Rubus chamaemorus

Rubus chamaemorus, molte. Foto frå: Virrat, Finland

Molte
Molte
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0
Molteblome
Molteblome ved Øksfjord.
Molteblome
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Molte er ein guloransje, mjuk og saftig steinfrukt som òg blir kalla moltebær.

Faktaboks

Etymologi
i slekt med svensk multen ‘ròten’ og norrønt melta ‘fordøye’
Også kjend som
multe, multebær, moltebær
Vitskapeleg namn
Rubus chamaemorus
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Den fleirårige urta høyrer heime i bjørnebærslekta i rosefamilien. Planten har ein enkel, kvit blome og blir som regel 5 til 20 centimeter høg. Frukta som blir danna, heiter molte. I daglegtalen blir molta kalla eit bær, men botanisk er ho ei samansett steinfrukt. Karten er raud og fast, altså hard. Som moden er molta derimot guloransje, mjuk og saftig. Ho er såpass skjør at ho må plukkast for hand, til forskjell frå eksempelvis blåbær og tyttebær, som kan sankast med bærplukkar.

Molter har ein aromatisk og særeigen smak som mange liker. Dei blir rekna som ei delikatesse. Difor held turgåarar det gjerne hemmeleg viss dei finn eit område med mykje molter, ei såkalla moltemyr. Molter kan etast naturelle eller brukast til syltetøy, likør, yoghurt, moltekrem og pynt på ulike kaker. Det blir nesten ikkje dyrka molter. Difor kostar dei ganske mykje på daglegvarebutikken, sidan dei i praksis må handplukkast ute i naturen.

Skildring

Molta blømer med ein enkel, kvit, endestilt blome. Blada er mørkegrøne og lappa med fem til sju flikar.

Plantane er einkjønna, som vil seie at det finst hann-plantar og ho-plantar.

Utbreiing

Molteplanten finst over heile den nordlege halvkula. I Noreg er planten vanleg på kalkfattig torvgrunn, sumpskog og lyngheiar opp til rundt 1400 meter over havet.

Bruk

Moltekrem
Moltekrem
Av /Matprat.
Moltelikør
Molte blir også brukt til likør, både industrielt produsert og heimelaga likør.
Moltelikør
Av .

Molteplanten blømer gjerne i mai og juni. Han kan lett bli frostskadd. Då skjer ikkje fruktsetjinga, og planten får ikkje molter. Fruktene blir gjerne modne i juli og august. Ein god moltehaust er difor avhengig at det ikkje er for kaldt under bløminga.

Molter er rike på C-vitamin og inneheld også ein del A-vitamin og mineral. Innan folkemedisinen har molte blitt brukt mot mellom anna skjørbuk og forkjøling. Molteblad har blitt brukt mot diaré.

Finnmark fylke har molte som fylkesblome, og Nesseby kommune har molte i kommunevåpenet.

Molteplukking

Rubus chamaemorus

Rubus chamaemorus, molte. Foto frå: Pudasjärvi, Finland

Molter blir for det meste sanka frå viltveksande plantar, og er somme stader ei viktig inntektskjelde, særleg for lokalbefolkning og urbefolkning.

Molter har særleg i tidlegare tider hatt økonomisk betydning i delar av Nord-Noreg. Difor gjeld det enno særreglar for førekomstar som er spesielt rikhaldige. Den no oppheva straffelova av 1902 § 400 hadde ein regel om dette, som seinare blei vidareført i friluftslova av 1957 ved ein lovrevisjon i 2011. Lov om forbod mot plukking av moltekart frå 1970 forbaud plukking av moltekart på grunn av skadane dette påførte planten. Dette øydela hausten dei dei etterfølgjande åra. Kartplukkingslova blei oppheva i 2003 i samband med ei opprydding av lite brukte lover og enkeltreglar.

«Moltebærland»

Moltebærland er ei juridisk nemning for vekseplassar for molter der førekomsten er såpass betydeleg over tid at bæra har økonomisk betydning for grunneigaren. På slike stader kan grunneigaren forby andre å plukke bær som blir tekne med bort (men ikkje forby å plukke bær som blir etne på staden). Forbodet må gjerast uttrykkjeleg, fortrinnsvis ved oppslag på staden. Ein turgåar skal difor ikkje trenge å vere i tvil om det er lov med molteplukking.

Namn

På norsk blir både planten og frukta kalla for molte (på bokmål også multe).

Det mest brukte namnet på engelsk er cloudberry, men molta har mange lokale namn, til dømes bakeapple (Newfoundland/Labrador), chicouté (Quebec), knotberry/knoutberry (England), aqpik og low-bush salmon-berry (Alaska) og averin/evron (Skottland).

Andre namn er luomi og láttat (nordsamisk), multebær (dansk), hjortron (svensk), mora de lós pantanos (spansk), Moltebeere (tysk), plaquebièreie, ronce des tourbières og ronce petitmûrier (fransk) og camemoro (italiensk).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

molte
Rubus chamaemorus
Artsdatabanken-ID
103414
Encyclopedia of Life-ID
623525
GBIF-ID
2998290

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg