Artikkelstart
Khoekhoe er eit språk som høyrer til språkfamilien sentral-khoisan. Nærmare 250 000 menneske har khoekhoe som førstespråk. Over 190 000 av dei bur i Namibia, kring 56 000 i Sør-Afrika og 1500 i Botswana.
Faktaboks
- Språkkoder
- naq (NAQ)
- ISO-639:3
- naq
Khoekhoe er eit av nasjonalspråka i Namibia, i tillegg til gciriku (diriku), engelsk, herero, kwangali, kwanyama, lozi, mbukushu, ndonga og tswana. Khoekhoe blir tilbode som skulefag, og ein kan studere det heilt opp til doktorgradsnivå ved University of Namibia. Det blir òg nytta i administrasjon og kringkasting.
Khoekhoe blir talt av tre etniske grupper, på khoekhoe Naman 'namaer' (eller ǀApakhoen 'raude folk'), Damaran 'damaraer' (eller ǂNūkhoen 'svarte folk') og Hai‖omin 'haiǁomar'. Alle kallar seg Khoekhoen. Språket heiter Khoekhoegowab. Namibia er oppkalla etter Namibørkenen, som heiter Namib på khoekhoe, medan landet heiter Namibia. Windhoek, hovudstaden i Namibia, heiter ǀAeǁgams 'varm kjelde' på khoekhoe.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.