Den klassiske setesdalsdialekta kan ein høyra mellom anna i heile Bygland kommune og opp til kyrkjebygda i Bykle, og målet i Valle dannar kjernen i desse talemåla. Setesdalsdialekta høyrer til dei sørlige e-måla, som vil seia at infinitiv og ubestemt form eintal av svake hokjønnsord endar på -e: å kaste, å fare og ei kiste og ei vike. I dette e-målet har ein likevel vokalen -a i fleirtal av substantiv (fleire hesta) og i presens av a-verb (eg kastar), sjå nedafor.
- Les hovudartikkelen om dialekter i Noreg
Setesdalsdialekta har halde oppe mange gamle trekk, men viser også interessante nyutviklingar. Det er kanskje den mest særprega dialekta i Noreg, og mange reknar han som den norske dialekta som er vanskelegast å forstå. Dialekta i Setesdal skil seg mykje frå dialektene i dei ytre bygdene på Agder (sjå artikkelen om dialekter på Agder).
Denne artikkelen er i all hovudsak ei skildring av det tradisjonelle talemålet i Valle.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.