Joseph H. Greenberg sin klassifikasjon av afrikanske språk

Den amerikanske språkforskaren Joseph Harold Greenberg gav i 1963 ut boka The languages of Africa, der han delte dei afrikanske språka i fire hovudfamiliar – den afroasiatiske språkfamilien, den nilo-sahariske familien, khoisanfamilien og den kongo-kordofanske familien. Denne klassifikasjonen, som er nærmare presentert nedanfor, er framleis den vanlegaste i litteraturen om afrikanske språk.

Nokre av familiane og undergruppene har namn etter elvar eller andre naturformasjonar, og desse er skrivne med stor forbokstav, til dømes Chari-Nil-språk, som er oppkalla etter elvane Chari og Nilen, eller Adamawa-Ubangi-språk, som er oppkalla etter fjellmassivet Adamawa og elva Ubangi.

Den afroasiatiske språkfamilien, som blir tala i det nordlege Afrika og det sørvestlege Asia. Greenberg delte familien i seks språkgreiner:

  1. semittiske språk, med mellom anna arabiskamharisk, hebraisk, tigre og tigrinja. Desse språka blir tala i Sørvest-Asia og i Etiopia og Eritrea.
  2. kusjittiske språk, med mellom anna oromo (galla), sidamasomali og afar. Desse språka blir tala på Afrikas horn.
  3. berberspråk, der dei viktigaste er tashelhit, taqbaylit (kabylisk), tamazight, tarifit, tashawit (shawiya) og tamasheq (tuaregisk). Desse språka blir tala i Nord-Afrika og Sahara.
  4. egyptisk, språket i det gamle Egypt, med koptisk som det siste stadiet.
  5. tsjadiske språk. Mest utbreitt av er hausa. Desse språka blir tala i det nordlege Nigeria, det nordlege Kamerun, det sørlege Niger, det sørlege Tsjad og Den sentralafrikanske republikken.

Denne språkfamilien var tidlegare kjend som den semittisk-hamittiske språkfamilien. Greenberg døypte han om til den afroasiatiske språkfamilien fordi det gamle namnet gav inntrykk av at familien hadde to greiner, semittisk og «hamittisk». Men det finst inga språkgruppe med namnet «hamittisk». Namneendringa blei fort allment godteken.

Greenberg delte dei kusjittiske i fem greiner: nordkusjittisk, setralkusjittisk, austkusjittisk, vestkusjittisk og sørkudjittisk. Sidan tidleg på 1970-talet har dei vestkusjittiske språka blitt rekna som ei sjette grein av afroasiatisk under namnet omotiske språk. 

Den nilo-sahariske familien opptrer i spreidde språk og språkgrupper over eit stort område frå det øvre elvefaret til Niger i Vest-Afrika til Nord-Tanzania i Aust-Afrika. Greenberg delte den nilo-sahariske språkfamilien i seks hovudgreiner:

  1. songhai. Dette er ei gruppe nærskylde språk eller dialektar som blir tala nær elva Niger i Mali, Burkina Faso, Benin, Niger og Nigeria.
  2. sahariske språk. Mest utbreitt er kanuri. Desse språka blir tala i områda rundt Tsjadsjøen i statane Nigeria, Niger, Kamerun og Tsjad og nordover i Sahara, stort sett i Tsjad, men òg litt inn i Niger, Libya, Egypt og Sudan.
  3. mabanske språk. Dette er ei lita språkgruppe som blir tala i Tsjad, Den sentralafrikanske republikken, Sudan og Sør-Sudan.
  4. fur. Dette er ei lita språkgruppe som blir tala i det vestlege Sudan og det austlege Tsjad.
  5. Chari-Nil-språk. Greenberg delte denne gruppa i fem greiner:
    • aust-sudanske språk, ei stor språkgruppe med ni greiner, mellom anna dei nubiske språka og dei nilotiske språka (som turkana, maasai, kalenjin, luo og dinka). Dei fleste aust-sudanske språka blir tala i Sør-Sudan, Uganda, Kenya og Tanzania, men det finst òg fleire i Tsjad, Egypt, Eritrea og Etiopia.
    • sentral-sudanske språk, ei gruppe på kring 60 språk i seks greiner. Dei fleste språka blir tala i Tsjad, Den sentralafrikanske republikken og Den demokratiske republikken Kongo, men det finst òg fleire i Kamerun, Sør-Sudan og Uganda.
    • berta, ei gruppa med nærskylde språk eller dialektar som blir tala i grenseområda mellom Sudan og Etiopia.
    • kunama, eit språk som blir tala i det nordvestlege Eritrea og litt over grensa til Etiopia.
  6. komanske språk, fire nærskylde språk som blir tala i grenseområda mellom Sudan og Etiopia.

Den nilo-sahariske språkfamilien er kontroversiell. Det er langtfrå allmenn semje om at dei seks greinene ovanfor faktisk er i slekt med kvarandre. 

Khoisanfamilien er ei gruppe med språk som Greenberg delte i tre greiner:

  1. sørafrikanske khoisanspråk, som Greenberg delte i tre:
    • nordlege sørafrikanske khoisanspråk, ei gruppe nærskylde dialektar som òg er kjende under namnet !kung. Dei blir tala i Namibia, Botswana og Angola.
    • sentrale sørafrikanske khoisanspråk, ei gruppe språk som òg er kjende under namnet khoe. Det viktigaste språket er khoekhoe eller nama (tidlegare kjent som hottentottisk, eit namn som blir sett på som nedsetjande), som blir tala i Namibia, Sør-Afrika og Botswana.
    • sørlege sørafrikanske khoisanspråk, ei gruppe med språk som blir tala i Botswana og Sør-Afrika. Det mest kjende er !xóõ, òg kalla taa.
  2. sandawe, eit språk som blir tala i Tanzania.
  3. hadza, eit språk som blir tala i Tanzania.

Dette er ein kontroversiell språkfamilie, som ikkje blir godteken av språkforskarar som arbeider med desse språka. Desse forskarane reknar dette som fem uavhengige språkfamiliar. 

Den kongo-kordofanske familien, som i dag er best kjend under namnet Niger-Kongo-familien, inneheld nesten 1400 språk – truleg fleire språk enn i nokon annan språkfamilie i verda. Han omfattar dei fleste språka i Vest-Afrika, mange språk i det sentrale og sørlege Afrika og ei lita gruppe språk i Sudan. Greenberg delte familien i Kordofan-språk (i Kordofan i Sudan) og Niger-Kongo-språk. Niger-Kongo-språka delte han i seks greiner:

  1. vestatlantiske språk, i dag kalla atlantiske språk, som har kjerneområdet sitt i kyststroka i Vest-Afrika, frå det sørlege Mauritania til Liberia. Greenberg skilde mellom ei nordleg gruppe, der dei største språka er fulfuldewolof og seereer, og ei sørleg gruppe, med mellom anna temne og gola.
  2. mandespråk, som først og fremst blir tala i Senegal, Gambia, Guinea, Guinea-Bissau, Sierra Leone, Liberia, Elfenbeinskysten, og Mali. Greenberg delte dei i to greiner:
    • vestlege mandespråk, mellom anna malinke, bambara, dyula, mandinka, mende og susu.
    • austlege mandespråk, ei rekkje mindre språk i Guinea, Liberia og Elfenbeinskysten.
  3. voltaiske språk, i dag kalla gurspråk. Desse språka blir tala i innlandsstroka i Vest-Afrika, med eit kjerneområde i Burkina Faso og tilgrensande område i det sørlege Mali, det nordaustlege Elfenbeinskysten, dei nordlege delane av Ghana og Togo og det sørvestlege Niger. Det viktigaste gurspråket er moore (mossi); andre er senufo og dagomba. Greenberg rekna også dogon som eit gurspråk.
  4. kwaspråk, som høyrer heime i kystområdet frå Liberia til det austlege Nigeria. Her finn vi mellom anna store språk som ewe, akan, yoruba, nupe, ibo, ijo, ga og akan. 
  5. Benue-Kongo-språk, som er den største greina i Niger-Kongo-familien. Greenberg delte desse språka i fire greiner:
    • Platå-språk, ei gruppe språk som blir tala på Jos-platået i det midtre Nigeria.
    • jukunoide språk, som omfattar jukun og nokre nærskylde språk i Nigeria og Kamerun.
    • Cross River-språk, ei gruppe språk i søraustlege Nigeria. Det største er efik-ibibio.
    • bantoide språk, som omfattar bantuspråka og nokre språk i grenseområda mellom Nigeria og Kamerun, mellom anna tiv og mambila. Bantuspråka omfattar rundt 250 språk som blir tala av om lag 160 millionar menneske. Av større bantuspråk kan nemnast bemba, ganda, kikuyu, kongo, lingala, luba, nyanjarundi, rwanda, shona, swahilitswanaxhosa og zulu.
  6. Adamawa-Ubangi-språk, som Greenberg kalla Adamawa-Eastern, blir tala i Nigeria, Kamerun. Tsjad, Den sentralafrikanske republikken, Gabon, Den demokratiske republikken Kongo og Sør-Sudan. Greenberg delte gruppa i to greiner, Adamawa-språk, med mellom anna chamba, mbum og mundang, og Ubangi-språk, med mellom anna gbaya, ngbandi, sango og zande.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.