Dommerne i Høyesterett 2020
Høgsteretts hus i Oslo, oppført i 1903, arkitekt Hans Jacob Sparre. Les meir om Hans Jacob Sparre i Norsk kunstnerleksikon
Høgsterett vert leia av ein justitiarius. Tore Schei var høgsterettsjustitiarius i perioden 2002–2016.
.
Høgsterett

Høgsterett under ei rettssak i 2002. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve i 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Høgsterett
Advokat Ingvald Falch i Høgsterett i januar 2013.
Høgsterett
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Høgsterett i 200 år

1814

Høgsterett vart skriven inn i Grunnloven.

1815

Høgsterett avsa fyrste dom.

1864

Høgsterett sine vota vert offentlege.

1866

Høgsterett prøvde lov mot Grunnlov etter amerikansk førebilete.

1885

Høgsterettsdommarar vert utnemnt på same vis som andre embetsmenn.

1887

Kjæremålsutvalet for straffesaker vart oppretta.

1905

Høgsterett vart delt i to avdelingar.

1915

Tvistemålslova etablerte siling av sivile saker.

1918

Den store konsesjonssaka innleia ein lengre periode med ein lite intensivt nytta prøvingsrett.

1926

Plenumslova etablerte ei ordning med at særs vanskelege saker skulle avgjerast av alle høgsterettsdommarane samla.

1976

Kløfta-dommen revitaliserte prøvingsretten.

1993

Straffeprosesslova etablerte nytt silingsregime, verksam frå 1995.

2000

Høgsterett prøver lov mot Dei europeiske menneskerettane for fyrste gong.

2002

Tilsetjingsrådet for dommarar vert etablert.

2004

Høgsterett prøver lov mot EØS-rett for fyrste gong.

2005

Tvistelova mefører at kjæremålsutvalet blir til ankeutvalet og ordning med storkammer innføres.

2014

Prøvingsretten vert skriven inn i Gunnlova.

2015

Høgsterett feirer 200-årsjubileum.

Høgsterett er den øvste domstolen i Noreg. Det er ein allmenn domstol med 19 dommarar og éin justitiarius, Toril Marie Øie, som er domstolen sin øvste leiar. Domstolen held til i Høgsteretts hus på Høgsteretts plass 1 i Oslo, og vert rekna som éi av dei tre statsmaktene i Noreg. Domstolen avgjer årleg noko over 100 saker og om lag 1000 prosessuelle spørsmål.

Faktaboks

Også kjend som

Høyesterett

Rettssystemet i Noreg har tre domstolsnivå: tingretten, lagmannsretten og Høgsterett. Høgsterett dømer i siste instans. Berre eit fåtal saker kjem opp i Høgsterett. Når ei sak vert anka til Høgsterett, skjer det ei «siling» i Høgsteretts ankeutval, som berre slepp gjennom dei viktigaste og prinsipielle sakene.

Høgsterett er ein allmenn domstol og kan ta opp sivile saker, straffesaker, forvaltningssaker og grunnlovssaker. Dette gjev Høgsterett i Noreg ein vidare kompetanse enn dei øvste domstolane i mange andre land.

Hovudoppgåvene til Høgsterett er rettseinskap (rettsenhet), rettsavklaring og rettsutvikling. Rettseinskap tyder at avgjerder i Høgsterett er retningsgjevande for alle domstolane på lågare nivå. Rettsavklaring vil seie at Høgsterett har som oppgåve å klargjera kva som er gjeldande rett på område der det hittil har vore uklart. Høgsteretts oppgåve når det gjeld rettsutvikling er å utvikle ny rett der det ikkje fins rettskjelder.

Høgsterett inngår som ei av dei tre statsmaktene. Høgsterett kontrollerer at Stortinget og regjeringa held seg innanfor dei spelereglane som følgjer lov og grunnlov, og denne kontrollfunksjonen vert kalla prøvingsrett.

Til vanleg er det fem dommarar som dømer i ei sak i Høgsterett. Då dømer Høgsterett i avdeling. Ved særskilt viktige saker møter Høgsterett i storkammer, som vil seie at fleirtalet (11 dommarar) møter. Høgsterett kan og møtast i plenum (alle dommarane).

Høgsterett vart skriven inn i Grunnlova i 1814, og domstolen avsa den fyrste dommen i 1815. I løpet av den 200 år lange historia har Høgsterett si rolle utvikla seg.

Høgsterett dømer i siste instans

Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 vedtok 11. mai samstemmig i Grunnlova at Noreg skulle ha ein Høgsterett som skulle «dømme i sidste Instans» Dette har særleg to konsekvensar.

For det fyrste at sivile rettstvistar og straffesaker som fyrst har vore anka frå tingretten og lagmannsretten, vert endeleg avgjorde i Høgsterett sjølv om ei sak byr på mykje tvil og det er fleire løysingar som er mogeleg. Avgjerder kan ikkje ankast vidare i det norske rettssystemet. Dette er eit utslag av den grunnleggjande oppgåva til domstolane med å skapa ro og fred i samfunnet gjennom å løysa konfliktar.

For det andre at det er Høgsterett som domstol, og ikkje den lovgjevande eller den utøvande makta, som skal løysa konfliktar. Dette er eit grunnleggjande utslag av maktfordelingsprinsippet, formulert av Charles Montesquieu i hans verk L’esprit des lois (norsk: Om lovenes ånd) frå 1748, slik ein forstod det på Eidsvoll i 1814.

Denne sentrale grunnlovsregelen om Høgsterett stod som § 89 i Grunnlova som vart underteikna på Eidsvoll i mai 1814, men vart flytta til § 88 i novembergrunnlova av 4. november. Etter det har regelen vorte revidert ved fleire høve, men det grunnleggjande prinsippet om at Høgsterett dømer i siste instans står fast.

Høgsterett som statsmakt

Etter Montesquieu sitt maktfordelingsprinsipp er domstolane ei statsmakt. I Grunnlova har den dømmande makt eit eige kapittel (kapittel D) på same viset som dei to andre statsmaktene, som er Kongen som utøvande makt og Stortinget som lovgjevande makt. Grunnlova seier likevel ikkje noko om kva rolle Høgsterett skal spela som statsmakt. Det har Høgsterett kome til å definera sjølv. Spesielt dreier det seg om dei to omgrepa prejudikat og om prøvingsrett.

Eit prejudikat er ei rettsavgjerd som vert bindande for seinare avgjerder. Rolla som prejudikatdomstol vart utvikla tidleg i Høgsteretts historie. Alt frå det vart sett rett i Høgsterett fyrste gong 30. juni 1815 vart det i domstolen ført eit prejudikatsarkiv, ei oversikt over tidlegare avgjerder, slik at nye og tilsvarande saker skal få same avgjerda. Det at Høgsterett sjølv såg på sine avgjerder som prejudikat, gjorde at dette vart vanleg i heile det norske rettssystemet. Slik vart Høgsterett ein produsent av rett, og ikkje berre ein brukar av rett.

Høgsterett kontrollerer at dei to andre statsmaktene held seg innanfor desse spelereglane ved å prøve om nye lover og forvaltningsvedtak følgjer lov og grunnlov. Dette vert kalla prøvingsrett. Prøvingsretten omfattar i dag òg internasjonalt produserte rettskjelder som Stortinget gjennom traktatar har forplikta seg til å følgja. Dette gjeld særleg EU-retten og Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Prøvingsretten vart etablert tidleg. Alt i 1818 prøvde Høgsterett eit forvaltningsvedtak, og i 1822 prøvde Høgsterett lov mot Grunnlova. Frå 1866 vart prøvingsretten utøvd på bakgrunn av eit teoretisk grunnlag om maktfordeling og -balanse. Høgsterett var på 1800-talet den øvste domstolen i Europa som mest aktivt og synleg utøvde ein slik prøvingsrett, og det på ein måte som ein elles berre kjenner frå USA. I løpet av 1900-talet vart ein slik prøvingsrett i Europa lagd til særlege konstitusjonsdomstolar i mange land, men særleg i Norden vert prøvingsretten utøvd av dei øvste domstolane slik som i Noreg. Frå Den store konsesjonssaka i 1918 nytta Høgsterett retten til å prøva lov mot Grunnlov varsamt. Men gjennom Kløfta-dommen frå 1976 og Borthen-dommen frå 1996, som gjaldt reduksjon av pensjonsrettar, vart prøvingsretten revitalisert.

Den neste store utvidinga av prøvingsrett skjedde med at Høgsterett prøvde lov mot Dei europeiske menneskerettane. Dei vart utvikla i regi av Europarådet, underteikna av Noreg i 1950, og kom i kraft som ein del av norsk rett tre år seinare. Likevel var det fyrst, etter ei langsam utvikling, at Høgsterett med Böhler-dommen i 2000 sette norsk lov til side fordi den var i strid med Dei europeiske menneskerettane.

Siste utvidinga av prøvingsretten kom etter at traktaten om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) kom i kraft i 1994. Ti år seinare, i 2004, prøvde Høgsterett for fyrste gong norsk lov mot EØS-lov i Dental Depot-dommen, og Høgsterett tolka då norsk erstatningsrett for at den skulle stemma overeins med EF-retten.

Katalogen over rettar etter Grunnlova av 1814 er utvida ved grunnlovsrevisjonen i mai 2014. Ikkje minst gjennom at sentrale menneskerettar vart gjorde til ein del av Grunnlova, og at grunnlovsvern utvikla gjennom rettspraksis kom eksplisitt til uttrykk. Grunnlovsrevisjonen har dermed òg gjort at Høgsterett sin prøvingsrett er vorten sterkt utvida.

Høgsterett som politisk organ

Sjølv om det ikkje var eit tema på Eidsvoll i 1814, utvikla Høgsterett seg som nemnt ganske raskt til ein prejudikatsdomstol med prøvingsrett. Det gjorde at Høgsterett vart eit politisk organ, det vil seia eit organ som tok avgjerder med samfunnspolitiske konsekvensar. Men det har variert stort i kva grad Høgsterett har vore eit profilert politisk organ. Generelt kan ein seia at Høgsterett var eit tydeleg politisk organ fram til Den store konsesjonssaka i 1918, der domstolen tok stilling til om heimfallsretten for vasskraftutbygging var i strid med vernet om eigedomsrett etter Grunnlova. So kjem ein periode der Høgsterett er mindre tydeleg fram til Kløfta-saka i 1976, som gjaldt kva omsyn ein skulle ta ved utmåling av erstatning ved ekspropriasjon, og etter ein mellomperiode eit profilert politisk organ frå Böhler-saka i 2000 som gjaldt korleis ein kunne ileggja tilleggsskatt.

Formuleringa av hovudoppgåvene for Høgsterett viser at domstolen er eit politisk organ. Frå 1994 har desse hovudoppgåvene vore rettseinskap, rettsavklaring og rettsutvikling. Særleg rettsutvikling viser at Høgsterett spelar ei samfunnspolitisk rolle i Noreg.

Høgsterett som allmenn domstol

Når Høgsterett kunne utvikla ein prøvingsrett, var det mellom anna fordi Grunnlova ikkje slår fast kva typer saker Høgsterett kan handsama. Ut av det har ein utleidd at Høgsterett er ein allmenn domstol, som vil seia at den kan handsama sivile saker, straffesaker, forvaltningssaker og grunnlovssaker. Men det finst likevel nokre avgrensingar i kompetansen til Høgsterett.

I straffesaker kan ikkje Høgsterett prøva skuldspørsmålet, berre straffeutmålinga. I forvaltningssaker kan Høgsterett berre avgjera om eit vedtak er feil, ikkje korleis det burde vera. I staden må forvaltninga sjølv treffa eit nytt vedtak, som så igjen kan prøvast for Høgsterett. Saker for Arbeidsretten kan ikkje koma opp i Høgsterett. I grunnlovssaker kan Høgsterett avgjera at Grunnlova går føre ei lov, men den kan ikkje erklæra lova for grunnlovsstridig. I staden må Stortinget sjølv justera eller oppheva ei lov som Høgsterett har funne strid mot Grunnlova, eller endra sjølve Grunnlova.

Trass desse avgrensingane, har norsk Høgsterett ein svært vid kompetanse. Noko tilsvarande finst berre i land som England, Danmark og Island. Det vanlege i nesten heile Europa er at ein har eigne domstolar for sivile saker og straffesaker, og eigne domstolar for forvaltningssaker. I mange land har ein òg eigne konstitusjonsdomstolar som handsamar grunnlovsspørsmål.

Høgsteretts ankeutval

Høgsterett avgjer sjølv kva anker domstolen skal avgjera gjennom ein silingsprosess. Det vil seia at alle ankar vert vurderte, men at berre nokre ankar vert fremja til full handsaming av domstolen. Eit eige ankeutval vurderer om ei sak er viktig nok til å koma opp i Høgsterett. I ankeutvalet sit tre høgsterettsdommarar, og vervet går på omgang. Ankeutvalet tek stilling både til prosessuelle og materielle spørsmål. Det prosessuelle dreier seg om korleis det rettslege spørsmålet skal avgjerast, medan det materielle gjeld sjølve det rettslege spørsmålet.

Når ankeutvalet avgjer prosessuelle spørsmål, kan utvalet avvisa anken, slik at avgjerda i lagmannsretten vert ståande. Det er ei sokalla negativ avgjerd, og er det vanlege. Utvalet kan i staden sjølv avgjera korleis det prosessuelle spørsmålet skal løysast. Det er ei sokalla positiv avgjerd.

Ankeutvalet avgjer òg dei fleste materielle spørsmåla som vert anka til Høgsterett. Det skjer hovudsakleg gjennom ei negativ avgjerd. Det vil seia at ankeutvalet nektar å fremja anken, og dermed vert dommen frå lagmannsretten ståande. Ankeutvalet kan òg velja å skriva ei grunngjeving for avvisinga, slik at avgjerda meir får preg av ei positiv avgjerd. Sidan 2012 har ankeutvalet òg hatt kompetanse til å avgjera ei materiell ankesak gjennom å oppheva dommen frå lagmannsretten og senda den tilbake til ny handsaming.

Saker vert framleis avgjorde i ankeutvalet av tre dommarar. Men det normale i dag er at det til ei kvar tid sit fem dommarar i utvalet, men at det berre er tre som handsamar den einskilde saka. Det er alltid éin dommar som ser på saka fyrst og som har hovudansvaret for den. Dersom saka vert fremja for Høgsterett, er vedkomande førebuande dommar for saka.

Sakshandsaminga for ankeutvalet er skriftleg. Det vil seia at dommarane les saksdokument og ikkje høyrer på partane sine påstandar i ei munnleg rettsforhandling. Og det vil seia at dommarane skriv sine merknader til ei sak, og sender dei rundt til dei andre dommarane for gjennomlesing og kommentering.

Ankesaker i prosessuelle spørsmål vert avgjorde i ankeutvalet med stemmefleirtal. Men for at ei ankesak over eit materielt spørsmål skal fremjast for Høgsterett, er det nok at berre éin av dei tre dommarane ønskjer det.

At ankeutvalet handsamar silinga er av ganske ny dato, og det er ei vidareføring av kjæremålsutvalet. Opphaveleg vart ankespørsmål handsama av alle høgsterettsdommarane samla. Frå 1887 vart denne prosessen effektivisert for straffesaker gjennom at silingsspørsmålet vart sett bort til ein eigen domstol kalla kjæremålsutvalet. Med tvistemålslova av 1915 vart siling av sivile saker sett bort til same domstolen. Sjølv om kjæremålsutvalet var ein eigen domstol, var det tre høgsterettsdommarar som avgjorde silingsspørsmålet.

Kjæremålsutvalet si oppgåve var ikkje berre å sila ankesaker, men òg å avgjera prosessuelle spørsmål. Slike spørsmål vart kalla kjæremål, og det var dei som gav namn til domstolen. Slike spørsmål må ha ei rask handsaming slik at saka eventuelt kan halda fram i ein lågare domstol.

Med tvistelova av 2005 vart alle saker, både dei som gjeld materiell rett og dei som gjeld prosessuelle spørsmål, kalla ankesaker. Kjæremålsutvalet endra dermed namn til ankeutvalet. Samstundes oppheva ein òg utvalet sin status som eigen domstol, og det vart ein del av Høgsterett.

Høgsterett sin silingsrett

Høgsterett kan sila og velja kva saker domstolen skal handsama.

Opphaveleg hadde ein rett til å anka si sak til Høgsterett. Men Høgsterett kunne nekta å fremja saka, som vil seia å avvisa den, dersom den var av mindre verdi eller rettsleg opplagd. I 1958 fekk Høgsterett høve til å nekta å fremja sivile saker dersom dei heller ikkje var av prinsipiell interesse. Dette var meint som ein spesiell unnataksregel, men særleg på 1980-talet vart den meir og meir brukt som ein hovudregel.

Med endringar i straffeprosesslova i 1993 vart det innført eit nytt silingsregime for straffesaker. Hovudprinsippet vart no at ein ikkje har rett til å anka si sak til Høgsterett, men at ein kan få samtykkja til at ei sak skal fremjast. Kriteriet for om ein anke skulle takast til fylgje eller ikkje, var om det å handsama saka var viktig for utviklinga av retten og ikkje berre for resultatet av saka. Endringa vart verksam frå 1995. Ganske med det same byrja ein å praktisera same regelen for sivile saker. Formelt vart eit nytt silingsregime for sivile saker fyrst vedtatt med tvistelova av 2005.

Dette gjorde at Høgsterett sjølv kan velja kva saker domstolen skal handsama. Dette er omlag like sjeldan i ein europeisk samanheng som at ein domstol har allmenn kompetanse. Silingsretten saman med prøvingsretten og den allmenne kompetansen er òg det som gjer Høgsterett til ei reell, og ikkje berre ei formell, statsmakt.

Utgreiarane i Høgsterett

I Høgsterett er det tilsett eit tjuetals utgreiarar. Deira rolle er å førebu saker og vera til hjelp under domsskrivinga.

Opphaveleg var det høgsterettsdommarane sjølve som undersøkte alle sider ved både dei prosessuelle og materielle sakene som kom inn til domstolen. Og lenge var det slik at domstolen berre hadde éin utgreiar som kunne vera dommarane til hjelp i arbeidet. Men på grunn av store restansar, vart talet på utgreiarar utvida frå 1980-talet av, og særleg på 1990-talet. Deira oppgåve var å greia ut alle sider ved innkomne saker, og laga eigne notat som følgde saka. Desse utgreiingane har vorte viktigare og viktigare for den vidare sakshandsaminga, samstundes som talet på utgreiarar har vakse. Men ei ordning med at utgreiarane skulle følgja saka og vera til hjelp under domsskrivinga, vart avvist unisont av høgsterettsdommarane i 1997 etter å ha prøvd ordninga ut i eitt einskilt tilfelle.

I 2015, då det var 200 år sidan fyrste retten vart sett i Høgsterett, vart talet på utgreiarar for fyrste gong høgare enn talet på dommarar. Samstundes vart det innført ei ordning med at utgreiarane skulle følgja saka, òg under domsskrivinga. Dette for å letta dommarane si arbeidsbyrde.

Høgsterett i avdeling

Høgsterett i avdeling
I 2004 vart Høgsterett for fyrste gong satt i avdeling med berre kvinnelege dommarar. Nærast sit Karin Maria Bruzelius, deretter frå venstre Karen-Anne Gussgard, Liv Gjølstad, Kirsti Coward og Toril Marie Øie.

Fyrste kvinnelege dommar var Lilly Bølviken i 1968, utetter på 2000-talet utgjorde kvinner meir enn 1/3 av dommarkorpset.

Høgsterett i avdeling
Av /SCANPIX.

Om ankeutvalet har vurdert prosessuelle eller materielle spørsmål som viktige nok, vert sakene vist vidare til Høgsterett. Der vert dei handsama i éi av dei to avdelingane.

Det sit fem dommarar i kvar avdeling i Høgsterett. Det er direktøren i Høgsterett som set opp eit forslag til kva fem dommarar som til ei kvar tid skal sitja i kvar av dei to avdelingane, kva fem dommarar som skal sitja i Ankeutvalet, og kva fem dommarar som skal ha kontorveke, vera i studiepermisjon, eller ha andre gjeremål. Grunnprinsippa for oppsettet er rotasjon og ansiennitet, slik at det ikkje skal vera mogeleg å påverka kva dommar som avgjer kva saker. Det er høgsterettsjustitiarius som godkjenner direktøren sitt oppsett.

Ei sak som vert fremja for Høgsterett i avdeling etter silingsprosessen i ankeutvalet, vert handsama munnleg. Det vil seia at det vert halde munnlege forhandlingar i éin av Høgsterett sine to rettssalar i Høgsteretts hus. Det er den førebuande dommaren som avgjer kor lenge forhandlingane skal vara, og det kan vera alt frå nokre timar til fleire dagar.

Dei munnlege forhandlingane vert leidde av retten sin formann, som er justitiarius eller den dommaren med lengst ansiennitet av dei fem dommarane i avdelinga. Etter forhandlingane rådslår dommarane bak lukka dører. Det er rettsformannen som innleier rådslåinga med å gjennomgå saka og dei rettslege argumenta, og gjer greie for si meining. Deretter får dommarane ordet etter ansiennitet. Det kan gå fleire rundar med meiningsytringar, men det skjer alltid etter ansiennitet, slik at det er ingen open diskusjon.

Etter rådslåinga skal fyrste voterande skriva dom. Kven som skal skriva dom går på rundgang, og oppgåva fell på den mellom dei fem dommarane i avdeling som det er lengst sidan skreiv ein dom sist.

Det er ikkje alltid at dommarane er samde om korleis ei sak skal løysast. Dei som er usamde med fleirtalet, dissenterer. Dette er tilfellet i omlag 20 prosent av alle saker. Er det berre éin dissenterande dommar, må vedkomande sjølv skriva sitt votum. Er det to dissenterande dommarar, må rettsformannen peika ut den som skal skriva votum som andrevoterande.

Det hender òg at dommarar er samde i konklusjonen, men ønskjer å ha med tillegg eller presiseringar i dommar som fleirtalet avviser. I så fall må vedkomande skriva eit særvotum til dommen.

Når alle vota er skrivne, vert det votert over dommen, den vert korrekturlest og gjort offentleg kjend. Opphaveleg var det berre Høgsterett sin konklusjon som vart kjend. Men frå 1864 har både dommarane sine resonnement og konklusjon vorte publiserte. Dette er svært uvanleg i europeisk samanheng. Det er fyrst og fremst dei øvste domstolane i Norden og på Dei britiske øyane som publiserer både resonnement og konklusjon. Det er òg vanleg at konstitusjonsdomstolar gjer dette, men dei har ei langt snevrare og meir politiske rolle enn øvste domstolar som Høgsterett.

Den Høgsterett som vart oppretta med Grunnlova av 1814 hadde ikkje fleire avdelingar, men dømde samla, som vil seia i plenum, i alle saker uavhengig av om dei gjaldt prosessuelle eller materielle spørsmål, og om dei var enkle eller vanskelege. Dette førte til stor saksopphoping, det ein kallar restanse. Dette var bakgrunnen for at ein oppretta Kjæremålsutvalet for straffesaker i 1887, og utvida arbeidsfeltet til òg å gjelda sivile saker i 1915. Ei anna løysing på restanseproblemet var å dela Høgsterett opp i to avdelingar i 1905. Ordninga var meint å vera førebels, og skulle opphevast innan nokre år når restansane til Høgsterett var borte. Ordninga med to avdelingar i Høgsterett er framleis førebels, men den har no stått ved lag i over 100 år.

Høgsterett i storkammer og plenum

Det at Høgsterett vart delt i to roterande avdelingar i 1905, skapte to utfordringar. For det fyrste at kvar av avdelingane kunne koma til å vurdera tilsvarande rettsspørsmål ulikt i heller like saker. For det andre at store og viktige saker kunne verte avgjorde av berre fem dommarar, i einskilde tilfelle med eit fleirtal på berre tre dommarar, som ikkje representerte fleirtalssynet i domstolen. For å bøta på desse utfordringane, vart det med plenumslova i 1926 avgjort at alle høgsterettsdommarane skulle delta i saker som gjaldt uklare rettsspørsmål, der Høgsterett kunne koma til å fråvika ei tidlegare avgjerd, eller der det var tale om å prøva lov mot Grunnlova.

Med tvistelova av 2005 vart det innført ei mellomordning mellom avdeling og plenum, kalla storkammer. I storkammer vert ei sak avgjord av 11 dommarar, som vil seia eit fleirtal av Høgsterett sine 20 dommarar. Medan kven som skal sitja i Høgsterett i avdeling går etter eit strengt system, og kven som skal sitja i Høgsterett i plenum seier seg sjølv, så vert dommarane som skal sitja i storkammer trekt ut ved loddtrekning.

I praksis er det i dag slik at saker der norsk lov, rettspraksis og rettsforståing skal prøvast mot internasjonalt produserte rettskjelder som særleg Den europeiske menneskerettskonvensjonen og EØS-retten, vert ført for Høgsterett i storkammer. Saker der norsk lov skal prøvast mot Grunnlova, eller Høgsterett vurderer å fråvika eigen praksis, vert førte for Høgsterett i plenum.

Tilsetjinga av høgsterettsdommarar

Ledig stilling som dommar i Høgsterett vert utlyst offentleg. Det er eit uavhengig innstillingsutval som intervjuar søkjarane og innstiller nye dommarar etter ei eiga prosedyre. Nye dommarar vert så utnemnde av Kongen i statsråd.

Høgsterettsdommarar vart opphaveleg tilsette etter ein særeigen tilsetjingsprosedyre der aktuelle kandidatar måtte prøvevotera i tre saker. Deretter innstilte høgsterettsdommarane på kven som var best skikka, som så vart utnemnd av Kongen. Frå 1885 var det regjeringa i statsråd som utnemnde høgsterettsdommarar på lik linje med andre embetsmenn.

Høgsterett skulle etter 1885 framleis gje råd om kvalifikasjonane til dei aktuelle kandidatane, men dette ser ikkje ut til å ha vorte ein festna praksis. Frå 1970 gav høgsterettsjustitiarius igjen eit råd til justisministeren før utnemning av nye dommarar, etter å ha konsultert det samla dommarkorpset. Frå 1990 vart det oppretta ei ordning med eit eige innstillingsråd for dommarar, som òg omfatta høgsterettsdommarar. Frå 2002 har ein fått eit heilt uavhengig innstillingsråd for dommarar. Høgsterett har heile tida halde fram med å gje eit råd til justisministeren. I 2010 vart dette rådet for fyrste gong offentleggjort etter samtykke frå justisministeren.

Tilsetjinga av høgsterettsjustitiarius låg til kongen, seinare til regjeringa i statsråd. Dette har ikkje vorte endra på same vis som prosedyren for dommarutnemningar. Men ved tilsetjinga av ny justitiarius i 2015, 200 år etter at det vart sett rett i Høgsterett for fyrste gong, var det sett ned eit utval sett saman av leiaren for innstillingsrådet for dommarar, leiaren for Advokatforeningen, og departementsråden i Justis- og beredskapsdepartementet. Den auka formaliseringa og offentleggjeringa knytt til utnemninga av høgsterettsdommarar og høgsterettsjustitiarius understrekar Høgsterett si sterke stilling som statsmakt i Noreg.

Høgsterettsjustitiariar

Johan Randulf Bull
Johan Randulf Bull, Norges første høgsterettsjustitiarius.
Av /Riksantikvaren.
Paal Berg
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0
År Høgsterettsjustitiarius
1814–1827 Johan Randulf Bull
1827–1830 Christian Magnus Falsen
1831–1835 Jørgen Mandix
1836–1854 Georg Jacob Bull
1855–1873 Peder Carl Lasson
1874–1877 Hans Gerhard C. Meldahl
1878–1886 Iver Steen Thomle
1887–1900 Morten Lambrechts
1900–1908 Einar Løchen
1909–1920 Karenus Kristofer Thinn
1920–1929 Herman Scheel
1929–1946 Paal Olav Berg
1946–1952 Emil Stang
1952–1958 Sverre Grette
1958–1969 Terje Wold
1969–1984 Rolv Ryssdal
1984–1991 Erling Sandene
1991–2002 Carsten Smith
2002–2016 Tore Schei
2016– Toril Marie Øie

Høgsterettsdommarar 1. februar 2019

Navn Tiltrådt
Toril Marie Øie (justitiarius) 2004 (justitiarius frå 2016)
Magnus Matningsdal 1997
Clement Endresen 2006
Hilde Indreberg 2007
Erik Møse 2009
Bergljot Webster 2009
Wilhelm Eger Matheson 2009
Aage Thor Falkanger 2010 (permisjon 2014-2020)
Kristin Normann 2010
Ragnhild Noer 2010
Henrik Bull 2011
Knut Herbrand Kallerud 2011
Per Erik Bergsjø 2012
Arne Ringnes 2014
Wenche Elizabeth Arntzen 2014
Ingvald Falch 2015
Espen Bergh 2016
Cecilie Østensen Berglund 2017
Borgar Høgetveit Berg 2017
Erik Thyness 2019
Kine Elisabeth Steinsvik 2019
Knut Erik Sæther 2021

Høgsterett i Danmark og Sverige

Om dei øvste domstolane i Danmark og Sverige, les Højesteret (Danmark) og Högsta domstolen og Högsta förvaltningsdomstolen (Sverige).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hallager, Guthorm: Norges høiesteret 1815–1915 (to bind utgitt i 1915 og 1916).
  • Langeland, Nils Rune & Erling Sandmo: Siste ord: Høgsterett i norsk historie 1814-1965 (2005), to bind.
  • Sunde, Jørn Øyrehagen (2015) Høgsteretts historie 1965–2015 – At dømme i sidste Instans. Fagbokforlaget.

Kommentarar (4)

skreiv David Olsen

Jeg syns artikkelen er fin, men kunne det faktisk være en idé om man skrev noe mer om hvordan domstolene er organisert også i andre land?

svarte Jon Gisle

God idè, som jeg skal tenke på. Det måtte vel bli i en annen artikkel, f.eks. en artikkel "domstol" som favner lenger enn Norge. En annen ting er at man kunne ha informasjon om høyesterettene i andre land her.

skreiv Amund C. Medhus

200-årsjubileum er skrevet feil i boksen "Høgsterett i 200 år". (Jeg klarte ikke å sende inn endringsforslag i boksen). Kilde: https://ordbokene.no/nn/31921

svarte Jon Gisle

Takk for at du så dette! Jeg har rettet det opp. Mvh Jon Gisle

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg