er at mennesket må handle i tråd med morallova.

Filosofien hans har påverka moralfilosofien til John Rawls (1921–2002), vitskapsteorien til Karl Popper (1902–1994) og den politiske tenkinga til Jürgen Habermas (født 1929).

Erfaring og fornuft

På 1700-talet stod to konkurrerande kunnskapssyn mot kvarandre i Europa. Dei skilsetjande oppdagingane innanfor mekanikk og astronomi hadde lagt grunnlaget for rasjonalismen, som hevda at den menneskelege forstanden i prinsippet kan fatte og forklare alt. Naturvitskapen kunne dermed formulere allmenngyldige lover. Kant delte rasjonalismen sitt syn på at vi kan kome fram til sikker kunnskap gjennom tenking. Samtidig hadde han sans for dei britiske empiristane, som hevda at det er erfaringane våre som gir oss kunnskap, i dagleglivet ved å bruke sansane, i vitskapen ved å drive eksperiment.

Kant vegra seg mot å akseptere at vi må vere skeptiske til all kunnskap som ikkje er erfaringsbasert. Det ville rokke ved vitskapelege innsikter, for ifølgje empirismen kan kunnskap berre vere nesten sann, fordi han er mellombels. Vi kan ikkje vere sikre på at somrar alltid vil vere varmare enn vintrar, eller at tyngdekrafta vil gjelde i all framtid. Erfaringar er ikkje endelege, og vitskapelege teoriar kan heile tida verte tilbakeviste av nyare forsking.

For Kant galdt det å få dei to modellane til å gå i hop. Han tok utgangspunkt i at både erfaring og fornuft er nødvendig for å utvikle tenking. All kunnskap startar med erfaring, men stansar ikkje der. Fornuftstenking tek oss vidare, men også den har sine grenser. Grensene for sikker kunnskap er temaet i Kritik der reinen Vernunft.

I studien om fornufta skil han mellom to kunnskapsformer. Den eine er sanseerfaringane, som stammar frå oss sjølve og uavbrote formidlar eit vell av inntrykk. Den andre er strukturar i hjernen som ordnar sanseinntrykka på ein systematisk måte. Utan desse ordnande prinsippa ville sanseinntrykka vere kaotiske. Menneska er skapte slik at vi har grunnleggjande forståingsformer som organiserer ytre inntrykk på ein meiningsfull måte. Til dømes er alle erfaringar bundne til tid og rom og tolka i årsakssamanhengar.

Kant utvikla eit finmaska system av grunnformer som går føre tanken. Essensen er at desse formene er på plass i utgangspunktet, som ein del av sanseapparatet. Vi kan ikkje erfare dei, men heller ikkje tvile på dei. Samanhengen mellom erfaring, etterpåkunnskap og dei medfødde forståingsformene, a priori-kunnskapen, kan samanliknast med mennesket si språkevne. Alle språk har ein ibuande grammatikk, men menneska lærer seg å snakke heilt utan å ha kunnskap om grammatikken.

Grensene for fornufta

Kant si todeling av fornufta avspeglar todelinga han gjer av verda. Vi får tilgang til den objektive verda gjennom dei fenomena vi subjektivt kan erfare, tingen slik han er for meg. Og endå meir, det er slik røyndomen vert til, det er medvitet vårt som skaper han. Vi kan avdekkje lovmessige samanhengar fordi medvitet er innretta slik at vi opplever dei som lovmessige. Sidan fysikk og matematikk nettopp handlar om grunnformer som tid, rom og rekkjefølgje, er dei forståingsformer som er gitt oss på førehand, og difor sanne. Vitskapen og naturlovene var berga.

Inndelinga av tilværet i slik eg opplever det, «das Ding für mich», og tilværet slik det eigentleg er, «das Ding an sich», er eit pedagogisk grep for å forstå ulike perspektiv på den same heilskapen. Det same gjeld inndelinga av fornufta. Vi har berre éi fornuft, men ho er vinkla mot ulike delar av røyndomen. Mennesket treng omgrep og kategoriar for å hanskast med kompleksiteten i verda og i eige sinn.

Resonnementa om mennesket som medskapar av verda utfordra Bibelen si skapingshistorie og gjorde menneska likare Gud. Det var å gå for langt for Kant. Han ville skape rom for både tenking og teologi og slo fast at trass i alt det storslegne fornufta kan fatte, strekkjer ho ikkje til for å forstå det som ligg utanfor fenomena. Fornufta kan ikkje bevise eller motbevise Guds eksistens, eller andre forhold som berre finst som hypotesar. Ein treng ikkje dermed forkaste hypotesane, men ein treng andre erkjenningsformer for å fatte dei. Her kan vi ikkje vite, her må vi tru. Sidan kristendomen byggjer på openberringar, gir det prestane tolkingsmakt i trusspørsmål. I verdslege samanhengar har kyrkja si lære ingen plass.

