Faktaboks

Aasmund Nordstoga
Fødd
26. august 1964
Aasmund Nordstoga
Aasmund Nordstoga. Nordstoga er folkemusikar, bonde og underhaldar.
Av /Aasmund Nordstoga.

Aasmund Nordstoga er folkemusikar, bonde og underhaldar frå Vinje i Telemark. Nordstoga har utmerkt seg som ein allsidig kvedar og songar med eit vidt repertoar.

Bakgrunn

Aasmund Nordstoga er oppvaksen og bur på heimstaden Plassen i Vinje, der han driv garden. Han er ein framifrå folkemusikar og har vunne B-klassa i kveding på Landskappleiken fleire gonger.

Vinjestoga, staden der Aasmund Olavsson Vinje voks opp, ligg på garden til Nordstoga. Vinjestoga er ein del av Vest-Telemark Museum og blir formidla av Vinjesenteret.

I 2014 vart Aasmund Nordstoga kåra til Årets nynorskbrukar saman med broren Odd Nordstoga.

Musikken

Nordstoga debuterte i 1997 med albumutgjevinga Løynde eldars land – med tekstar av Tarjei Vesaas. Han bidrog òg på Livet er godt (1994), med tekstar av Aasmund Olavsson Vinje. Sidan har han gitt ut fleire album med norske og nordiske viser.

Han debuterte som soloartist med albumet Ein visefugg (2009). Albumet vart nominert til Spelemannsprisen i klassa for beste viseplate i 2009 og låg tolv veker på VG-lista. Songen Det er meg det samme hvor jeg havner når jeg dør vart snart allemannseige. På både denne plata og oppfølgjaren Friaren (2010, ti veker på VG-lista) finn vi folkeviser, revyviser, rallarviser og viser med skillingsvisepreg. Tolv dagar i jola (2011) er ei juleplate med juleviser frå Noreg og Sverige. Albumet Guten (2013) har tekstar av Aasmund Olavsson Vinje og kom ut som ein del av markeringa av Språkåret 2013. Juleplata Sæle jolekveld (2015) var eit samarbeid med Gunnhild Sundli fra Gåte.

Musikken til Aasmund Nordstoga er prega av det akustiske og jordnære – med friske, overraskande grep. Med ei stø røyst og med eit solid fundament i folkemusikken utvidar og utfordrar han tradisjonane ut i det burleske og underfundige.

Samarbeidsprosjekt

Nordstoga har òg vore med på musikkprosjekt i samarbeid med andre artistar, mellom anna Tryllefløyta – ein folkeopera (2005), med Wolfgang Amadeus Mozarts opera i folkemusikk-versjon, og konsertprogrammet Storegut (2008), som er bygd på tekstar av Aasmund Olavsson Vinje. Han har òg medverka på fleire album, blant anna Trispann (2004), saman med Åsmund Reistad og Linn Korssjøen, og Einseto (2016) med Tor Jonsson orkester.

Utgivingar

  • Ein visefugg (2009)
  • Friaren (2010)
  • Tolv dagar i jola (2011)
  • Guten (2013)
  • Sæle jolekveld (2015, saman med Gunnhild Sundli)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg