Artikkelstart
Terje Wold var ein norsk jurist og politikar frå Arbeidarpartiet (Ap).
Terje Wold var ein norsk jurist og politikar frå Arbeidarpartiet (Ap).
Han utdanna seg som cand. jur. i 1921, vart høgsterettsadvokat i 1931, og lagdommar i Hålogaland i 1936. Han vart utnemnd til høgsterettsdommar i 1945, men tiltredde først etter stortingsvalet i 1949. Frå 1958 til 1969 var han høgsterettsjustitiarius.
Wold var ordførar i Vadsø i 1928 og i åra 1935–1936. Som justisminister i Johan Nygaardsvolds regjering (Londonregjeringa) under andre verdskrigen spela Wold ei sentral rolle ved å skape det juridiske grunnlaget for norsk kontroll av handelsflåten og ved å etablere det lovmessige grunnlaget for norsk administrasjon medan regjeringa Nygaardsvold var i eksil.
Han hadde mellom anna òg eit hovudansvar for å førebu landssvikoppgjeret etter krigen og var med i planlegginga av kva som skulle skje etter frigjeringa. Han var sterkt engasjert i frigjeringa av Nord-Noreg og var den første frå regjeringa som besøkte dei frigjorde områda i november 1944.
Wold var stortingsmann frå Finnmark i perioden 1945–1949 og formann i Utanriks- og konstitusjonskomiteen. Han var delegat til FNs generalforsamlingar i perioden 1945–1949, medlem av den norske delegasjonen ved fredskonferansen i Paris i 1946 og av krigsforbrytarkommisjonen i London i åra 1945–1946.
Wold var også dommar ved Den europeiske menneskerettsdomstolen frå 1959 til 1972. I 1951–1958 leidde han Forvaltningskomiteen, som la grunnlaget for ombodsmannslova av 1962 og forvaltningslova av 1967. Den første sikra enkeltindividet sterkare vern, og den andre opna for ein meir open offentleg sektor. Han sat i Europarørsla sitt norske råd i perioden 1956–1965.
Kommentarer (1)
skrev Vidar Eng
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.