I Religion innerhalb der Grenzen der bloßen Vernunft (1793, norsk utgåve Religionen innenfor grensene av den blotte fornuft) skriv Kant om forholdet mellom religion og filosofi. Han spør om moralen har behov for religiøse argument, og svaret går i retning av at både det moralsk gode og det religiøse gudsomgrepet er underlagt fornufta. Kyrkja si rolle er å støtte opp under den fornuftsbaserte morallæra. Han ser filosofi og teologi som livsområde som kan utfylle kvarandre. Menneska har ein hang til å spekulere på alt, også det som ligg utanfor fornufta sine grenser. Sjølv om idear om gud og frelse, fortaping og æve berre er idear, er dei ikkje overflødige. Menneska har både intellekt, tru og kjensler, og dei ulike erfaringsformene er med på å gjere oss til heile individ.

Morallova

Å vere eit moralsk menneske er å gjere det gode. Utfordringa er å verte samde om kva som er det gode, og korleis vi kan realisere det. Tradisjonelt hadde kyrkja hatt monopol på å definere moralen, i tillegg gav styresmaktene reglar for åtferd. Kant meinte at verken religiøse eller juridiske moralargument heldt mål fordi dei er bundne til tid og stad og er baserte på ytre tvang. Moralen må vere universell, og han må byggje på fornuft. Dette er temaet i Kritik der praktischen Vernunft (1788, norsk utgåve Kritikk av den praktiske fornuft), der han utviklar ei filosofisk morallære.

Kant argumenterer for at ideen om det moralsk rette, morallova, er kunnskap som er lagt ned i oss a priori. Gjennom si lange historiske utvikling har menneskeslekta fått ei innebygd kjensle for kva som er gode handlingar. Difor er morallova felles for alle, difor er ho absolutt, og difor ligg det moralske ansvaret hos den enkelte. For å kunne følgje den indre morallova må individet vere fritt til å handle utan å verte overstyrt av politiske eller religiøse lover. I tillegg må ein gjere det gode av dei rette grunnane. Utsikter til godt samvit, eiga lukke eller sosial anerkjenning duger ikkje. Heller ikkje er det nok at handlingane fører til gode resultat. I pliktetikken er det sinnelaget som tel.

Kant, som sjølv underviste i antropologi, var i høg grad klar over at moralnormer varierer rundt om i verda. Det som vert sett på som prisverdige handlingar i eitt samfunn, kan verte oppfatta som forkastelege i andre. Kven sine normer er det då som skal gjelde? Ved å tøme morallova for konkret innhald berga Kant morallova frå relativismen, som hevdar at kva som er rett og gale, alltid er farga av samfunnet og situasjonen. For Kant er det ikkje bestemte handlingar som er rette, men motivet for handlingane.

Kriteriet på gode handlingar er at dei følgjer den viljen morallova byd. Boda er kategoriske, og det er vår plikt å lyde dei. Dei kategoriske imperativa fekk ein sentral plass i morallæra. Handlingane våre skal vere av ein slik natur at dei kan gjerast til grunnlov for heile verda, lik den gylne regelen om å gjere mot andre slik du vil at dei skal gjere mot deg. Eit utfyllande krav er at ein aldri skal bruke andre menneske berre som middel for å oppnå noko.

Morallova stilte høge krav, og ho vart kritisert for å vere idealistisk og ugjennomførleg. Berre handlingar som vert utførte av moralsk plikt, er gode. For Kant var sinnelagetikken den djupaste formen for etisk grunngiving. Han var skeptisk til konsekvensetikken, som meiner at det er resultata av handlingane våre som tel. Det legitimerer ein relativistisk moral, for vurderinga av kva som er godt, vil variere. Likevel opna Kant for konsekvenstenking i mindre viktige spørsmål.

Mennesket som sin eigen lovgivar

Kant var ein allsidig filosof som har påverka mange fagdisiplinar. Vitskapsteoriar har vidareført spørsmåla om kva som gir sikker kunnskap, språkteoriar snakkar om a priori-forståing av grammatikk, og moderne åtferdsvitskapar studerer medfødde strukturar i hjernen som påverkar handlingsvala våre.

Det er særleg moralfilosofien til Kant som har fått innverknad på europeisk tenking. Synet på mennesket som i kraft av eiga fornuft er fri til å ta eigne val, og at valfridomen gir rettar og plikter, gjeld også i politikken. I det rettsfilosofiske verket Zum ewigen Frieden (1795, norsk utgåve Til den evige fred) gir han detaljerte råd om korleis staten bør styrast, med maktfordeling og folket sjølv som lovgivande instans.

Han oppsummerer samanhengen mellom moral og politikk ved å slå fast at politikken si overordna oppgåve er å leggje til rette for at innbyggjarane kan ta moralske val, og for at land kan leve i fred med kvarandre. Han var blant dei første til å snakke om menneskerettar, eit omgrep som fekk politisk tyngde i dei amerikanske og franske fridomskampane på slutten av 1700-talet, og i FN si menneskerettserklæring av 1948. Som i moralen så òg i politikken – menneska må vere sine eigne lovgivarar.

Estetikk

Den estetiske erfaringa er viktig for Kant og openberrar eit harmonisk forhold til verda som vert tildekt av den teoretiske fornufta. Det vakre vekkjer ei kjensle av desinteressert tilfredsheit og vert opplevd opp som føremålstenleg, utan å tene noko praktisk føremål.

Det vakre i naturen er det som i høgaste grad er estetisk fullkomment, men geniet har evna til fritt å skape kunstverk som kan nærme seg venleiken til naturen.

Astronomi

Kants hypotese for danninga av solsystemet vart sett fram i 1755 i boka Allgemeine Naturgeschichte und Theorie des Himmels.

Utgangspunktet er ei sky av gass og støv som etter kvart tek form av ei flat, roterande skive. Ein høg konsentrasjon i midten dannar sola. Utanfor denne oppstår mindre konsentrasjonar i ulik avstand, og frå desse blir planetane utvikla.

Vidareføringar av Kants hypotese er lagt fram blant anna av Carl Friedrich von Weizsäcker i 1944 og Gerhard Peter Kuiper i 1951.

Bibliografi

Kants verk er samla i Kant's gesammelte Schriften / herausgegeben von der Königlich Preußischen Akademie der Wissenschaften (29 bind).

Desse er gitt ut på norsk:

  • Morallov og frihet, 1970
  • Moral, politikk og historie, 1983
  • Kritikk av dømmekraften, 1995
  • Til den evige fred, 2002
  • Hva er mennesket?, 2002
  • Religionen innenfor grensene av den blotte fornuft, 2004
  • Kritikk av den rene fornuft, 2005
  • Kritikk av den praktiske fornuft, 2007
  • Om pedagogikk, 2016

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Allison, Henry E.: Kant's theory of freedom, 1990
  • Allison, Henry E.: Kant's theory of taste, 2001
  • Allison, Henry E.: Kant's transcendental idealism: an interpretation and defence, 1983
  • Chadwick, Ruth F. & Clive Cazeaux, red.: Immanuel Kant : critical assessments, 1992, 4 b.
  • Cheetham, Mark A.: Kant, art, and art history, 2001
  • Guyer, Paul, red.: The Cambridge companion to Kant, 1992
  • Kühn, Manfred: Kant : a biography, 2001
  • Nerheim, Hjørdis: Estetisk rasjonalitet: konstitusjonsbegrepet i Kants Kritik der Urteilskraft, 1991
  • Rossvær, Viggo: Kant, 1979
  • Storheim, Eivind: Menneskeverd, frihet og plikt: hovedlinjer i Kants etikk, 1980
  • Watkins, Eric, red.: Kant and the sciences, 2001
  • Vestens store tenkere, 2002
  • Zammito, John H.: The genesis of Kant's Critique of judgment, 1992
  • Otfried Höffe: Immanuel Kant. München 1983
  • Erik Lund, Mogens Pihl, Johannes Sløk: De europæiske ideers historie. København 2007
  • Eivind Storheim (red.): Moral, politikk og historie. Et utvalg av Kants praktiske filosofi
  • Jon Wetlesen: Praktisk argumentasjon 1. En innføring i etikk

Kommentarar (4)

skreiv maria kgfsi

heisann, nydelig og kult, her er en liten immanuel kant rap: wrappediwrap dette er en immanuel kant rap

svarte Georg Kjøll

Hei Maria. Takk for innspill og musikalsk innslag! Men jeg vil anbefale at du neste gang skriver 'ræpp', slik at det blir klarere at det er snakk om en rytmisk resitering av musikktekst, ikke oppstøt av luft fra magesekken: http://snl.no/rapingHilsen Georg

skreiv Sofie Skjelstad Jensen

Hva mener Kant om lykke? I "Grunnlegging til moralens metafysikk"omtaler han dette flere steder, men jeg klarer ikke å forstå hva han egentlig mener om det.

svarte Georg Kjøll

Hei Sofie. Jeg har dessverre ingen fagansvarlige som kan skrive utfyllende om dette temaet akkurat nå, men jeg skal sende deg to forskningsartikler om Kant og lykke som kanskje kan hjelpe. Du kan også lese om det i følgende utgivelse på Google Books: http://www.google.no/books?id=xqvkC8hmhrAC&lpg=PR7&ots=mC2yaZotDw&dq=kant%20happiness&lr&pg=PA1#v=onepage&q=kant%20happiness&f=falseDen utfyllende oppføringen på Stanford Encyclopaedia of Philosophy om Kants moralfilosofi tar også for seg en del om temaet: http://plato.stanford.edu/entries/kant-moral/Håper dette hjelper!Alt godt fra Georg

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg