Per Anders Buen Garnås, fødestad Bø i Telemark, norsk hardingfelespelemann, utdanna ved Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet. Buen Garnås er oppvaksen i ein folkemusikkfamilie og fatta tidleg interesse for felespel. Fyrste opplæringa fekk han i musikkskule ved Kjell Bitustøyl og Johannes Sundsvalen. Samtidig lærte han av onklane Knut Buen og Hauk Buen. Andre inspirasjonskjelder/læremeistrar har vore Eivind Mo, Einar Løndal og Olav K. Øyaland. Buen Garnås har vore ein ivrig kappleiksdeltakar og har ei rekkje framståande kappleiksprestasjonar bak seg, han har bl.a. vunne Landskappleiken to gonger, 2003 og 2010. Konkurransen Fanitullkåringa har han vunne heile fire gonger.

Det er telemarkstradisjonen Buen Garnås fører vidare, men han har òg tileigna seg slåttar frå Hallingdal, Valdres, Numedal og Hardanger. I 2002 debuterte han med soloplata Åleine, seinare har han delteke på fleire CD-plater, med gruppa Hått, med spelemannen Daniel Sandén Warg, i samarbeid mora Agnes Buen Garnås og med systera Ingvill Marit Buen Garnås. Med sistnemnde fekk han Folkelarmprisen 2010 i soloklassa for CD-en Salme segn og solbøn. Han har òg samarbeidd med brørne Odd og Åsmund Nordstoga.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.