Fele, den norske varianten av fiolin. Fela har fire strenger, og elles form som ein fiolin. Den har vore i bruk som folkemusikkinstrument sidan 1600-talet.
Fela er eit av dei mest utbreidde folkemusikkinstrumenta våre, mykje brukt som danseinstrument, men elles brukt til alle typar folkemusikk. Det er vanleg å dele folkemusikkkartet i to: eitt område for fele og eitt område for hardingfele.
Av høgt profilerte felespelemenn kan nemnast Fel-Jakup, Hilmar Alexandersen, Hans W. Brimi og i våre dagar Sven Nyhus og Gjermund Larsen.
Kommentarer
Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?
Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.
Du må være logget inn for å kommentere.