Sognefjorden
Når ein reiser frå Indre Sogn og utover Sognefjorden, vil ein merka at dialekta endrar seg frå bygd til bygd utover.
Sognefjorden
Av /Statens kartverk.

Det er nokså stor skilnad på dialektene i Indre og Ytre Østfold.

/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Dialektene i Noreg kan variera mykje frå kysten og innover i landet. Det kan vera mange grunnar til at det er slik. Ute ved kysten har folk til alle tider hatt kontakt med kvarandre. Sjøen var ferdselsvegen og batt folk saman, og menneske som har kontakt med kvarandre, får same særdraga i dialekta. Kystfolket kan også ha hatt samband med handelsfolk frå andre land. Når dialekter og språk møtest, oppstår det gjerne blandingsformer og forenklingar i dialekta.

I Noreg finst det fleire døme på forskjellar i talemålet mellom kyst og innland. Går ein til dømes til Sogn i Vestland fylke, finn ein stor skilnad på måla i Ytre- og Indre Sogn. Dialektene i dei ytre måla har til dømes endinga -e i infinitiv, i former som å fare, å skrive, og i svake hokjønnsord: ei veke, ei veke, ei kiste (å skrive ei vise).Indre Sogn har a-ending i desse kategoriane, slik det var i gammalnorsk. Dialektene i Indre Sogn har også differensiering av rn til dn: hestadn(e), vikedn(e). Dette er eit gammalt særdrag som også finst i islandsk, og i Valdres og Hallingdal, men ikkje i Ytre Sogn. Indre og Midtre Sogn har formene bygdi/bygdei og visao/visa (= delt hokjønn, som i gammalnorsk). Dei ytre måla har a-ending i begge kategoriane: bygda og visa.

Trønderdialektene kan delast i to grupper etter mønsteret kyst og innland, ein talar om inntrøndersk og uttrøndersk. Bakgrunnen for denne inndelinga byggjer særleg på ulik gjennomføring av jamninga i jamvektsorda. I dei indre måla har ein jamvektsformer med å-å i infinitiv og i svake hankjønnsord: å vårrå, å jåggå, å låvvå og ein påsså, ein kjåkkå (kjake), ein nåvvå (ein neve). Svake hokjønnsord av jamvektstypen høyrest her slik ut: ei stuggu, ei fluggu, ei vukke. I dei ytre trønderske dialektene høyrer ein derimot former som værra, vætta, ei vækka (eller ei vækko), ein nævva, ein stægga og så vidare. I dei ytre måla finn ein også monoftongering. Denne diftongforenklinga er historisk sett langt yngre enn den inntrønderske. På Nordmøre heiter det i dag ben, sten, res (ei reise), med ein e-lyd som ligg mellom e og æ.

I det tidlegare Østfold fylke finn ein dialektskilnader mellom Indre og Ytre Østfold. Dei indre strøka har til dømes det austnorske særtrekket kløyvd infinitiv. Her seier ein å kåmma, å veta, å sitta, å væra, men å kaste, å bite, å skrive. Dei ytre måla i Østfold har derimot endinga -e i alle dei nemnde orda, og det heiter her å kåmme, å vete, å sitte, å være. Indre Østfold har bevart dei norske diftongane ei, øy og au i ord som bæin, stæin, kLøyve, løyse, bLæut og hæuk. I Ytre Østfold har diftongane blitt forenkla, og her blir dei nemnde orda uttalt ben, sten, kLøve, løse, bLøt og høk. I tradisjonelt mål i Indre Østfold finn ein nokre hokjønnsord der vokalen -u (eller -o) halde seg: ei viku, ei smiu (smie), ei suLu (svale).

Også i Vestfold er det forskjell på dialekta i indre og ytre strøk. Det tradisjonelle vestfoldmålet, som her blir kalla «bygdemålet», og som ein høyrer i indre bygder, har til dømes mykje bruk av den tradisjonelle vikværske æ-lyden i ord som kæLv (kalv), hæLm (halm), skvæLpe (skvalpe), ærm (arm), ærbe (arbeid) og så vidare. I kystmålet heiter det kaLv, haLm og skvaLpe. Kystmåla i Vestfold har utvikla seg i retning av standardtalemålet bygt på bokmål.

Agder

Agder er det stor skilnad mellom dialektene langs kysten og innover i landet. Uthamnene på Agder hadde på 1500-talet og framover mykje kontakt med Danmark, Nederland og England. Når dialekter og språk møtest, oppstår det gjerne blandingsformer og forenklingar i dialekta. Bildet er frå uthamna Brekkestø i Lillesand kommune.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Størst skilnad på talemålet ved kysten og i innlandet finn ein truleg på Agder. Frå Kristiansand til Valle i Setesdal – ei strekning på 15 mil – endrar dialekta seg svært mykje. Det er som ei reise 500 år tilbake i den norske språkhistoria.

Folk på Agder-kysten har til alle tider hatt kontakt med kvarandre. Sjøen var ferdselsvegen og batt folk saman. I tillegg kjem at kystfolket på Agder har hatt livleg samband med handelsfolk frå Danmark, Nederland og England. Spesielt livleg var handelen på 1500- og 1600-talet og framover, opp gjennom seglskutetida på 1800-talet. Egdene lånte mange nye ord frå Nederland, ikkje minst ord frå sjømannsspråket. Språkleg påverknad frå dansk blei også viktig. Frå Danmark fekk ein til dømes dei «blaude» konsonantane, i ord som å tabe, å møde, og å bage.

Når dialektar og språk møtest, oppstår det gjerne blandingsformer og forenklingar i dialekten. Gammalnorsk hadde eit rikt bøyingssystem. Kystmåla på Agder har gjennomgått ei forenkling av bøyingssystemet og har utvikla seg langt bort frå gammalnorsk.

Sørlandskysten var på 1500-talet og framover eit slags «Klondyke», der ein kunne høyra mange dialekter og tungemål. Folk i bygdene lenger inne i landet merka knapt noko til alt som føregjekk der ute ved kysten. Kystspråket fekk difor ikkje påverka innlandsspråket.

Dei midtre og indre måla på Agder må kallast arkaiske dialekter; dei har ein del særdrag som peikar bakover til gammalnorsk. I kystmåla heiter det til dømes alle, kalle og fall, men på midtre Agder er uttalen adde, kadde, fadd. I indre bygder høyrer ein uttalen bekkjen, vejjen og skòjen, medan kystmåla har bekken, veggen og skogen (som i skriftmålet). På kysten heiter det «æ kåmmer til dere og æ såver der». På indre Agder er vil ein seia «eg kjæme til dòkke og eg søve der».

Setesdal

Valle

Valle i Setesdal. Dialekta i øvre Setesdal har bevart mange arkaiske trekk som peikar bakover til gammalnorsk. På bildet ser me nakne fjellsidene som stuper bratt ned mot den fruktbare dalbotnen.

Av /KF-arkiv ※ Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005–2007.

Inst på Agder, i Setesdal, kjem alderdommelege særdrag i språket lett til syne. Grunnen til at det er slik, heng historisk saman med manglande kommunikasjon mellom øvre Setesdal og bygdene utover dalen. Til langt ut på 1800-talet hadde folk i øvre Setesdal ikkje skikkeleg vegsamband nedover dalen i det heile. Kjerrevegen til Valle blei først opna i 1846 og til Bykle i 1879. Fram til slutten av 1800-talet var øvre Setesdal truleg eit av dei mest isolerte bygdelaga i landet.

Kontrasten på Agder mellom eit avstengt innlandsmiljø og eit kystsamfunn med livlege samband med omverda er altså den historiske bakgrunnen for dei heilt uvanleg store dialektforskjellane mellom dei indre og ytre bygdene i denne regionen. Når det i kystmåla heiter fleire gude, fleire skåle, fleire vise (med berre ei ending i fleirtal), så heiter det i Setesdal flaire geuta, flaire skåli og flaire veiso (= tre endingar). Dialekten i Øvre Setesdal har levande dativbruk, nedarva frå gammalnorsk. Døme på dativ i Valle: «denne feine dagjen va adde ute» (denne fine dagen = vanleg form), men «hu kom saint å dagjæ» (seint på dagen, dativ), «da jinge i fjøddou» (dei gjekk i fjella = dativ fleirtal). Det er i Øvre Setesdal forskjell på verbformene i eintal og fleirtal: eg kjem’e, men mi kòme, eg fann, men mi funne. Talorda har kjønnsbøying i det tradisjonelle setesdalsmålet, som i gammalnorsk, døme: tvai geuta (to gutar), tvæ jento (to jenter) og tvau bònn (to born).

Dialektendring

Dialektene er i endring, og endringane er lettast å oppdaga i dei indre måla her i landet, dei dialektane som til nå har hatt mest restar av det gamle språket. På Agder er det lett å finna døme på at særtrekk i kystmåla spreier seg oppover dalane. Eit eksempel er skarre- r -en som har breidd seg innover i landet og nå er komen til Bygland, 8 mil nord for Kristiansand. Dei i indre bygder som før hadde formene bygdæ og viså, tar nå opp kystformene bygda og visa. Folk i indre strøk som tidlegare sa bekkjen, vejjen og skòjen, seier nå bekken, veggen og skògen. I Setesdals-målet blir arkaiske særdrag borte. Det gjeld blant anna bruken av kasusen dativ og også fleirtalsbøying av verb.

Årsakene til at dialektene endrar seg, er oftast å finna i den moderne samfunnsutviklinga, der folk mellom anna er meir mobile enn før. TV, radio, internett og sosiale medier gjer også at folk får kontakt med mange ulike dialektar og språkvariantar. Ein viktig faktor bak dialektendringane er også at mange born nå er ein større del av dagen i barnehage og skule, noko som gjer at foreldra ikkje blir så viktige språklege førebilete som dei var før. I øvre Setesdal er det ofte slik at mange unge i dag snakkar «dalemålet» heime, men i lag med vener i bygda brukar dei eit meir avslipt (normalisert) talemål.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sandøy, Helge: Utviklingslinjer i moderne norske dialektar. Trykt i: Folkemålsstudier 39. Medelanden från Foreningen för nordisk filologi. Helsingfors. 2000 (Side 345-384).
  • Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying. Oslo: Cappelen Damm. (2005) 2022.
  • Torp 1990, Arne Torp: Hvor er Sørlandet – og hva er sørlandsk? I: Jahr (red.) 1990, Ernst Håkon Jahr: Den store dialektboka: 29-44. Oslo: Novus.
  • Torp 2012, Arne Torp: Agder – norgesrekord i dialektvariasjon. I: Agder vitenskapsakademi. Årbok 2012: 123–173. Redigert av Rolf Nossum. Kristiansand: Portal forlag.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg