Hallingmål er ein austnorsk dialekt som blir brukt i Hallingdal. Hallingdal grensar i nord til Valdres, i sør til Numedal og i vest til Indre Sogn og Hardanger. Hallingmålet høyrer til midlandsmåla.

Målet i Hallingdal har det austnorske jamvektssystemet med mellom anna kløyvd infinitiv. Det inneber at norrøne fullvokalar (a, u) i Hallingdal er bevart etter gamal kort rotstaving (å fara, ei viku), men er redusert til ein trykklett e etter gamal lang rotstaving (å kaste, ei vise). Etter lang rotstaving som sluttar på palatal konsonant, er norrøn -a blitt til -i, men til -y etter -y- i rotstavinga, f.eks. å læggji, å byggjy.

Hallingmålet har mange trekk felles med valdresmålet, men er forskjellig mellom anna ved at Hallingdal har -i og -u i ord-endingar der Valdres har ‑e og ‑o (Hallingdal: fLeire viku og fLeire bygdi. Valdres: fLeire viko og fLeire bygde).

Lydverket (fonologien) er typisk austnorsk, men med nokre innslag av vestnorsk. Det er tjukk l både i typen soL (sol) og i typen gaL (gard) og retroflekser i ord som ert og surt.

Dei vestnorske trekka finn ein særleg i konsonantismen. Eit slikt trekk er når det norrøne konsonantsambandet -rn- er blitt differensiert til ‑dn- (eventuelt -tn-) i ord som hødn (horn) og kødn (korn), og i fleirtalsformer som hestadn. Dette vestnorske innslaget i hallingmålet, til liks med former som nabdn (navn) og rægdn (regn), minner om at dalen ein gong høyrde til Gulatinget og til Stavanger bispedømme

I nokre småord blir konsonanten -d ofte bytta ut med -r, jf. døme som  «ga ru o re?» (gav du honom det?), «slo’o rei se?» (slo dei seg). Former med -r blir brukte  i staden for former med -d når ordet kjem etter ein vokal og samstundes ikkje har trykk i setninga. Helst er det lette pronomen og adverbet då som får uttale med -r.

Hallingmålet har dei tre norrøne diftongane ei, au og øy/ey, som i dei fleste norske dialektene. Diftongen ei lyder i Hol og Ål som ai og diftongen øy som åy. Det heiter i dette området å laite og å såyne (leite og syne). I dei andre bygdene i dalen lyder dei tre diftongane stort sett som ei ­– au/øu -øy. I nedre Hallingdal har dialekta itakisme (avrunding av vokalar, dvs. at y og øy fell saman med i og ei, noko som har gjeve former som stigg (stygg) og rigg (rygg), og kjeire (køyre), heire (av høyre). På Austlandet er itakisme særleg kjend frå Solør og Odalen (finst også i øvre Lærdal).

I det meste av Hallingdal har talemålet vokalen ø for norrønt o i ord som  støkk (stokk), skøt (skudd), vøll (voll), tøpp (topp), køst (kost). Men i Ål har slike ord vokalen å, ein skilnad som er vanskelig å forklare språkleg.

Kjøn Form Eintal, ubunde Eintal, bunde Fleirtal, ubunde Fleirtal, bunde
Hankjønn nemneform gut gut’n guta gutadn
  dativform gut gute guta guto
  nemneform hare haren hara haradn
  dativform hare hara hara haro
Hokjønn nemneform fjør fjøri fjøri fjøridn
  dativform fjør fjør’n fjøri fjøro
  nemneform viku viku/viko viku vikud’n
  dativform viku vikun viku viko
Inkjekjønn nemneform hus huse hus husé
  dativform hus huse hus huso
  nemneform løk løke løk løkji
  dativform løk løkji løk løko

* dativformene i inkjekjøn har tonelag 2.

Som skjemaet ovanfor viser, har Hallingdal dativbøyning av substantiv (ikkje i Flå). Her følger nokre døme på dativformer i bruk, etter Venås 1990 (dativformer til høgre, understreka):

Eksempel Nemneform Dativform
gut gut’en kjem  gje gute mat (= gje guten mat)
støl dra på støl’n vera på støle
stabbe stabben er tung sita på stabba
veke viko er lang te vikun (= i komande veke)
jente sjå jenta møte jentun
taket takæ er bratt dette ne tå takji

Det er ulikt tonelag (tonem) i dativ eintal av hankjønns- og inkjekjønnsorda. Det heiter i dativ hankjønn på heste med tonelag 1 og dativ inkjekjønn i fjelle med tonelag 2. I fleirtal er dativendinga -o for alle kjønn i halling- og valdresmålet (i bygdo), medan det i Gudbrandsdalen er -om (i fjellom). 

Fleirtal av verb

Hallingmålet skil mellom eintal og fleirtal av verb. Det vil seie at verbet får ulik form etter som subjektet er i eintal eller fleirtal. Dette kjem fram i ord-par som han sit - dei sita, ho sat - dei soto, han kasta (no) - dei kaste, du vil - dei vilja og så vidare. Dei sterke verba har eintals- og fleirtalsformer både i presens og preteritum, dei svake berre i presens.

Sterke verb

Hallingmålet har 7 klasser av sterke verb. Her følgjer døme på 1., 3. og 6. klassa:

Klasse Infinitiv Presens Preteritum Perfektum
1 å bite  bit beit – bito biti
3 å finne finn fann – fonno funne/fønne
6 å fara fer for – foro føre/fare

(I preteritum er det ført opp eintals- og fleirtalsformer.)      

Svake verb

De svake verba har ikkje -r i presens. Dei kan i hallingmålet delast inn i 5 klasser:

 Klasse Infinitiv Presens Preteritum Presens perfektum
1 å kaste kasta kasta har kasta a-verb
2 å like lika likte har likt blanda bøying
3 å møte møte møtte har møtt e-verb
4 å veLja veL varde (retrofleks) har vartt (retrofleks) ja.verb
5 å bu bur budde har butt kortverb

Av velkjente grunnar (massemedia, auka mobilitet i samfunnet) er dialektene under sterkt press i vår tid, med omfattande dialektendringar.

For Hallingdal har nærleiken til Oslo-regionen, og turisme med alpinidrett, hatt mykje å seie, og bygdesenter som Geilo, Ål og Gol har fremja ei utvikling mot et meir oppblanda mål med fleire avslipte dialekttrekk. Ein kan nemne at den særmerkte uttalen -dn er på vikande front i sentrumsstader og hos ungdom generelt. I staden for former som biladn og jentudn kjem det inn former som bilan og jentun eller bilene og jentene.

Arkaiske trekk i hallingmålet, som dativbruk og bruk av fleirtalsformer i verba, er i dag lite brukt av dei unge.

  • Venås, Kjell (1977): Hallingmålet. Oslo: Det norske samlaget.
  • Venås, Kjell (1990): Hallingdal (om dialekten). I: I Jahr, E.H. (red.) (1990): Den store dialektboka. Oslo: Novus.
  • Venås, Kjell (1997): So sea me her. Ei lita bok om hallingmålet. Ål i Hallingdal: Boksmia.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.