øy i Austevoll kommune, Hordaland, sør for Krossfjorden; 10,7 km2 med 667 innbyggjarar (2015, inkludert naboøya i nordvest, Navøya). Nakne knauser og myrlende vekslar; strendene er sterkt innskårne. Høgste punkt er Kongsvarden i søraust (76 moh.). Tettast busetnad på dei sentrale og søraustre stroka av øya. Fiskeoppdrett. Hundvåko er knytt saman med Storekalsøy i nord via Bakkasundsbrua som vart opna 1999, og Huftarøy i sør med Austevollsbrua, opna 2007.

Øya har ein av dei to maritime barnehagane i Austevoll kommune; denne har blant anna eigen båt og saltvassakvarium.

Navnet kommer av norrønt Hundvaka, se Hundvåg.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.