Artikkelstart
Øyonn Groven Myhren er ein norsk komponist, folkemusikar og kvedar, samt lyre- og seljefløytespelar. Ho har eit allsidig repertoar, med balladar som spesialitet.
Øyonn Groven Myhren er ein norsk komponist, folkemusikar og kvedar, samt lyre- og seljefløytespelar. Ho har eit allsidig repertoar, med balladar som spesialitet.
Øyonn Groven Myhren er fødd i Oslo. Ho lærte kveding først av mor si, Dagne Groven Myhren, og er dessutan barnebarn av Eivind Groven. Ho fekk seinare ein læremeister i Hagny Huso frå Vinje, som blei musikalsk «fadder» for henne i samband med tildelinga av Sagaprisen i 1996. Ho tok i 1998–2000 toårig kvedarutdanning ved Ole Bull Akademiet på Voss, og har i tillegg studert ved Riksteaterets elevskule, samt etnologi og folkloristikk ved Universitetet i Oslo.
Groven Myhren komponerer eigne melodiar og arrangement, og driv med teaterarbeid. I tillegg har ho turnert mykje, både som soloartist og saman med andre. Sentralt i repertoaret hennar står balladane, noko ein kan høyre på plata Gullveven. Mellomalderballadar (2008). I tingingsverket hennar til Telemarkfestivalen 2009, «Runartromma», sette ho ny musikk til tradisjonelt balladestoff. Som soloartist har ho òg gitt ut Akkedoria frå Kristiania (2003), ei plate med slåttetralling. I 2009 skreiv Groven Myhren det meditative bestillingsverket Runartromma til Telemarkfestivalen sitt 20-årsjubileum.
Groven Myhren har vore med i fleire grupper og prosjekt, mellom anna med mellomaldergruppa Aurora Borealis, som har gitt ut albumet Harpa (1997). Ho hadde òg ei sentral rolle på albumet Visor og kvæde frå Blåberglandet (1996), gitt ut av vokalgruppa Dvergmål, og på juleplata I jolo (1998), saman med spelemannen Alf Tveit og organisten Eilert Hægeland.
Saman med Odd Nordstoga hadde Groven Myhren stor suksess med bestillingsverket Nivelkinn. Verket er basert på Aslaug Vaa sin diktsyklus med same namn og vart skrive til Telemarkfestivalen i 2001. Albumet med same namn fekk Spellemannprisen i klassen for folkemusikk/gammaldans for 2002. Ho har òg arbeidd som skodespelar ved Det Norske Teatret, Riksteatret og Hordaland Teater. Hausten 2005 hadde ho ei sentral rolle i folkemusikkoperaen Tryllefløyta.
I tillegg til Spellemannprisen frå 2002 har Groven Myhren fått Sagaprisen og Norsk folkemusikkpris i 1996, samt vunne klassen for vokal folkemusikk med kveding på Landskappleiken både i 1997 og 1998.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.