Byglandsfjord

Artikkelstart

Byglandsfjord er ein tettstad i Bygland kommune i Agder. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 342 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Innbyggertall
342 (SSB, 2021)
Landareal
0,5 km²
Tettstedsnummer
3612 Byglandsfjord

Byglandsfjord ligg ved sørenden av innsjøen Byglandsfjorden.

Byglandsfjord voks opp som tettstad etter opninga av Setesdalsbanen frå Kristiansand i 1896; herfrå var det dampbåtsamband vidare nordover på Byglandsfjorden. Banen vart nedlagd i 1962.

Gjennom tettstaden går riksveg 9 Kristiansand–Haukeligrend. Tettstaden har sagbruk og mykje turisttrafikk, og dessutan eit turisthotell.

Kart

Byglandsfjord
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg