dialekter i Hardanger

Hardanger. Fra Sandvin i Ullensvang.
Kartet viser utbreiinaga av nordleg og sørleg e-mål, og det sørvestlandske a-målet.
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

Tonegangen, musikken i orda (må ikkje forvekslast med tonelag) kjem fram i ord som solæ, bokæ, døræ (tonem-1-ord). På Vestlandet har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. På Austlandet har ein låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand.

Hardanger
/Statens kartverk.

Artikkelstart

Dialekta i Hardanger har mange vestnorske særdrag, det gjeld i lydverket så vel som i formverket. Tonegangen i orda og setningsmelodien er også typisk vestnorsk. Hardanger, Voss og Indre Sogn blir kalla indre sørvestlandsk.

Hardingmålet – eit sørvestlandsk a-mål

Hardingmålet høyrer inn under det sørvestlandske a-målet. Dette området strekkjer seg frå og med Midtre og Indre Sogn og sørover til og med det meste av vestlege Agder.

Området har endinga -a i infinitiv og i svake hokjønnsord ubestemt form eintal: å fara, å kasta og ei veka og ei visa. I tillegg har hardingmålet (som resten av sørvestlandsk) a-ending i ord som aotta (talordet åtte), haima, gjedna (gjerne) og i visse adjektivformer som da stora huse, dan stora kyrkjo.

Bygde-dialektene i gamle Hordaland fylke kan delast inn i tre grupper: nordhordlandsmål, sunnhordlandsmål og hardangermål og vossamål. Sjå følgjande setningar, som viser noko av det som skil harding og vossamålet få dei andre måla:

  • Snurparana kunne ikkje fidna sillæ (nordhordlansk)
  • Snurparane konde ikkje finna sildæ (vossa-og hardingmål)
  • Snurparadne konde ikkje finna sildo (sunnhordlandsk)

Lydverk (fonologi)

Diftongar

Hardingmålet har som vossamålet ei særmerkt diftongering av å til ao: baot, pao, vaoren (våren). Jamfør denne setninga frå Hardanger: han va aotta aor i vaor. Dei gamle diftongane au, ei og øy har også endra seg i hardingmålet: ei blir ai, øy blir åy og au held på den gamle au-uttalen (vanleg i norsk er her øu-uttale). Eit døme frå Hardanger "dai mao haim å kjåyra håye i hus" (dei må heim og køyra høyet i hus).

Vossa-u

Vokalen ò finst i Hardanger og på Voss og har ein spesiell kvalitet. Vokalen blir kalla «vossa-u». Denne lyden er ein mellomlyd mellom u og o. Vokalen finst der det i norrønt stod ein kort u, jamfør ordet ai flòga (fluge). I trykklett staving finst vokalen i Ullensvang og Eidfjord, særlig hos eldre, til dømes som svarabhaktivokal (innskotsvokal) i gulò (gul, adjektiv), lesò (les, presens), røtòr (røter), og i fleirtalsending i ord som visòr, jentòr.

Skarre-r

Skarre- r har frå gammalt av funnest i Sørfjorden og i Kvam, og til dels i nærliggande bygder. I dag tek ungdommar i store delar av Hardanger over skarre-r-en. Denne r-uttalen har vore svært ekspansiv dei siste 80–90 åra. I dag er skarre-r vanleg hos yngre folk i mest heile det sørvestlandske målområdet.

Palatalisering av g og k

Palatalisering av velarane g og k i innlyd (også kalla oppmjuking av g og k) har tradisjonelt hatt stor utbreiing i Hardanger og elles i vestnorsk, og då i ein posisjon der desse konsonantane står eller stod føre opphavleg trykklett -i eller -e. Døme: ein stakk – stakkjen, ein vegg vejjen og så vidare. Palataliseringa av velarane er til dels på veg ut hos dei unge, som då seier veggen, skuggen, stakken og så bortetter.

Konsonantsbandet ld

Hardanger, Voss og Sunnhordland held på ld i former som kveld, sild, halda, mòld, kjelda (som i nynorsk).

ll > dl, rn > dn, nn > dn, mm > bm

Hardingmålet har dei sørvestlandske konsonantovergangane ll til dl og rn til dn. Døme er: adle, vidle (ville), fjedl og bòdn (born), hodn (horn), kvedn (kvern)(blir kalla differensiasjon).

Der norrøn nn stod i posisjon etter diftong og lang vokal, har Hardanger, Voss og Sunnhordland overgang til dn i ubestemt form eintal av visse ord: steid'n, raid’n, teid’n, hud’n (stein, raun, tein = renning, hun) (= segmentasjon). Døme på ei setning frå Hardanger: "kòm bòd'n finn fram snøre å ånglar, adle kan fao vè mè ut å fiska i kveld" (kom born finn fram snøre og onglar, alle kan få vera med ut å fiska i kveld).

I nordlege Sunnhordland heiter det : å fidna, å redna (renna),klebma (klemma), skjebma (skjemma). Hardanger og Voss har nn og mm i desse orda: å finna, å renna, å klemma, å skjemma.

Konsonantsærdrag blir borte i samansette ord

Dei særmerkte konsonantovergangane blir borte i samansette ord der sisteleddet startar med konsonant: Det heiter fjedl, men fjelltopp, hodn, men honnskei, kodn, men konnstaur, tudn, men tunnslet’n, skabm, men skammlaust og så bortetter.

Tonegang (musikken i tonem 1-ord)

Tonegangen, musikken i orda (må ikkje forvekslast med tonelag) kjem fram i ord som solæ, bokæ, døræ, sengæ (tonem 1-ord). I Hardanger og på heile Vestlandet har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. Motsett er det på Austlandet der slike ord har låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone.

Formverk (morfologi)

Kartet viser endinga i bestemt form eintal av sterke hokjønnsord. Voss og Hardanger har som indre Agder endinga -æ her: bygdæ, solæ. sengæ.h
Lisens: CC BY SA 3.0

Substantiv

Voss og i Hardanger har to ulike former i bestemt form eintal av hokjønnsorda (og slik er det også i Nordhordland). Dei sterke hokjønnsorda får då endinga -æ, medan dei svake får -o, døme solæ og vekò. Dette blir kalla "delt hokjønnsbøying". Bøyinga er slik:

  • ein hest – hesten – fleire hestar – adle hestane
  • ei bygd – bygdæ – fleire bygder – adle bygdena
  • ei visa – viso – fleire visòr – adle visòne
  • eit hus – huse – fleire hus – adle husæ

I fleirtalsendinga av hankjønns- og hokjønnsord står r i dei indre bygdene, men ikkje i dei ytre. Ullensvang har såleis hestar, bygder, hønòr/høner, medan Kvam har hesta, bygde, høne. I Hardanger har ein tradisjonelt hatt endinga -òr i ubestemt form fleirtal av dei svake hokjønnsorda: fleire visòr. Vokalen ò blir kalla «vossa-u». Samla sett har hardingmålet tre endingar i fleirtal: hestar, bygder og visòr. Desse endingane går tilbake på dei norrøne endingane -ar, -ir og -ur (hestar, bygðir og vísur).

Bestemt form fleirtal av inkjekjønnsorda endar på (husæ). Bestemt form fleirtal av hankjønnsord og hokjønnsord har endingane -ane, -ena, -una. Regelen er -ne etter a og -na etter e/u. I Hardanger heiter det såleis hestane og bygd(e)na (den første vokalen bestemmer den siste).

Bruk av levande dativ i substantiv og pronomen har nok funnest i eldre hardingmål. I dag finst dativ her berre i faste uttrykk, til dømes om hausto.

Verb

Verb av kasta-klassen har i de indre bygder presens på -ar (kastar), ellers -a (kasta). I presens av dei sterke verba har Indre Hardanger (Ullensvang og Eidfjord) svarabhaktivokalen -ò: ho fidnò, da knipò, fiskjìn bitò (med «vossa-u). Dei unge seier ofte: eg finn, fisken bit (utan innskotsvokal).

Flertallsbøyning av verb (typen eg kjemò – deko kåma) er mest heilt borte. Berre hos ein del eldre kan ein høyra former som me veta, me maina.

Pronomen

Av pronomenformer kan nemnast objektsformen aoko i dei indre bygdene, oss lenger ute. I indre Hardanger høyrer ein også eigedomsforma aokan(s) (vår), medan det lenger ute heiter vaor/vår. I heile Hardanger er fleirtalsformer som me, deko, dekan(s) vanlege. Pronomena den, der og det lyder i Hardanger dan, dar, da.

Utviklinga i dag

Reint generelt er det slik i dei fleste dialektene at eldre tradisjonelle særdrag (ofte avstikkande særdrag) får mindre plass i språket til dei unge. Ein ser til dømes at delte endinga i bestemt form eintal av hokjønnsorda i Hardanger (den solæ, den viso) blir utjamna til sola og visa. Ein del av dei særmerkte konsonantovergangane blir borte hos mange unge: fidna og redna blir til finna og renna, kvedl blir kvell, sidl blir sill og så bortetter. Skarre-r grip om seg i heile fylket. Den avsikkeade pronomenforma aoko og også ao-lyden går ut hos mange. Oppmjukinga (palataliseringa) av g og k(veggjen, bekkjen) høyrest ikkje hos alle unge. Formverket synest derimot å stå sterkare i alle aldersgrupper. Tendensen i dag er at ei rekke av dei trekka som er karakteristiske for tradisjonelt hardingmål, er i ferd med å bli borte hos mange yngre.

Som mange andre stader i landet kan ein i Hordaland snakka om regionalisering av dialektane. Ofte kjem det inn nye språkimpulsar frå byen i regionen. Ein må såleis rekna med at dialekten i Bergen påverkar delar av språksystemet i nordlege og indre delar av gamle Hordaland fylke. Resultatet blir at det i områda kring Bergen veks fram eit vestnorsk regionalt talemål, der ein del av dei tradisjonelle særdraga er borte.

På industristadene Odda, Tyssedal og til dels Indre Ålvik har det utvikla seg mål som på fleire vis skil seg frå det tradisjonelle hardingmålet, men som likevel har mange trekk frå dette. Tyssedal har hatt stor innflytting austfrå, og målet ber preg av det, men blir også påverka av Odda-målet. I Odda høyrer ein former som husene ved sida av husæ, vidare dobbeltformer som døra og døræ, ligga og liggja, leste og las, vi og me. Ao-lyden finst heller ikkje på desse stadene, bortsett fra hos ein del eldre som har bevart det tradisjonelle bygdemålet.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Helleland, Botolv: Halldor O. Opedal og hardingmålet (i Tidsskrift for Hardanger historielag, 1982–83)
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn (2012): Sørvestlandsk. Trykt i Mæhlum, og Røyneland: Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (Side 96-98).
  • Opedal, Haldor O.: Hardanger-målet (1960)
  • Rundhovde, Gunnvor (1976): Målføra eller dialektane i Hordalandsbygdene og i Bergen by. Trykt i Evensberget, Snorre (red.): Bygd og by i Norge. Hordaland og Bergen by. Oslo: Gyldendal. (Side 394-408).
  • Sandøy, Helge (1990): Voss, Hardanger, Nordhordland, Sunnhordland. Trykt i Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store Dialektboka. Oslo: Novus. (Side 76-80).
  • Sørlie, Mikjel Om Odda-målet idag (Maal og Minne, 1959)
  • Vidsteen, Christian: Oplysninger om Bygdemaalene i Hardanger (1885)

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg